Moskva oblast
Moskva oblast | |||
Московская область | |||
oblast | |||
|
|||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Region | Sentrale | ||
Del av | Den sentrale føderasjonskrets | ||
Hovudstad | Moskva | ||
Areal | 45 800 km² | ||
Folketal | 7 708 499 (1. januar 2021) | ||
Språk | russisk | ||
Tidssone | UTC +3 (MSK) | ||
Bilnummer | 50 | ||
Moskva oblast 55°37′41″N 37°44′17″E / 55.628°N 37.738°E | |||
Wikimedia Commons: Moscow Oblast |
Moskva oblast[a] er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Administrasjonssenteret er i byen Moskva, sjølv om byen ikkje sjølv er ein del av provinsen Moskva oblast. Arealet er 45 800 km² og innbyggjartalet er 7 708 499 (2021).
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Det finst mange byar med over 100 000 ibuarar i Moskva oblast. Dei største er Balasjikha (215 500 ibuarar), Khimki (207 400), Podolsk (188 000 ibuarar), Koroljov (183 400) Mytisjtsji (173 200), Ljubertsy (172 500) og Elektrostal (155 200).[1]
Som sentrum for eit multietnisk imperium i fleire hundre år har Moskva-regionen tiltrekt seg innflyttarar frå heile den tidlegare Sovjetunionen. Ved folketeljinga i 2010 var det tolv folkegrupper som det fanst fleire enn 10 000 av i Moskva oblast. Det store fleirtalet, 87,4 % av folkesetnaden, var likevel etniske russarar. Den største minoritetsgruppa var ukrainarar, som utgjorde 1,7 % av folket. Ingen andre folkegrupper utgjorde meir enn 1 % av folketalet.[1]
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Vserossijskaja perepis naselenija 2010 - Folketeljinga i Russland 2010