Kansas av Kansas
Kansas Studioalbum av Kansas | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8. mars 1974 | |
Innspelt | 1973. september December 1973 | |
Studio | Record Plant Studios «A» og «C», New York City | |
Sjanger | ||
Lengd | 44:58 | |
Selskap | Kirshner (USA) Epic (Europe) | |
Produsent | Wally Gold | |
Kansas-kronologi | ||
---|---|---|
Kansas | Song for America (1975)
| |
Singlar frå Kansas | ||
|
Kansas er debutalbumet til det amerikanske progressive rockebandet Kansas, gjeve ut i 1974 på Kirshner i USA og Epic Records i andre land.
Debutalbumet kom ut etter at to band frå Topeka slo seg saman: Kerry Livgren, frå ei tidlegare Kansas-besetning, og White Clover, som spelte streit rock og blues. Det nye bandet fekk platekontrakt med Kirshner Records i 1973 og reiste til New York for å spele inn det første albumet sitt.
Materialet på Kansas var hovudsakleg skriven av gitaristen og klaverspelaren Livgren og vokalisten og klaverspelaren Steve Walsh, og var henta frå repertoaret til begge gruppene. Songane til Livgren var generelt lengre og meir utførlege enn Walsh sine med mystiske tekstar som spegla den intense interessa hans for austlege religionar. «Journey from Mariabronn» var inspirert av Hermann Hesse sin Narcissus and Goldmund, medan «Belexes» og «Aperçu» var inspirert av den pseudo-asiatiske stilen til Giacomo Puccini sin Turandot.
Kansas vart marknadsført i musikkpressa med slagordet «Kansas is Koming.» Ein singel kalla «Man the Stormcellars: Kansas is Koming!» vart sendt til radiostasjonar der Don Kirshner snakkar varmt om albumet. Det vart gjeve ut to singlar frå albumet: «Can I Tell You» og «Lonely Wind». Ingen av dei selde godt nok til å gå inn på singellistene, men eit konsertopptak av «Lonely Wind» (frå konsertalbumet Two for the Show) nådde topp 100 tidleg i 1979. Albumet kom ut med ommastra lyd på CD i 2004.[1] Ein ny ommastra versjon av albumet kom ut på vinyl i 2014.
Plateomslag
[endre | endre wikiteksten]Plateomslaget syner abolisjonisten John Brown i ein scene frå Tragic Prelude, eit veggmåleri av Kansas-kunstnaren John Steuart Curry.[2] Det originale veggmåleri er måla på ein mur i Kansas State Capitol i Topeka. Fargane på plateomslaget er annleis enn originalen og syner berre ein liten del av det originale måleriet.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [3] |
ProgressiveWorld.net | [4] |
I ei samtidig melding for New Musical Express skreiv Max Bell at trass i at Kansas hadde alle elementa for subtilitet, «er det mykje ordinær hardrock her, snøggleik og rytme, som raskt opphevar alle hint om originalitet», og syner ein mangel på personlegdom som forvandlar lyttinga av albumet til noko keisamt.[5]
AllMusic skreiv om blandinga av progressiv rock og boogie rock som unik, men hevda at det òg gjorde dei mindre interessante enn andre progressive rockeband. Dei kritiserte òg at dei var for ambisiøse: «her er mange skalaer og arpeggioar, galopperande triolar, dramatisk orgel og staselege balladar som ikkje signaliserer noko som helst og som ikkje går nokon stad.»[3]
Albumrt nådde 174. plassen på Billboard-lista i USa då det kom ut og selde våren 1974 135 000 eksemplar.[6]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Can I Tell You» | Rich Williams, Steve Walsh, Phil Ehart, Dave Hope | Steinhardt and Walsh | 3:32 |
2. | «Bringing It Back» | J.J. Cale | Steinhardt | 3:33 |
3. | «Lonely Wind» | Walsh | Walsh | 4:16 |
4. | «Belexes» | Kerry Livgren | Walsh | 4:23 |
5. | «Journey from Mariabronn» | Livgren, Walsh | Walsh | 7:55 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
6. | «The Pilgrimage» | Livgren, Walsh | Walsh | 3:42 |
7. | «Aperçu» | Livgren, Walsh | Steinhardt and Walsh | 9:54 |
8. | «Death of Mother Nature Suite» | Livgren | Steinhardt | 7:43 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
9. | «Bringing It Back» (Live at the Agora Ballroom, Cleveland, Ohio, 1975) | 9:41 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Kansas
- Steve Walsh – piano, orgel, Fender Rhodes, conga, solo- og korvokal.
- Kerry Livgren – gitar, piano, orgel, Moog synthesizer, korvokal
- Robby Steinhardt – fiolin, solo- og korvokal
- Rich Williams – elektrisk og akustisk gitar
- Dave Hope – bass, korvokal
- Phil Ehart – trommer
- Andre medverkande
- Jay Siegel (frå The Tokens) – vokal på «Lonely Wind»
- Production
- Wally Gold - plateprodusent
- Dan Turbeville - lydteknikar
- Kevin «Whip» Herron & Jimmy «Shoes» Iovine - assisterande lydteknikarar
- Tom Rabstenek, Greg Calbi - mastering
- Ed Lee - design
- John Steuart Curry - måleri
- Don Hunstein - foto på baksida av omslaget
- Jeff Glixman, Jeff Magid - ommastring
Salslister
[endre | endre wikiteksten]År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1974 | Top LPs & Tape (USA)[7] | 174 |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Land | Organisasjon | ^År | Sal |
USA | RIAA | 1995 | Gull (+ 500 000)[8] |
Canada | CRIA | 1979 | Gull (+ 50 000)[9] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kansas (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mai 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Discogs - 21 released versions of the Kansas album
- ↑ https://www.loudersound.com/features/the-10-best-album-sleeves-taken-from-old-paintings
- ↑ 3,0 3,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Allmusic review». Allmusic. All Media Guide. Henta 22. mai 2020.
- ↑ Karr, Tom. «ProgressiveWorld.net review». Henta 22. mai 2020.
- ↑ Bell, Max (26. april 1975). «Kansas: Kansas». NME. Henta 22. mai 2020. Krev innlogging.
- ↑ The Fremont Argus 28. mars 1975 «Kirshner Plans Big Anniversary Show» by Kathie Staska & George Mangrum p.22
- ↑ «Kansas Chart History: Billboard 200». Billboard.com. Billboard. Henta 22. mai 2020.
- ↑ «RIAA Gold & Platinum Database: Search for Kansas». Recording Industry Association of America. Henta 22. mai 2020.
- ↑ «Gold Platinum Search for Kansas». Music Canada. Henta 22. mai 2020.