Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Honesty av Billy Joel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Honesty
Singel av Billy Joel
frå albumet 52nd Street
B-side

«The Mexican Connection»
«Root Beer Rag»

Utgjeve 1979
Innspelt 1978
Sjanger Softrock
Lengd 3:53
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Phil Ramone
Billy Joel-kronologi 
«Big Shot»
(1979)
Honesty «Until the Night»
(1979)


«Honesty» er ein song av den amerikanske songaren Billy Joel for albumet 52nd Street i 1978. Songen vart gjeven ut som den tredje singelen frå albumet i 1979. «Honesty» vart skriven av Joel og produsert av Phil Ramone som ein pianoballade om naturleg mangel på skam.

Songen fekk stort sett positiv kritikk i musikkpressa, som trakk fram teksten og pianoinstrumenteringa som positive faktorar. Singelen nådde 24. plass på den amerikanske Billboard Hot 100-lista, og vart den tredje hitten frå albumet. Singelen selde til gullplate i Japan for sal av ringetonar med over 100 000 nedlastingar. Songen nådde 16. plassen på den kanadiske singellista.

Joel framførte songen mange gonger på konsertar med Elton John og seinare med Bryan Adams.

I meldinga om 52nd Street skreiv Stephen Thomas ErlewineAllmusic at «Honesty» var ein av dei beste songane til Joel.[1]

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Honesty» – 3:53
  2. «The Mexican Connection» – 3:38
  • Dutch singel/CBS 7150[3]
  1. «Honesty» – 3:53
  2. «Root Beer Rag» – 2:59
  • CBS singel
  1. «Honesty»
  2. «My Life"
Liste (1979) Plassering
Canada[4] 16
Finland[5] 29
Frankrike[6] 1
Italia[7] 36
Japan Oricon[8] 53
Nederland (Mega Single Top 100)[9] 31
New Zealand (RIANZ)[10] 38
Sør-Afrika[11] 8
US Billboard Hot 100[12] 24

Andre versjonar

[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn songen er belgiske Toots Thielemans i 1979, japanske Hajime Mizoguchi og K, svenske Helen Sjöholm, Maggie Gyllenhaal.

Songen vart sampla av Jay-Z i songen «From Marcy to Hollywood» for filmmusikken til The Players Club i 1998.[13]

Ein av dei mest kjende coverversjonane vart gjort av Beyoncé Knowles i 2008 for eit samlealbum med den tidlegare gruppa hennar, Destiny's Child, kalla Mathew Knowles & Music World Present Vol.1: Love Destiny.[14] Songen vart seinare gjeven ut på platinum-utgåva av soloalbumet hennar I Am... Sasha Fierce (2008).[15] Denne singelen nådde andreplassen på singellista i Sør-Korea.

Beyoncé-singelen

[endre | endre wikiteksten]
Liste (2010) Plassering
Sør-Korea[16] 2
Liste (2011) Plassering
Sør-Korea[17] 2
  1. Thomas Erlewine, Stephen. «52nd Street - Billy Joel». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 29. august 2014. 
  2. Honesty (US singel, 7"). Billy Joel. USA: Columbia Records. 1979. 
  3. Honesty (Dutch singel, 7"). Billy Joel. USA: Columbia Records. 1979. 
  4. «Top Singles - Volume 31, No. 11, June 09 1979». Library and Archives Canada. 9. juni 1979. Henta 29. august 2014. 
  5. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin - levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 263. ISBN 978-951-1-21053-5. 
  6. http://www.infodisc.fr/Bilan_J.php
  7. http://www.hitparadeitalia.it/indici/per_interprete/aj.htm
  8. Okamoto, Satoshi (2006). Oricon Single Chart Book: Complete Edition 1968-2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. ISBN 4-87131-076-0. 
  9. "Dutchcharts.nl – Billy Joel – Honesty" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 29. august 2014.
  10. "Charts.org.nz – Billy Joel – Honesty". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 29. august 2014.
  11. ««Honesty» on the Sør-Afrikan Singles Chart». Springbok Radio. 4. mai 1979. Henta 29. august 2014. 
  12. "Joel?f=379&g=Singles Billy Joel Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Billy Joel. Prometheus Global Media. Henta 29. august 2014.
  13. The Players Club (Compact Disc). Jay-Z, Memphis Bleek and Sauce Money. Heavyweight/A&M. 1998. 
  14. «Mathew Knowles and Music World Present, Vol. 1: Love Destiny». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 29. august 2014. 
  15. «I Am...Sasha Fierce (Platinum Edition)». iTunes Store. Apple Inc. Henta 29. august 2014. 
  16. «South Korea Gaon International Chart (Week: January 3, 2010 to January 9, 2010)». Gaon Chart. Henta 29. august 2014. 
  17. «South Korea Gaon International Chart (Week: July 24, 2011 to July 30, 2011)». Gaon Chart. Henta 29. august 2014.