Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Faktaboks

Paal-Helge Haugen
Fødd
26. april 1945, Valle i Setesdal, Agder
Verke
Forfatter
Familie

Foreldre: Gårdbruker Jon Haugen og hustru Ragnhild.

Gift 1965 med lektor Yngvil Molaug (17.4.1937–).

Paal-Helge Haugen
Paal-Helge Haugen
Av /NTB Scanpix ※.

Paal-Helge Haugen er ein av dei fremste lyrikarane i sin generasjon. Han er allsidig og har ein stor produksjon også som dramatikar, prosaforfattar, librettoskrivar og gjendiktar.

Bakgrunn

Paal-Helge Haugen er fødd i Valle i Setesdal i Aust-Agder (no Agder). Han studerte medisin ved Universitetet i Oslo (1964–1970) og film og teater i USA (1972–1973). Han underviste i film- og skjønnlitterær skriving i 1973–1978 og har vore frilansforfattar sidan 1978.

Han var medlem av redaksjonen i tidsskriftet Profil 1965–1967, formann i Statens Filmproduksjonsutvalg 1980–1985, formann i den Norske Forfatterforenings litterære råd 1987–1988 og 1993–1996 og nestformann i Norske Dramatikerers Forbund.

Forfattarskapen

Haugen skaper kontakt mellom lyrikk og andre kunstartar, både i eigen forfattarskap og gjennom samarbeid med ulike kunstnarar. Bøkene hans er omsette til om lag 20 språk, og han har fått ei lang rekkje prisar i inn- og utland.

Tematikk og skrivestil

Gjennom heile forfattarskapen har Haugen vore oppteken av korleis eldre religiøst språk kan brukast i sekulær poesi i samtida. Forfattarskapen er særeigen og bind saman ulike aspekt på kryss og tvers av historiske epokar, språk, tradisjonar, sjangrar og kunstformer. Han går nær inn på motiva sine og skriv sanseleg, samtidig som han skriv om store eksistensielle spørsmål. Det konkrete og abstrakte glir inn i kvarandre og skaper nye konstruksjonar som fører til ettertanke.

Haugen er oppteken av både lokal forteljetradisjon og engelskspråkleg modernisme. Lyrikken hans er kjenneteikna av musikalske komposisjonsmønster, og han er tydeleg, objektiv og nøktern i formspråket.

Lyrikk og romanar

Haugen debuterte med Blad frå ein austleg hage (1965), ei gjendikting av hundre japanske haikudikt i samarbeid med Masahiko Inadomi. Han var ein av dei som introduserte haikudikt for norske lesarar. I 1967 debuterte han som lyrikar med diktsamlinga På botnen av ein mørk sommar.

Romanen Anne (1968) var den første norske punktromanen. Lesaren følgjer hovudpersonen Anne i overgangen frå barn til vaksen, samtidig som ho stadig blir sjukare av tuberkulose. Dette er ingen vanleg roman, lesaren blir presentert for mange tekstfragment med spor frå haikudiktinga knytt mellom anna til bibelske forteljingar og korte, nyskrivne lyriske tekstar. Romanen representerer eit skilje i norsk litteraturhistorie ved måten Haugen sameinar prosa og dokumentarisk stoff på.

I diktsamlinga Steingjerde (1979) møter forteljaren frå dei indre bygdene i 1950-åra den amerikanske påverknaden gjennom Elvis og rockens villskap. Dette møtet blei opplevd like sterkt som møtet med religionen. Diktsamlinga er òg ei fin og nær skildring av barndommen og det tradisjonelle bygdesamfunnet

I Det overvintra lyset (1985), som òg er ei diktsamling, bruker han visuelle inntrykk i tekstane, og dei får dobbel klang når han òg bruker kontrasten mellom lys og mørke, som i Bibelen.

Haugen har skrive fleire verk med innslag av eldre sakrale tekstar, mellom anna i Sone O (1992), Pilegrimen (1995), Hans Egedes natt (1995) og Nidaros (1997). Dei religiøse og rituelle tekstane gir stramme rammer, og Haugen prøver ut sitt eige språk mot dei.

Diktsamlinga Kvartett (2008) er ein litterær milepåle i norsk poesi, med fire bøker i eitt: Gs bok, Dantes oske, Passasje og Visum. Dei fire bøkene heng saman, men dei er òg sjølvstendige og alluderer til nokre av grunnskriftene i den vestlege kulturen, til dømes Bibelen og Den guddommelege komedien av Dante. Men dei skildrar òg det livet vi lever her og no.

Omsetjing

Paal-Helge Haugen har òg vore med i arbeidet med den siste omsetjinga av den nynorske utgåva av Det nye testamentet, som kom i 2005. Seinare har han vore medlem av omsetjargruppa som hadde ansvaret for 5. Mosebok og Josva i Det gamle testamentet.

Samarbeid med andre kunstnarar

Haugen har samarbeidd med biletkunstnarar som Kjell Nupen, Grete Nash og Jan Groth, komponistar som Arne Nordheim, Iannis Xenakis og Bjørn Kruse, illustratøren Mette Newth, bilethoggaren Gunnar Torvund og forfattaren Erling Kittelsen.

Utmerkingar

Paal-Helge Haugen har fått ei rekkje prisar. I 1968 fekk han Norsk kulturråds litteraturpris. Seinare har han fått Nynorsk litteraturpris (1985) for diktsamlinga Det overvintra lyset, den amerikanske Richard Wilbur Prize (1986) og Doblougprisen (1986). I 1990 fekk han Kritikarprisen og Cappelenprisen, og han blei nominert til Nordisk råds litteraturpris. 1 1992 fekk han Brageprisen for diktsamlinga Sone O og Songdalen kommunes kulturpris, TONOs Edvard-pris 2001, Aschehougprisen 2008, Gyldendalprisen 2008 og Aust-Agder fylkes kulturpris i 2009. Ho fekk Diktartavla i 2021.

Haugen var festspeldiktar ved Dei Nynorske Festspela (no Festspela) i 1996. Songdalen kommune har heidra han med Haugen-parken (2000). I 2009 blei Haugen utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen for norsk litteratur og kulturliv.

Bibliografi

  • Sennepsfrøet og stormen (Lyrikk, Arkivet freds- og menneskerettighetssenter, 2021)
  • Kvartett (Lyrikk, Cappelen Damm, 2009)
  • Kyst. Sør (Lyrikk, Portal, 2009)
  • Robert Hass: Svak musikk (Gjendiktning, Tiden, 1999)
  • Amichai Yehuda: Naken i Jerusalem. (Gjendiktning, Tiden, 1998)
  • Nidaros. (Dramatikk, 1997)
  • To spel. (Dramatikk, 1995)
  • Hertervig. (Dramatikk, Cappelen, 1995)
  • Eldsalamanderen (medf). (Barnebok, Damm, 1994)
  • Haiku. 200 norske versjonar. (Gjendiktning, Bokklubbens lyrikkvenner, 1994)
  • A. Eit monodrama for musikk (Dramatikk, 1993)
  • Ei natt på jorda. (Dramatikk, 1993)
  • Vidde. (Lyrikk, Cappelen, 1992)
  • Sone 0. (Lyrikk, Cappelen, 1992)
  • Gjennom steinen (medf). (Billedbok, Tiden, 1990)
  • Meditasjonar over Georges de La Tour. (Lyrikk, Cappelen, 1990)
  • Introduksjon. En skillings-monolog (medf). (Lyrikk, Aschehoug, 1990)
  • Vårfuglen (medf). (Billedbok, Tiden, 1989)
  • Inga anna tid, ingen annan stad. Tekst til musikkdrama. (Samlaget, 1986)
  • Horisont. Eit litografisk ord/bilde-verk (medf). (1986)
  • Verden open. Dikt i utval ved Inger Christensen. (Lyrikk, Bokklubbens lyrikkvenner, 1986)
  • Kinesisk lyrikk. (Gjendiktning, Samlaget, 1986)
  • Det overvintra lyset. (Lyrikk, Samlaget, 1985)
  • I dette huset (medf). (Lyrikk, Cappelen, 1984)
  • Herr Tidemann reiser. (Barnebok, Samlaget, 1980)
  • Steingjerde. (Lyrikk, Samlaget, 1979)
  • Fram i lyset, tydeleg. (Lyrikk, Samlaget, 1978)
  • Det synlege menneske. (Lyrikk, Samlaget, 1975)
  • Det nye amerikanske huset. Samtidspoesi frå USA. (Gjendiktning, Samlaget, 1970)
  • Sangbok. (Lyrikk, Samlaget, 1969)
  • Anne. (Roman, Samlaget, 1968)
  • På botnen av ein mørk sommar. (Lyrikk, Samlaget, 1967)
  • Spor. (Lyrikk, Samlaget, 1967)
  • Hundre haikudikt: Blad frå ein austleg hage. (Gjendiktning, Samlaget, 1965)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Fjeldstad, Anton: «Paal-Helge Haugens Anne. En tolkning og tanker omkring en oversettelse» i NLÅ 1971, 147-62
  • Gulliksen, Øyvind T.: «'Den stille ekstasen': Paal-Helge Haugens pietisme» i NLÅ 1989, 70-90
  • Gulliksen, Øyvind T.: «'Eg er framand / eg er ein pilgrim': Paal-Helge Haugens kirketekster» i Bråkenhielm, Carl Reinhold & Torstein Pettersson, red.: Modernitetens ansikten, 2001, 343-60
  • Gulliksen, Øyvind T.: Paal-Helge Haugen, Norsk biografisk leksikon, bd. 4. Oslo 2001.
  • Hagen, Alf van der: Dialoger, b. 2: Åtte forfattersamtaler, 1996, 6-39
  • Havnevik, Ivar: Dikt i Norge. Norsk lyrikkhistorie 200–2000. Oslo 2002
  • Karlsen, Ole, red.: Store oskeflak av sol: om Paal-Helge Haugens og Eldrid Lundens forfatterskap, 1995
  • Langås, Unni: «Paal-Helge Haugens poesi. Ein presentasjon» i NLÅ 1983, 119-35
  • Moan, Margrete Giske: «Paal-Helge Haugen: Anne. Språklag, miljøbilete, opplevingsplan, livserkjenning» i NLÅ 1979, 187-201
  • Norsk biografisk leksikon, 2. utgave
  • Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 7: Inn i medietidsalderen, 1997
  • Terland, Ingrid: Sørlandsforfattere [...], 2002, 379-93 (bibliografi)
  • Vannebo, Einar: «I arbeid med formene. Paal-Helge Haugen i samtale med Einar Vannebo» i NLÅ 1994, 14-26

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg