Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Evenkia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Evenkia
Эвенкийский автономный округ
sjølvstyrt område
Flagg
Symbol
Land  Russland
Del av Den sibirske føderasjonskrets
Hovudstad Tura
Areal 767 600 km²
Folketal 9 460 (1939)
Kart
Evenkia
64°N 100°E / 64°N 100°E / 64; 100
Evenkia på kartet over Russland i 2005.
Evenkia på kartet over Russland i 2005.
Evenkia på kartet over Russland i 2005.
Wikimedia Commons: Evenkia

Evenkia[a] var eit sjølvstyrt distrikt (okrug) i Russland fram til 1. januar 2007. Evenkia var del av Krasnojarsk kraj, men samstundes eit av dei 88 føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden var Tura, arealet var 767 600 km² og innbyggjartalet var 17 300 (2006). Frå 1. januar 2007 er Evenkia ein vanleg rajon (kommune) i Krasnojarsk kraj. Folketalet i 2010 var gått ned til 16 300.[2]

Evenkia er det minst tettbygde området i Russland og er mindre tettbygd enn Grønland. På eit område om lag like stort som Noreg og Sverige til saman bur det om lag like mange menneske som på Stord. Evenkia ligg i den sentrale delen av den sibirske vidda. Det høgaste punktet er fjellet Kamen (1701 moh.). Store område i nord har permafrost, men om lag 80 % av området er taiga. Middeltemperaturen i januar er –34 grader celsius, i juli +15 grader celsius.

Reindrift er ein utbreidd leveveg. Ein håpar å utvikla oljeverksemd og turisme.

Jernbane eller vegar finst praktisk talt ikkje. Kommunikasjonsmiddel er hovudsakleg elvebåt, fly eller reinsdyr.

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]

Folketalet i 2002 var på 17 697. Av desse var det (i folketeljinga frå 2002) representantar frå 67 etniske grupper, m.a. 10 958 russarar (62 %), 3 802 evenkar (21,5 %), 991 jakutar (5,6 %), 550 ukrainarar (3,1 %), 211 ketar (1,2 %), 162 tatarar (0,91 %), 152 khakassar (0,86 %), 127 volgatyskarar (0,72 %) og så vidare.

Som andre autonome okrugar var Evenkia bygd opp rundt ein minoritet, i dette tilfelle evenkane, som snakkar evenkisk, eit tungusisk språk.

Evenkia har vore del av Russland sidan 1600-talet. Både i tsar-tida og sovjet-tida var det fangeleirar for politiske fangar her. Den 30. juni 1908 var Evenkia åstad for ein av dei største naturlege eksplosjonane på jorda i moderne tid. Eit område på over 3000 km² med skog vart lagt flatt etter ein eksplosjon på mellom 10 og 15 megatonn, forårsaka av ein meteoritt. Området er så aude at den første ekspedisjonen ikkje nådde fram til eksplosjonsstaden før i 1927.

Det autonome området vart oppretta i 1930. Etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 vart Evenkia eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen, men òg framleis del av Krasnojarsk kraj. 17. april 2005 vart det vedtatt i ei folkerøysting at Evenkia, saman med Tajmyr skulle slåast saman med Krasnojarsk kraj. Dette skjedde 1. januar 2007.

  1. Russisk Эвенкийский автономный округ Evenkijskij avtonomnyj okrug

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Evenkia