Steve Coppell
Coppell as Reading manager in 2006 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Stephen James Coppell[1] | ||
Fødselsdato | 9. juli 1955 (69 år)[1] | ||
Fødestad | Liverpool[1] | ||
Posisjon | Høgreveng[1] | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1973–1975 | Tranmere Rovers | 38 | (13) |
1975–1983 | Manchester United | 322 | (53) |
Totalt | 360 | (66) | |
Landslag | |||
1976 | England U23 | 1 | (0) |
1977–1983 | England | 42 | (7) |
Trenar for | |||
1984–1993 | Crystal Palace | ||
1995–1996 | Crystal Palace | ||
1996 | Manchester City | ||
1997–1998 | Crystal Palace | ||
1999–2000 | Crystal Palace | ||
2001–2002 | Brentford | ||
2002–2003 | Brighton & Hove Albion | ||
2003–2009 | Reading | ||
2010 | Bristol City | ||
2012–2013 | Crawley Town (director of football) | ||
2013–2014 | Portsmouth (director of football) | ||
2016–2017 | Kerala Blasters | ||
2017–2018 | Jamshedpur | ||
2018–2019 | ATK | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Steve Coppell, fullt namn Stephen James Coppell, (fødd 9. juli 1955) er ein engelsk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Liverpool. Han var ein kjapp høgreveng for Manchester United og det engelske landslaget.
Spelar
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Coppell vart overført frå Tranmere Rovers til Manchester United vinteren 1975. Nokså omgåande spelte han seg til fast plass i Manchester-laget. Åra 1976 til 1979 spelte han tre FA-cupfinalar for Manchester United, einast 1977-finalen mot Liverpool FC enda med triumf for Coppell. I oktober 1981 vart han i landskamp mot Ungarn alvorleg skadd i eit kne. Fram til dess spelte han 207 klubbkampar i rad, ingen annan ute-spelar i Manchester United har ei slik kamprekke. Trass i fleire inngrep, førte skaden til at han la opp i 1983. Han fekk med seg ligacupfinalen i mars 1983, men ikkje i FA-cupfinalen i mai.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Coppell fekk sin landslagsdebut 16. november 1977 då England på heimebane slo Italia 2-0 i ein VM-kvalifiseringskamp. I 1980 var han med i to av Englands kampar under europameisterskapen, to år seinare spelte han alle Englands fire kampar i VM i fotball 1982. Hans 42. og siste landskamp fann stad på Wembley stadion 30. mars 1983, ein mållaus kvalifiseringskamp til neste års europameisterskap. Coppell skåra 7 mål for England.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Vinnar av FA-cupen: 1977 med Manchester United
- Finalist i FA-cupen: 1976 og 1979 med Manchester United
- Finalist i ligacupen: 1983 med Manchester United
Trenar
[endre | endre wikiteksten]Coppell var 1984-93 lagsjef i Crystal Palace FC og i tre kortare bolkar i tida 1995-2000. 2003-09 leia han Reading FC, ein klubb han tok til siger på nivå 2 i engelsk fotball og dermed spel i Premier League (toppserien).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Steve Coppell». Barry Hugman's Footballers.
- eu-football
- Denne artikkelen bygger på «Steve Coppell» frå Wikipedia på engelsk, den 15. juli 2024.