Det som gjer Einar Gerhardsen til ein gigant blant dei norske statsministrane, er ikkje berre den uslåelege rekorden han sette med sine over 17 år i statsministerstolen. Han ruvar også som regjeringssjef under den lengste og sterkaste vekstperioden og den politisk sett mest stabile perioden vi nokon gong har hatt. Denne utviklinga kom ikkje av seg sjølv.
Einar Gerhardsen var utan tvil eit stor politikar, men det var ikkje som politisk initiativtakar han utmerka seg. Det var sjeldan han som fann på reformene og tiltaka. Dei kom frå apparatet rundt han, eller frå partiorganisasjonen. Hans store styrke, og der han er størst av alle, var den evna han hadde som teambyggar og den evna han hadde til å oppfatte stemningar ute blant folk flest.
Trass i at han er ein av dei statsministrane i Noreg som har hatt minst formell utdanning, så var han meir enn nokon annan oppteken av å rekruttere medarbeidarar med høg kompetanse på ulike felt.
Gerhardsen tok eit oppgjer med kommunistane (NKP) under Kråkerøy-talen i 1948, men han var likevel nokre gonger til venstre i partiet, ikkje minst i utanriks- og tryggingspolitikken. Dette var bakgrunnen for det til tider anstrengde forholdet mellom Gerhardsen og partisekretær Haakon Lie.
Haakon Lie har i ei av bøkene sine kalla Einar Gerhardsen for eit maktmenneske og ein maktpolitikar. Det likte Einar Gerhardsen svært dårleg, og han hevda sterkt at han aldri hadde vore oppteken av personleg makt. Det siste han ville var å framstå som noko maktmenneske, men det er liten tvil om at vi knapt har hatt ein politikar i dette hundreåret med større makt enn nettopp Einar Gerhardsen. Det var ikkje ei makt han nytta til eiga vinning, men det seier seg sjølv at i ein periode med ei fleirtalsregjering så ligg det stor makt i å vere både statsminister og formann i regjeringspartiet.
Som ein dirigent har avgjerande makt over orkesteret, hadde Gerhardsen makt over dei personane som utøvde politikken. Sjølv det å skape kompromiss, det å få andre til å samarbeide, er maktutøving. I tillegg hadde Gerhardsen nesten eineveldig makt over kven som skulle sitje i regjeringa. Det var ikkje minst på den måten han utøvde makta si. Historikar Jens Arup Seip skriv at han var budd til å skyte når nokon måtte dø, og det var ikkje få statsrådar opp gjennom åra som var bitre etter å ha blitt sparka frå regjeringa.
Historikaren Jens Arup Seip hevda i det kjende foredraget sitt i Studentersamfunnet i 1963 («Fra embetsmannsstat til ettpartistat») at Gerhardsen si maktovertaking i 1945 innevarsla eit like stort skilje som då parlamentarismen vart innført i 1884. Vi fekk det han kalla «ettpartistaten», og han hevda at Stortinget i Arbeidarpartiets lange fleirtalsperiode forsvann som politisk makt. «Stortinget har vært i politisk eksil mellom Elverum og Kings Bay», som han formulerte seg. Litt rett hadde han, men det var altfor unyansert. Bortsett frå at valordninga ga det største partiet eit visst styringstillegg, så var det veljarane som ga Arbeidarpartiet fleirtalet. I tillegg finst det mange døme på at Gerhardsen og regjeringa justerte og modererte kontroversielle framlegg for å kome opposisjonen i møte.
Gerhardsen var ingen konfrontasjonspolitikar. Det var kompromisset som var hans form, og dei fleste av dei sterke fagpersonane han samla rundt seg, var i heile den perioden Gerhardsen sat som statsminister med på ein gradvis reduksjon av avstanden mellom Arbeidarpartiet på den eine sida og dei borgarlege partia på den andre. Som Geir Lundestad skriv i artikkelen sin «Hovedtendenser i norsk politikk» i artikkelsamlinga «Vekst og velstand», søkte Arbeidarpartiet under Gerhardsen si leiing «å unngå handlinger som i sterk grad ville tjene til å utfordre den ikke-sosialistiske opinion». Han meiner det skjedde ei gradvis avradikalisering av Arbeidarpartiet. Det går også an å kalle det ei avideologisering og eigentleg så har vel denne halde fram heilt til i dag. I denne prosessen fungerte Gerhardsen sjeldan som ein pådrivar, snarare som ein av dei som var i tvil og prøvde å bremse.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.