Torpedo
Utsjånad
Torpedo er eit sjølvdrive undervassvåpen som kan brukast mot ulike fartøy. Dei er vanlegvis sylinderforma, og kan sendast ut av undervassbåtar, overflatefartøy, luftfartøy eller stasjonære basar.[1] Våpenet består av ei sprenglading, motor, drivstoff/trykklufttank og propell. Det blei utvikla frå slutten av 1860-åra.
Dei første torpedoane hadde ein aksjonsradius på nokre hundre meter og ein fart på 6–7 knop. Før dette hadde ein hatt slepetorpedoar og stangtorpedoar. Teknologien er blitt kontinuerleg forbetra og torpedoen utvikla seg over tid til eit frykta våpen, til dømes under andre verdskrigen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Berg, Ole F.; Rein, Torolf (30. oktober 2014), «Torpedo: våpen», Store norske leksikon, henta 10. oktober 2016
- Denne artikkelen bygger på «Torpedo» frå Wikipedia på bokmål, den 10. oktober 2016.