Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Vinyl Confessions

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vinyl Confessions
Studioalbum av Kansas
Språk engelsk
Utgjeve Juni 1982
Innspelt Seint 1981, tidleg 1982
Studio Chateau Recorders i North Hollywood i California
Sjanger Progressiv rock, arenarock
Lengd 43:20
Selskap Kirshner/CBS, Epic
Produsent Kansas, Ken Scott
Kansas-kronologi 
Audio-Visions
(1980)
Vinyl Confessions Drastic Measures
(1983)


Singlar frå Vinyl Confessions
  1. «Play the Game Tonight»
    Utgjeve: 1982
  2. «Right Away»
    Utgjeve: 1982

Vinyl Confessions er det åttande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Kansas, gjeve ut i 1982. Det inneheld singelen «Play the Game Tonight», som nådde topp 20 og vart den tredje høgaste listeplasseringa til Kansas i USA, berre forbigått av «Carry on Wayward Son» og «Dust in the Wind».[1]

Vinyl Confessions var eit stort vendepunkt for bandet. Etter at både gitaristen og klaverspelaren Kerry Livgren og bassisten Dave Hope var blitt frelst, og Livgren fokuserte på kristne tekstar, gjekk ikkje songaren Steve Walsh med på den nye retninga til bandet og slutta for å skipe sitt eige band, Streets.[2] Walsh hadde medverka mykje som låtskrivar, så bandet måtte finne ein ny songar som ikkje berre hadde ein vokalstil som kunne passe musikken til bandet, men som òg kunne bidra med songar til det komande albumet. Etter ein lang prosess stod valet mellom tre kandidatar: Warren Ham, Michael Gleason og John Elefante. Valet fall til slutt på Elefante.[2]

«Fair Exchange» skildra verda som regjert av antikrist, medan «Chasing Shadows» peikte på frustrasjonen ved å søkje etter noko anna enn den bibelske sanninga. «Diamonds and Pearls» la vekt på andeleg rikdom over økonomisk rikdom, medan «Face It», «Windows» og «Borderline» all hadde sterke evangeliske trekk.

Vinyl Confessions vart lagt merke til av den gryande CCM-industrien (Contemporary Christian music). Fleire kristne magasin hylla den nye musikalske retninga til Kansas og CCM Magazine kåra Vinyl Confessions til årets album i 1982.[2] Denne merksemda gav Kansas eit heilt nytt publikum, men det skapte òg ytterlegare strid i bandet. Dette kom fram under innspelinga av det neste albumet deira, Drastic Measures.[2]

Vinyl Confessions var det siste albumet med fiolinisten og vokalisten Robby Steinhardt, som slutta i bandet etter den påfølgjande turneen og kom ikkje attende før i 1997.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[3]
Melodic.net5/5 stars[2]

Allmusic anerkjende suksessen til singelen «Play the Game Tonight», men var elles negativ til plata. Dei kritiserte dei kristne tekstane som «ofte for dømande, med ein oss-mot dei-haldning», og insinuerte at albumet var meir generisk poprock enn dei tidlegare Kansas-albuma. Dei skreiv «det byrja å bli vanskeleg å skilje Kansas frå Foreigner og Journey».[3]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Play the Game Tonight»Kerry Livgren, Rich Williams, Phil Ehart, Danny Flower, Rob Frazier3:26
2.«Right Away»John Elefante, Dino Elefante4:06
3.«Fair Exchange»Livgren5:01
4.«Chasing Shadows»J. Elefante, D. Elefante3:20
5.«Diamonds and Pearls»Livgren4:50
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Face It»J. Elefante, D. Elefante4:17
7.«Windows»Livgren3:32
8.«Borderline»Livgren4:00
9.«Play On»J. Elefante, Livgren3:32
10.«Crossfire»Livgren6:35

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
Kansas
Andre medverkande
Produksjon
  • Kansas – produsent
  • Ken Scott – produsent, lydteknikar
  • Brian Leshon, David Spritz, Phil Jost, Ralph Sutton – assisterande lydteknikarar
  • Stan Ricker – mastering i Original Masteringworks/Mobile Fidelity Sound Lab, California
  • Tom Drennon - kunstnarisk leiar og design
  • Andrew Barnum - ekstra kunst
  • Glen Wexler - fotografi

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Album
År Liste Plassering
1982 Billboard 200 (USA)[5] 16
Den tyske albumlista[6] 36

Singlar
År Title Liste Plassering
1982 «Play the Game Tonight» Mainstream Rock Tracks (USA)[7] 4
Billboard Hot 100 (USA)[1] 17
RPM100 Singles (Canada)[8] 35
«Right Away» Mainstream Rock Tracks (USA)[7] 33
Billboard Hot 100 (USA)[1] 73
«Chasing Shadows» Mainstream Rock Tracks (USA)[7] 54

  1. 1,0 1,1 1,2 «Kansas Chart History: Hot 100». Billboard.com. Billboard. Henta 24. mai 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Winberg, Pär. «Review: Kansas - Vinyl Confessions». Melodic.net. Arkivert frå originalen 14. oktober 2011. Henta 24. mai 2020. 
  3. 3,0 3,1 Ruhlmann, William. «Kansas - Vinyl Confessions review». AllMusic. All Media Network. Henta 24. mai 2020. 
  4. «Roger Taylor Collaborations: 1970-1985». Ultimate Queen.co.uk. Henta 24. mai 2020. 
  5. «Kansas Chart History: Billboard 200». Billboard.com. Billboard. Henta 23. mai 2020. 
  6. «Album – Kansas, Vinyl Confessions». Charts.de (på tysk). Media Control Charts. Henta 24. mai 2020. 
  7. 7,0 7,1 7,2 «Kansas Chart History: Mainstream Rock». Billboard.com. Billboard. Henta 22. mai 2020. 
  8. «Top Singles - Volume 36, No. 22, 10. juli 1982». Library and Archives Canada. 10. juli 1982. Henta 24. mai 2020.