Monolith av Kansas
Monolith Studioalbum av Kansas | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mai 1979 | |
Innspelt | Januar til april 1979 | |
Studio | Axis Studios og Apogee Studios i Atlanta i Georgia | |
Sjanger | Progressiv rock, arenarock | |
Lengd | 41:40 | |
Selskap | Kirshner/CBS, Epic | |
Produsent | Kansas | |
Kansas-kronologi | ||
---|---|---|
Two for the Show (1978) |
Monolith | Audio-Visions (1980)
|
Singlar frå Monolith | ||
|
Monolith er det sjette studioalbumet til det amerikanske progressive rockebandet Kansas, gjeve ut i 1979. Albumet vart ommastra og gjeve ut på ny i 2011 med bonusspor.
Oversyn
[endre | endre wikiteksten]Det var det første studioalbumet som vart produsert av bandet sjølv, og vart det tredje albumet deira som gjekk inn på topp 10 på Billboard-lista'. Likevel fekk Monolith dårlege meldingar og salstala var skuffande.[1] Den første singlen, «People of the South Wind», stoppa på topp 30 på Billboard Hot 100 i august 1979 og dei gav raskt ut «Reason to Be» som ny singel, slik dei hadde gjort med hitten «Dust in the Wind»,[2][3][4][5] men «Reason to Be» nådde berre 52. plassen på lista.[6]
Etter den amerikanske delen av Monolith-turneen, drog bandet til Japan for første gongen i januar 1980. Fire songar frå denne japanske turneen vart gjeve ut på ein EP kalla Kansas Monolith Tour 1980 in Japan og sendt til radiostasjonar.
Monolith selde til platinaplate tidleg i 1990-åra. Kerry Livgren donerte platinaplata si til Kansas State Historical Society.[7] Albumet nådde tiandeplassen på Billboard-lista.[8]
Det vart laga musikkvideoar for fire av spora på Monolith: «On the Other Side», «People of the South Wind», «Away from You» og «Reason to Be».
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [9] |
John Swenson i Rolling Stone, som tidlegare hadde melt Point of Know Return, var langt mindre nøgd med Monolith, og kritiserte særskild at det var pretensiøst: «dette bandet er berre ein amerikansk versjon av The Moody Blues og Emerson, Lake and Palmer» Seriøs musikk som vender nasa opp til uttrykksevna i rock & roll og erstatta bombast med kjensler.»[10]
Robert Taylor i AllMusic gav albumet to av fem stjerner og skreiv at bandet spelte bra, men kritiserte stilen deira som oppbrukt og generell mangel på retning. Han kritiserte særskild dei barnslege tekstane og at dei skifta fokus mot radiovenleg musikk.[9]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «On the Other Side» | Kerry Livgren | 6:26 |
2. | «People of the South Wind» | Livgren | 3:41 |
3. | «Angels Have Fallen» | Steve Walsh | 6:39 |
4. | «How My Soul Cries Out for You» | Walsh | 5:49 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «A Glimpse of Home» | Livgren | 6:37 |
6. | «Away from You» | Walsh | 4:26 |
7. | «Stay Out of Trouble» | Walsh, Rich Williams, Robby Steinhardt | 4:15 |
8. | «Reason to Be» | Livgren | 3:51 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
9. | «On the Other Side» (Live i 1979) | 6:44 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Kansas
- Steve Walsh – klaverinstrument, solo- og korvokal
- Kerry Livgren – gitar, klaverinstrument
- Rich Williams – gitar
- Robby Steinhardt – fiolin, korvokal, solovokal på «Angels Have Fallen,» «How My Soul Cries Out for You,» og «Stay Out of Trouble,» ambolt
- Dave Hope – bass
- Phil Ehart – trommer
- Andre medverkande
- The O.K. Chorale - korvokal på «Angels Have Fallen»
- Produksjon
- Kansas - plateprodusent, konsept for omslaget
- Brad Aaron, Davey Moiré - lydteknikar, miksing i Capricorn Studios i Macon i Georgia
- Les Horn, Steve Tillisch - assisterande lydteknikar
- Tom Drennon - kunstnarisk leiar og design
- Bruce Wolfe - illustrasjonar
- Neal Preston - fotografi
Salslister
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Land | Organisasjon | År | Sal |
USA | RIAA | 1995 | Platina (+ 1 000 000)[7] |
Canada | CRIA | 1979 | Gull (+ 50 000)[16] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Monolith (Kansas album)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mai 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Los Angeles Times 17. februar 1980 «Kansas' Walsh: a solo survivor?» by Dennis Hunt p.89 (Calendar)
- ↑ Atlanta Constitution 8. juni 1979 «New Horizons For Atlanta Music Market» by Bill King p.27-T
- ↑ Livingston County Daily Press 4. juli 1979 «Allman Brothers Back in Stride Again at Wings» by Scott Pohl p.3B
- ↑ Cashbox Vol 41 #16 (1. september 1979) «Singles Reviews - Feature Picks» p.7
- ↑ Greenville News 2. november 1979 «Kansas Opens Up...though music still does the talking» by Tom Priddy pp.6B,7B
- ↑ https://www.musicvf.com/Kansas.art
- ↑ 7,0 7,1 «Platinum Record». Kansaspedia. Kansas Historical Society. October 2001. Henta 24. mai 2020.[daud lenkje]
- ↑ 8,0 8,1 «Kansas Chart History: Billboard 200». Billboard.com. Billboard. Henta 23. mai 2020.
- ↑ 9,0 9,1 Taylor, Robert. «Kansas - Monolith review». AllMusic. All Media Network. Henta 24. mai 2020.
- ↑ Swenson, John (6. september 1979). «Album Reviews: Kansas - Monolith». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 26. oktober 2007. Henta 24. mai 2020.
- ↑ «infodisc.fr Note : You must select Kansas». infodisc.fr. Henta 23. mai 2020.
- ↑ «Top Albums/CDs - Volume 31, No. 20, 11. august 1979». Library and Archives Canada. 11. august 1979. Henta 24. mai 2020.
- ↑ «Kansas - Monolith (Album)». Swedishcharts.com. Media Control Charts. Henta 24. mai 2020.
- ↑ 14,0 14,1 «Kansas Chart History: Hot 100». Billboard.com. Billboard. Henta 24. mai 2020.
- ↑ «Top Singles - Volume 31, No. 21, 18. august 1979». Library and Archives Canada. 18. august 1979. Henta 24. mai 2020.
- ↑ «Gold Platinum Search for Kansas». Music Canada. Henta 22. mai 2020.