Paul Mariner
Paul Mariner | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 22. mai 1953 Farnworth |
Død | 9. juli 2021 (68 år) |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 1982, EM i fotball 1980 |
Paul Mariner (22. mai 1953–9. juli 2021) var ein engelsk fotballspelar frå Farnworth i Lancashire. Han hadde perioden 1976-84 suksess med Ipswich Town. Mariner var midtspiss og landslagsmann i åtte år.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Mariner fekk kontrakt med tredjedivisjons-laget Plymouth Argyle i 1973, ligadebuterte den 11. september. Etter 155 kampar og 61 mål vart han i slutten av oktober 1976, mot 220&nsbp;000 pund, overført til Ipswich Town. Våren 1978 vann Ipswich og Mariner FA-cupen og tre år seinare UEFA-cupen. I det dobbelt-finalen mot AZ Alkmaar skåra han eitt av måla som gav Ipswich-siger 5-4. Klubben hevda seg fleire sesongar i toppsjiktet i ligaen. Frå februar 1984 til sommaren 1986 var han Arsenal-spelar utan større suksess. Deretter gjorde han teneste to sesongar i Portsmouth FC.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]I tida frå debuten 30. mars 1977 til han spelte sin siste landskamp 1. mai 1985 i Bucuresti, deltok Mariner i 35 av England sin internasjonale kampar. Under Fotball-EM 1980 var han innbytar i to kampar. Han skåra det siste målet då England slo Noreg 4-0 på Wembley stadion 10. september 1980. I returoppgjeret i VM-kvalifiseringa på Ullevål stadion 9. september 1981 var han også med, England tapte då 1–2 mot Noreg. Mariner spelte alle fem England-kampane i Fotball-VM 1982. Han skåra i alt 13 landslagsmål.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Vinnar av FA-cupen: 1978 med Ipswich
- Vinnar av UEFA-cupen: 1981 med Ipswich
Mariner døydde av hjernekreft.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Paul Mariner» frå Wikipedia på engelsk, den 9. november 2021.
- eu-football