Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Uptown Girl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uptown Girl
Singel av Billy Joel
frå albumet An Innocent Man
Språk engelsk
Utgjeve 29. september 1983
Innspelt 1983
Sjanger Poprock
Lengd 3:18
Selskap Columbia
Komponist Billy Joel
Tekstforfattar Billy Joel
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Phil Ramone
Billy Joel-kronologi 
«Tell Her About It»
(1983)
Uptown Girl «An Innocent Man»
(1983)


«Uptown Girl» er ein song skriven og framført av den amerikanske musikaren Billy Joel. Han vart gjeven ut den 29. september 1983 på det niande studioalbumet hans, An Innocent Man (1983). Teksten skildrar ein arbeidarklassemann som prøver å få ei rik overklassejente (uptown girl).

12" singelen inneheld spora «My Life», «Just The Way You Are» og «It's Still Rock'n'Roll To Me» (catalogue number TA3775), medan 7" singelen har B-sida «Careless Talk».

Inspirasjon

[endre | endre wikiteksten]

I følgje eit intervju med Howard Stern hadde Joel opphavleg kalla songen «Uptown Girls» og han kom på ideen ein gong han var omgjeven av Christie Brinkley, Whitney Houston og den dåverande kjærasten hans Elle Macpherson. I følgje mange intervju med Joel, vart songen opphavleg skriven om forholdet hans med Macpherson, men enda opp om òg å handle om den seinare kona hans, Brinkley. Begge desse kvinnene var kjende supermodellar i 1980-åra.[1][2] Joel har òg sagt at songen var inspirert av musikken til Frankie Valli and the Four Seasons.[3]

Sjølv «Uptown Girl» ikkje var så suksessrik i USA som den førre singelen «Tell Her About It», vart han ein stor hitt. Han nådde tredjeplassen på Billboard 200,[4] og gjekk heilt til topps på Storbritannia, der han låg i fem veker. Han var den nest mestseljande singelen i Storbritannia i 1983, etter Culture Club sin «Karma Chameleon», som Joel tok over førsteplassen frå den 1. november 1983. Songen var den 19. mestseljande singelen i Storbritannia i heile 1980-åra med 975 000 selde eksemplar. I 2012 har han selt meir en 1 million.[5]

Musikkvideo

[endre | endre wikiteksten]
Christie Brinkley spelte hovudrolla i videoen og var seinare gift med Joel.

Hovudrolla i musikkvideoen vart spelt av Christie Brinkley. Joel og Brinkley gifta seg i 1985 og var gift i ni år. Songenv art derfor ikkje spelt på turneen til Joel i 1994.

Det vart laga forskjellige versjonar av opninga av musikkvideoen, der ein bilmekanikar ser slutten av den førre hitten til Joel, «Tell Her About It», på ein liten TV. Så, avhengig av versjonen, er det neste biletet på TVen anten ein blank skjerm, eller logoen til nettverket som TV-showet videoen spelte på. Dei einaste logoane som vart nytta var MTV og Friday Night Videos. Ein fjerde versjon, som var utan denne introen, gjekk på Night Tracks, America's Top 10 og andre musikkvideoshow.

Liste (1983) Plassering
Australia (ARIA)[6] 1
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[7] 18
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[8] 3
Canada (Nielsen SoundScan)[9] 4
Finland (Suomen virallinen lista)[10] 26
Tyskland (Media Control AG)[11] 18
Ireland (IRMA) 1
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[12] 10
New Zealand (RIANZ)[13] 1
Noreg (VG-lista)[14] 3
Sør-Afrika (RiSA)[15] 8
UK Singles (Official Charts Company) 1
US Billboard Hot 100[16] 3
US Adult Contemporary (Billboard)[17] 2
US Mainstream Rock (Billboard) 22

Westlife-versjonen

[endre | endre wikiteksten]
Uptown Girl
Singel av Westlife
frå albumet World of Our Own
Språk engelsk
Utgjeve 5. mars 2001
Innspelt Rokstone Studios, London
Sjanger Teen pop, dance-pop
Lengd 3:06
Selskap BMG
Komponist Billy Joel
Tekstforfattar Billy Joel
Produsent Steve Mac
Westlife-kronologi 
«I Lay My Love on You»
(2001)
Uptown Girl «When You're Looking Like That»
(2001)


«Uptown Girl» vart spelt inn av det irske boybandet Westlife på den tredje plata deira, World of Our Own i 2001. Han It was released on March 5, 2001 as the fifth singel from the album. It was also the 2001 Comic Relief charity singel. The song was also included on the European Special Edition and Asian Deluxe Edition Bonus Disc of the group's second album, Coast to Coast (2000).

«Uptown Girl» nådde toppen av singellista i Iralnd og Storbritannia og vart den sjette mest selde singele i Storbritannia i 2001 og den 23. mest selde for heile 2000-åra, med over 750 000 eksemplar. Det vart den mestseljande singelen til bandet i Storbritannia og selde 292 318 eksemplar berre den første veka. Han har sidan fått platinaplate i Storbritannia.[18]

Videoen for songen vart filma i ein kafé med Claudia Schiffer som hovudrolla, medan Robert Bathurst, James Wilby, Ioan Gruffudd, Crispin Bonham-Carter og Tim McInnerny spelte rike kundar.

  • Storbritannia
CD1
  1. «Uptown Girl» (Radio Edit) - 3:06
  2. «Angel's Wings» (2001 Remix) - 4:14
  3. «Uptown Girl» (Video) - 3:14
CD2
  1. «Uptown Girl» (Radio Edit) - 3:06
  2. «Uptown Girl» (Extended Version) - 5:02
  3. «Behind The Scenes Footage & Band Messages"
DVD
  1. «Uptown Girl» (Video) - 3:14
  2. «Behind The Scenes Footage & Band Messages"
  • Japan
  1. «Uptown Girl» (Radio Edit) - 3:06
  2. «Uptown Girl» (Extended Version) - 5:02
  3. «Angel's Wings» (Original Version) - 4:02
  4. «Close Your Eyes» - 4:32
  5. «Uptown Girl» (Video) - 3:14
  6. «Behind The Scenes Footage & Band Messages"
Liste (2001) Plassering
Australia (ARIA)[19] 6
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[20] 12
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[21] 5
Belgia (Ultratip Vallonia)[22] 2
Danmark (Tracklisten)[23] 2
Europa (Eurochart Hot 100)[24] 8
Finland (Suomen virallinen lista)[25] 13
Frankrike (SNEP)[26] 8
Tyskland (Media Control AG)[27] 8
Ireland (IRMA) 1
Italia (FIMI)[28] 10
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[29] 2
New Zealand (RIANZ)[30] 4
Noreg (VG-lista)[31] 3
Spania (PROMUSICAE)[32] 7
Sverige (Sverigetopplistan)[33] 2
Sveits (Schweizer Hitparade)[34] 13
UK Singles (Official Charts Company)[35] 1
  1. "Channel Five Interview"YouTube
  2. «Billy Joel Visits. 11/16/10. 7:55am». Howard Stern archive. Marksfriggin.com. November 16, 2010. Henta 30. august 2014. 
  3. Billy Joel Website Interview, arkivert frå originalen 19. mars 2016, henta 30. august 2014 
  4. Dean, Maury (2003). Rock N' Roll Gold Rush. Algora. s. 137–138. ISBN 0-87586-207-1. 
  5. Ami Sedghi (30. august 2014). «UK's million-selling singels: the full list». The Guardian. Henta 30. august 2014. 
  6. "Australian-charts.com – Billy Joel – Uptown Girl". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
  7. "Billy Joel – Uptown Girl – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  8. "Ultratop.be – Billy Joel – Uptown Girl" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  9. Item Display - RPM - Library and Archives Canada
  10. "Finnishcharts.com – Billy Joel – Uptown Girl". Suomen virallinen lista. Hung Medien.
  11. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  12. "Nederlandse Top 40 – Billy Joel search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40.
  13. "Charts.org.nz – Billy Joel – Uptown Girl". Top 40 Singles. Hung Medien.
  14. "Norwegiancharts.com – Billy Joel – Uptown Girl". VG-lista. Hung Medien.
  15. «"Uptown Girl» on the Sør-Afrikan Singles Chart». Springbok Radio. January 13, 1984. Henta 29. august 2014. 
  16. "Joel?f=379&g=Singles Billy Joel Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Billy Joel. Prometheus Global Media.
  17. "Joel?f=341&g=Singles Billy Joel Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for Billy Joel. Prometheus Global Media.
  18. «BPI Certified Awards». British Phonographic Industry. Arkivert frå originalen 6. august 2011. Henta 30. august 2014. 
  19. "Australian-charts.com – Westlife – Uptown Girl". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
  20. "Westlife – Uptown Girl – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  21. "Ultratop.be – Westlife – Uptown Girl" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  22. "Ultratop.be – Westlife – Uptown Girl" (på fransk). Ultratip. ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch.
  23. "Danishcharts.com – Westlife – Uptown Girl". Tracklisten. Hung Medien.
  24. Nielsen Business Media, Inc (24. mars 2001). «Billboard». 
  25. "Finnishcharts.com – Westlife – Uptown Girl". Suomen virallinen lista. Hung Medien.
  26. "Lescharts.com – Westlife – Uptown Girl" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  27. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  28. "Italiancharts.com – Westlife – Uptown Girl". Top Digital Download. Hung Medien.
  29. "Nederlandse Top 40 – Westlife search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40.
  30. "Charts.org.nz – Westlife – Uptown Girl". Top 40 Singles. Hung Medien.
  31. "Norwegiancharts.com – Westlife – Uptown Girl". VG-lista. Hung Medien.
  32. "Spanishcharts.com – Westlife – Uptown Girl" Canciones Top 50. Hung Medien.
  33. "Swedishcharts.com – Westlife – Uptown Girl". Topp 60. Hung Medien.
  34. "Westlife – Uptown Girl – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
  35. "Chart Stats – Westlife – Uptown Girl" UK Singles Chart. Chart Stats.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]