Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Megatonn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Megatonn er eit mål på masse, og tilsvarar ein million metriske tonn. Symbolet for megatonn er Mt.

Megatonn (og kilotonn) vert òg brukt som mål på energi, spesielt ved måling av sprengkraft for eksplosive stoff, spesielt for kjernefysiske våpen . Grunnlaget for denne nytta er sprengkraft omrekna til mengd TNT. Denne nytta av måleininga Megatonn har som utgangspunkt at eitt gram TNT gjev energi som tilsvarar 1000 termokjemiske kaloriar, som på si side tilsvarar 4184 Joule. Den verkelege målte energien frå eit gram TNT er noko lågare, 652 kaloriar eller 2724 J.

Samanhengen mellom Megatonn og Joule vert dermed:

  • Eit gram TNT vert definert til 1000 kaloriar, som tilsvarar 4,184 kilojoule (KJ).
  • Eit tonn TNT (1000 kg) er dermed 4,184 x 109 J = 4,184 gigajoule (GJ).
  • Eit kilotonn TNT (1000 tonn) er dermed 4,184 x 1012 J = 4,184 terajoule (TJ).
  • Eit megatonn TNT (1000 000 tonn) er dermed 4.184 x 1015 joule = 4.184 petajoule (PJ).