UEFA-cupen
UEFA-cupen var ei årleg fotballturnering for europeiske fotballag som vart arrangert av UEFA i tida 1971-2009.
Turneringa kom i stand frå hausten 1971 og erstatta den tidlegare cupturneringa Messebycupen. UEFA-cupen var frå byrjinga eit reint cupmesterskap, første året avvikla over fem rundar med avsluttande kampar heime og borte mellom dei to finalistane. Deltakarar i turneringa var klubbar som var kvalifiserte etter nasjonale kriterium. Talet på deltakarar frå nasjonale seriar varierte etter eit kvotesystem. Til dømes hadde England fire deltakarar, Skottland tre, Sverige to og Noreg, Danmark og Island ein deltakar i den første sesongen.
Frå 1997 vart det spela ein einaste finalekamp, mot tidlegare heime- og bortekamp. I 1999 vart UEFA-cupen utvida ettersom Cupvinnarcupen vart lagt ned. Klubbane som etter gammalt var kvalifisert til å spele i Cupvinnarcupen fekk plass i UEFA-cupen. Frå 2004 vart turneringa omorganisert. Etter eit innleiande kvalifiseringsspel, vart klubbane fordelt i grupper som spela i små seriar. Etter gruppespelet vart det atter cupspel mellom dei 32 beste i gruppespelet. Dei to finalistane møttest så i ein avgjerande finale på eit utvald stadion.
UEFA-cupen vart historie i 2009. UEFA oppretta i staden Europaligaen (UEFA Europa League).
Begge dei italienske klubbane Juventus og Inter vann UEFA-cupen tre gongar, til liks med engelske Liverpool FC. Viking deltok flest gongar av norske klubbar, i elleve turneringar. Ingen norsk klubb tok seg nokon gong til åttandedelsfinalen.
Finalane i UEFA-cupen
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «UEFA-cupen» frå Wikipedia på bokmål, den 24. februar 2012.
- Denne artikkelen bygger på «List of UEFA Cup and Europa League finals» frå Wikipedia på engelsk, den 8. juni 2013.