Tour de France
Tour de France (eller berre le Tour; i Noreg òg Touren eller Frankrike rundt) er det største sykkelrittet i verda. Det blir køyrt kvar sumar i Frankrike i juli. Rittet startar på ein laurdag og varer i tre veker. Frankrike rundt vart arrangert fyrste gongen i 1903, og har sidan då vorte arrangert kvart år, berre avbrote av verdskrigane. Arrangør og eigar av rittet er Amaury Sport Organisation.
I Europa blir det òg arrangert to andre 3-vekers etapperitt på sykkel kvart år: Giro d'Italia (Italia rundt) og Vuelta a España (Spania rundt).
Dei nordmennene som har gjort det best, er Thor Hushovd, som vann poengkonkurransen i 2005 og 2009, og Jostein Wilmann, som ut frå samanlagd tid kom på ein 14. plass i 1980. Elles har nordmenn vunne atten etappar i touren - Dag Otto Lauritzen i 1987, Thor Hushovd i 2002, 2004, 2006 (2), 2007, 2008, 2009, 2010 og 2011 (2), Kurt Asle Arvesen i 2008, Edvald Boasson Hagen i 2011 (2) og 2017, og Alexander Kristoff i 2014 (2) og 2018.
Trøyene
[endre | endre wikiteksten]Trøyene i sykkelrittet er knytte til dei ulike prisane. Personen som ber ei trøye, er den som førebels ligg best an i kampen om prisen. Talet på trøyer og kva for trøyer som finst, har variert noko opp gjennom tidene. For tida finst desse trøyene:
- Gul trøye (le maillot jaune): Leiartrøya. Blir boren av den ryttaren som har best samanlagdtid.
- Grøn trøye (le maillot vert): Spurttrøya/poengtrøya. Blir boren av den som har flest spurtpoeng. Desse poenga blir gjevne til dei ryttarane som kjem i mål fyrst på kvar etappe, og ofte 2-3 gonger undervegs i etappen til dei som passerer førehandsbestemte punkt fyrst. Det blir òg gjeve poeng på dei individuelle tempoetappane.
- Kvit trøye med raude prikkar (le maillot à pois rouges): Klatretrøya. Blir boren av den som har flest klatrepoeng. Det er dei fyrste ryttarane over fjelltoppar som får klatrepoeng.
- Kvit trøye (le maillot blanc): Ungdomstrøya. Kan berre bli boren av ryttarar under 25 år (eller som har fylt 25 det inneverande året). Fungerer elles på same måte som den gule trøya, dvs. at det er samanlagdtida som tel.
Dersom ein ryttar har krav på fleire trøyer, ber han den gjævaste av trøyene (i rekkjefylgja gul-grøn-raudprikka-kvit).
Vinnarliste
[endre | endre wikiteksten]Ryttarane som står oppført med overstreka namn i opplistinga har vorte frådømd sigeren i ettertid på grunn av brot mot dopingreglementet.
|
|
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Har vedgått at han var dopa under tevlinga
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Den offisielle heimesida til Tour de France (letour.fr)