Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Etymologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Føreslått ordsoge for ordet «ma», mor.
Kart som viser det etymologiske opphavet til namna på delstatane i USA.

Etymologi (frå gresk ἐτυμολογία ‘læra om den sanne tydinga til ord ifølgje avleiinga’, dana av ἔτυμος étymos ‘verkeleg, sann; den sanne, verkelege tydinga til eit ord ifølgje avleiinga’ og -λογία ‘lære’, av λόγος lógos 'ord, tale’) eller ordsoge er læra om eller studiet av opphavet til orda og korleis dei har utvikla seg gjennom tidene, både når det gjeld form og tyding. Etymologien til eit ord vil difor i praksis ofte anten seie oss kva form og tyding vi trur den opphavlege ordstammen hadde eller kva framandspråk ordet er lånt inn frå. For norsk og mange andre språk finst det spesielle etymologiske ordbøker som kan gi slike opplysningar.

Arveord og lånord

[endre | endre wikiteksten]

For studiet av etymologi og for historisk og samanliknande språkvitskap meir allment er skiljet mellom arveord og lånord heilt grunnleggjande. Eit arveord er eit ord som har vore ein del av ordtilfanget i eit språk frå dei eldste tidene, medan eit lånord på eitt eller anna tidspunkt har kome inn frå eit anna språk. Døme på arveord i norsk er bror, dotter, far og mor, som er nedarva frå det indoeuropeiske grunnspråk, i motsetnad til lånorda sjarm, sjekk og sykkel, som har blitt overtekne frå andre språk:

  • Bror, norrønt bróðir, er nedarva frå indoeuropeisk *bhréH2ter- 'bror'[1]
  • Dotter, norrønt dóttir, er nedarva frå indoeuropeisk *dhugHtér- 'dotter'[1]
  • Far, norrønt faðir, er nedarva frå indoeuropeisk *pHtḗr- 'far'[1]
  • Mor, norrønt móðir, er nedarva frå indoeuropeisk *mātér- eller *meH2tér- 'mor'[1]
  • Sjarm er lånt frå fransk charme ‘tauvring, trolling; ynde, hugtakande drag’,[2] eit fransk arveord som kjem av latin carmen ‘song, trollbøn’[3]
  • Sjekk er lånt frå engelsk check ‘sjekk; sjakk; hindring’, eit lånord også i engelsk, med same etymologi som norsk sjakk ‘brettspel med brikker (offiserar og bønder) for to personar’ (Nynorskordboka), lånt frå persisk شاه šāh ‘sjah, konge; (i sjakkspel) konge’.
  • Sykkel er lånt frå engelsk cycle, der det er ei forkorting for bicycle ‘tohjular’.[4] Prefikset bi- er lånt frå latin bi- 'tvi-', medan cycle er lånt (via fransk og latin) frå gresk κύκλος kýklos 'krins, ring, hjul'.

Etymologisk slektskap

[endre | endre wikiteksten]

Det norske arveordet dotter er etymologisk skyldt med mellom anna det persiske arveordet doxtar دختر 'dotter', fordi begge orda er nedarva frå *dhugHtér- 'dotter' i det indoeuropeiske grunnspråket.[1] Etymologisk slektskap mellom eit arveord X i språk A og eit arveord Y i språk B føreset at språk A og B høyrer til den same språkfamilien, slik at arveorda X og Y er nedarva frå eit ord Z i det grunnspråket som språk A og B har utvikla seg frå. Norsk er eit germansk språk og persisk eit indoiransk språk, og germansk og indoiransk er to av greinene i den indoeuropeiske språkfamilien.

I den historiske utviklinga frå Z til X og Y kan det ha skjedd ei lang rekkje fonologiske og semantiske endringar, slik at det ikkje utan vidare er lett å sjå at X og Y har noko med kvarandre å gjere. Likskapen er med andre svært ofte mykje mindre enn mellom norsk dotter og persisk doxtar دختر 'dotter'. For å slå fast at eit ord X i språk A og eit ord Y i språk B faktisk er etymologisk skyldt, må ein kunne vise at både X og Y står i eit regelrett fonologisk tilhøve til ord Z i grunnspråket. Dersom ein ikkje fylgjer dette prinsippet strengt, kan ein lett kople i hop ord (i to ulike språk) som ikkje har noko med kvarandre å gjere etymologisk. Det er nærliggjande å tru at det latinske verbet habēre 'ha' og det tyske verbet haben 'ha' er etymologisk skylde, sidan både uttale og tyding er påfallande lik, men det er dei ikkje. Tysk er eit germansk språk og latin eit italisk språk og germansk og italisk er to greiner av den indoeuropeiske språkfamilien, men dei regelrette fonologiske korrespondansane mellom tysk og latin er mellom anna slik at ein tysk h og ein latinsk h ikkje kan ha same etymologiske opphav. Tysk h har utvikla seg frå indoeuropeisk *k, medan latinsk h kjem av indoeuropeisk *gh. Går vi haben og habēre nærmare etter i saumane, viser det seg at tysk haben er etymologisk skyldt med latin capere 'gripe, ta' (begge kjem av indoeuropeisk *kH1p-), medan latin habēre er etymologisk skyldt med tysk geben 'gje' (begge kjem av indoeuropeisk *ghebh-).

For den historisk-komparative språkvitskapen er arveord mykje viktigare enn lånord. Arveorda er det materiale ein nyttar for å påvise slektskap mellom språk, medan lånorda konsekvent må haldast utanfor. Dei nordsamiske orda gussa /kussa/ 'ku', gáica /kaaj:htsa/ 'geit' og sávza /saav:tsa/ 'sau' – og dei tilsvarande sørsamiske govse 'ku', gaajhtse 'geit' og saavhtse 'sau' – liknar dei tilsvarande norske orda, men dei samiske orda er lånord frå urnordisk. Dei har kome så tidleg inn i samisk at ein kan rekonstruere ursamisk *kusǝ 'ku' og *sa:vʦǝ 'sau',[5] lånte frå urnordisk *kūʀ 'ku' og *sauðiʀ 'sau'.[1]

Etymologiske ordbøker

[endre | endre wikiteksten]

Den mest omfattande etymologiske ordboka på eit nordisk språk er Våre arveord. Etymologisk ordbok (1430 sider), som Harald Bjorvand, professor i germansk filologi ved Universitetet i Oslo og Fredrik Otto Lindeman, professor emeritus i samanliknande indoeuropeisk språkforsking ved Universitetet i Oslo fyrste gongen gav ut i 2000, med ei utvida og omvølt utgåve i 2007. Frå før hadde vi Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog (1903-06) av Hjalmar Falk og Alf Torp, som no er forelda.

Sámegielaid etymologalaš diehtovuođđu[6] er ei nordsamisk etymologisk ordbok på internett. Her finn ein etymologiske motsvar i alle samiske språk og alle uralske språk, i tillegg til ei rekkje rekonstruksjonar, frå ursamisk til ur-uralsk. Av eldre litteratur kan nemnast ordlista i Itkonen (1969), som inneheld mykje nyttig etymologisk informasjon for nordsamisk. Collinder 1977 er nyttig for alle uralske språk. Lehtiranta 1989 har ursamiske rekonstruksjonar og former frå ni samiske språk.

For finsk er det nyaste verket Nykysuomen etymologinen sanakirja (Häkkinen 2004), eit verk på 1633 sider. Frå før finst sjubandsverket Suomen kielen etymologinen sanakirja (Toivonen 1955-81).

The Romany Language in Norway (Iversen 1944) inneheld mykje etymologisk informasjon om ordtilfanget i romani, både om arveord og lånord.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Bjorvand & Lindeman 2007
  2. Raknes 1939-1942
  3. «sjarm» i Nynorskordboka.
  4. «sykkel» i Nynorskordboka.
  5. Formene er henta frå Lehtiranta 1989. Her er dei skrivne i IPA, medan Lehtiranta nyttar finsk-ugrisk fonetisk transkripsjon.
  6. Álgu

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

Etymologiske ordbøker

[endre | endre wikiteksten]
  • Bjorvand, Harald; Lindeman, Fredrik Otto (2007), Våre arveord. Etymologisk ordbok. Revidert og utvidet utgave, Oslo: Novis forlag 
  • Collinder, Björn (1977), Fenno-Ugric Vocabulary. An Etymological Dictionary of the Uralic Languages, Hamburg: Helmut Buske Verlag 
  • Falk, Hjalmar; Torp, Alf (1903-6), Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog, Kristiania: Aschehoug 
  • Häkkinen, Kaisa (2004), Nykysuomen etymologinen sanakirja, Helsinki: WSOY 
  • Itkonen, Erkki (1969), Lappische Chrestomathie mit grammatikalischem Abriss und Wörterverzeichnis (2. opplag (Apuneuvoja suomalais-ugrilainen kielten opintoja varten. Hilfsmittel für das Studium der finnisch-ugrischen Sprachen. VII.) utg.), Helsinki: Suomalais-ugrilainen seura 
  • Iversen, Ragnvald (1944), The Romany Language in Norway. Secret Languages in Norway - Part I. (Skrifter utgitt av Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo. II. Hist.-Filos. Klasse. 1944. No. 3.), Oslo: i kommisjon hos Jacob Dybwad 
  • Lehtiranta, Juhani (1989), Yhteissaamelainen sanasto. (Suomalais-ugrilainen seuran toimituksia. Mémoires de la Société Finno-ougrienne. 200.), Helsinki: Suomalais-ugrilainen seura 
  • Raknes, Ola (1939–1942), Fransk-norsk ordbok, Oslo: Noregs Boklag 
  • Toivonen, Y. H. (1955–81), Suomen kielen etymologinen sanakirja 7 band, 2293 sider. (Tutkimuslaitos "Suomen suvun" julkaisuja 312., Helsinki: Suomalais-ugrilainen seura) 

Etymologiske oppslagsverk på nettet

[endre | endre wikiteksten]