A&M Records
A&M Records | |||
Skipa | 1962 | ||
---|---|---|---|
Eigar | Universal Music Group | ||
Morselskap | Universal Music Group | ||
Hovudkontor | Los Angeles | ||
Land | USA | ||
Grunnleggjar(ar) | Herb Alpert, Jerry Moss |
A&M Records er eit USA-amerikansk plateselskap eigd av Universal Music Group som operer under paraplyen Interscope-Geffen-A&M.
A&M Records vart skipa i 1962 av Herb Alpert og Jerry Moss. Det første namnevalet deira var Carnival Records og dei gav ut to singlar med dette namnet før dei fann ut at det alt var eit plateselskap med dette namnet. Dei skifta då namn til A&M, etter initialane til Alpert og Moss. Frå 1966 til 1999 var hovudkvarteret til plateselskapet ved det historiske Charlie Chaplin Studios nær Sunset Boulevard i Hollywood.
Gjennom 1960- og 1970-åra hadde A&M artistar som Herb Alpert & the Tijuana Brass, Baja Marimba Band, Burt Bacharach, Sérgio Mendes & Brasil ’66, We Five, The Carpenters, Chris Montez, Elkie Brooks, Lee Michaels, The Captain and Tennille, Quincy Jones, Stealers Wheel, Marc Benno, Liza Minnelli, Rita Coolidge, Wes Montgomery, Paul Desmond, Cat Stevens, Bobby Tench, Hummingbird, Toni Basil, og Paul Williams. Visesongane Joan Baez, Phil Ochs og Gene Clark var òg på selskapet i 1970-åra. Billy Preston kom inn i 1971, etterfølgd av Andre Popp og Herb Ohta i 1973.
Seint i 1960-åra fekk A&M mange britiske artistar, enten gjennom direkte avtalar eller linsensar. Desse artistane var mellom andre Cat Stevens, Joe Cocker, Procol Harum, Humble Pie, Fairport Convention, Free, The Move og Spooky Tooth. I 1970-åra fekk dei mellom andre Carole King, Cheech & Chong, Nazareth, Y&T, the Tubes, Styx, Supertramp, Rick Wakeman, the Ozark Mountain Daredevils, Chuck Mangione, Squeeze og Peter Frampton.
A&M opprettheldt suksessen sin i 1980-åra med artistar som Henry Badowski, Janet Jackson, the Police, Sting, The Brothers Johnson, Falco, Atlantic Starr, the Go-Go's, Chris De Burgh, Bryan Adams, Suzanne Vega, Brenda Russell, Jeffrey Osborne, Oingo Boingo, Human League, Ozark Mountain Daredevils, Sharon, Lois & Bram, Annabel Lamb, Jim Diamond, Vital Signs, Joe Jackson og det skotske rockebandet Gun.
I løpet av åra har A&M hatt fleire etikettar Almo International for soul; Horizon Records for jazz (1974–1978); AyM Discos for latinsk musikk, Vendetta Records for dance-musikk (1988–1990) og Tuff Break Records for hip-hop (1993–1995).
A&M vart kjøpt av PolyGram i 1989, men Alpert og Moss styrte framleis selskapet fram til 1993.
I 1990-åra gav selskapet ut musikk av Soundgarden, Extreme, Amy Grant, John Hiatt, Sting, Blues Traveler, Barry White, Aaron Neville og nyare artistar som Sheryl Crow, Therapy?, CeCe Peniston og Gin Blossoms. Selskapet gav ut filmmusikken til Robin Hood: Prince of Thieves, The Three Musketeers, Sabrina, The Living Sea, Demolition Man og Lethal Weapon 3.
I 1998 vart PolyGram kjøpt av Seagram og slått saman med MCA Records-familien for å skape Universal Music. A&M vart så slått saman med Universal Music Group sitt då nye Interscope-Geffen-A&M-gruppe.
Den første utgjevinga på A&M Records under Universal Music Group og Interscope som selde til fleire platinaplater var Sting-albumet Brand New Day i 1999.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «A&M Records» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mai 2012.