Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Sweet Baby James

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sweet Baby James
Studioalbum av James Taylor
Språk engelsk
Utgjeve februar 1970 (1970-02)
Innspelt December 1969
Studio Sunset Sound, Los Angeles
Sjanger
Lengd 31:51
Selskap Warner Bros.
Produsent Peter Asher
James Taylor-kronologi 
James Taylor
(1968)
Sweet Baby James James Taylor and the Original Flying Machine
(1971)


Singlar frå Sweet Baby James
  1. «Sweet Baby James»
    Utgjeve: 1970
  2. «Fire and Rain»
    Utgjeve: 1970
  3. «Country Road»
    Utgjeve: 1970
  4. «Sunny Skies»
    Utgjeve: February 1971

Sweet Baby James er det andre studioalbumet til den amerikanske songaren og låtskrivaren James Taylor og den første utgjevinga hans på Warner Bros. Records. Det kom ut i februar 1970 og inneheld ein av dei første suksessfulle singlane til Taylor: «Fire and Rain», som nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100. Sjølve albumet nådde tredjeplassen på Billboard Top LPs & Tapes-lista. Sweet Baby James gjorde Taylor til ei av hovudkreftene i den framveksande songar-låtskrivar-rørsla. Albumet vart nominert til Grammyprisen for Årets album i 1971. Albumet vart lista som nummer 104 på Rolling Stone si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[1] I 2000 kom albumet på 228. plass i Colin Larkin si bok All Time Top 1000 Albums.[2]

Albumet, som var produsert av Peter Asher, vart spelt inn i Sunset Sound i Los Angeles i California, mellom 8. og 17. desember 1969, til ein kostnad av berre 7 600 amerikanske dollar av eit budsjett på 20 000 dollar.[3] Taylor var «i hovudsak heimlaus» då albumet vart spelt inn, og budde anten heime hos Asher eller sov på ein sofa hos gitaristen Danny Kortchmar eller andre som ville ta imot han.[3]:66

Songen «Suite for 20 G» fekk namnet sitt fordi Taylor vart lova 20 000 dollar når albumet var ferdig. Han trong ei siste song for å kunne ferdigstille plata, og då sette han saman tre uferdige songar til ein «suite», slik at han kunne fullføre albumet.[4]

Albumet inneheld to hitsinglar: «Fire and Rain», med B-sida «Anywhere Like Heaven», som nådde ein tredjeplass på Billboard Hot 100 den 31. oktober 1970, og «Country Road», med B-sida «Sunny Skies», som nådde ein 37. plass den 20. mars 1971. Endå ein singel, «Sweet Baby James», med B-sida «Suite for 20 G», nådde ikkje hitlistene.[5]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[6]
Christgau's Record GuideB–[7]
MusicHound Rock4/5[8]
Rolling Stone Album Guide5/5 stars[9]
The Village VoiceC+[10]
Encyclopedia of Popular Music5/5 stars[11]

Kritikaren Gary von Tersch skreiv i Rolling Stone i 1970 at han fann «ekko av The Band, The Byrds, country Dylan og ein viseaktig Dion» i Taylors musikk på plata, og at Taylor hadde klart å transformere dette til ei «svært lyttbar plate som er heilt hans eiga».[12] Village Voice-kritikaren Robert Christgau var hardare i si vurdering av albumet, og sa at «Taylors heftige etterfylging forvirrar meg; så vidt eg kan sjå, er han berre nok ein poetiserande undersått. Sjølve produksjonen er konvensjonell. Berre for sanne truande.»[10] I ei retrospektiv melding var AllMusic-skribenten William Ruhlmann meir mottakeleg for «Taylors kjensle av sår håpløyse», og meinte albumet reflekterte «pessimismen frå det tidlege 70-talet og desperasjonen i bakrusen etter 1960-åra» og «slo an hos musikkelskarar, spesielt på grunn av den attraktive blandinga av folk, country, gospel og blueselement, alle omhyggjeleg nedtona og distansert.»[6]

  • I 2001 kåra TV-kanalen VH1 Sweet Baby James til det 77. beste albumet gjennom tidene.[13]
  • I 2003 vart albumet rangert som nummer 104 på Rolling Stone si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene,[1] og heldt denne plasseringa i den reviderte lista frå 2012.[14] På den reviderte lista frå 2020 hadde albumet falle til 182. plassen.[15]

Alle songar er skrivne av James Taylor, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Sweet Baby James»2:54
2.«Lo and Behold»2:37
3.«Sunny Skies»2:21
4.«Steamroller»2:57
5.«Country Road»3:22
6.«Oh, Susannah»1:58
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Fire and Rain»3:20
8.«Blossom»2:14
9.«Anywhere Like Heaven»3:23
10.«Oh Baby, Don't You Loose Your Lip on Me»1:46
11.«Suite for 20 G»4:41

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Musikarar

Blåsarane på albumet er ikkje oppførte.

Teknisk

Salslister

[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1970–1971) Plassering
Australian Albums (Kent Music Report)[17] 7
Den kanadiske RPM-lista[18] 3
UK Albums Chart[19] 6
US Billboard Top LPs & Tapes[20] 3

Årslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1970) Plassering
US Billboard Pop Albums[21] 15
Liste (1971) Plassering
US Billboard Pop Albums[22] 7

Salstrofé

[endre | endre wikiteksten]
Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[23] 3× Platina 3 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

  1. 1,0 1,1 Levy, Joe; Van Zandt, Steven (2006) [2005]. «103». | Sweet Baby James - James Taylor. Rolling Stone's 500 Greatest Albums of All Time (3. utg.) (London: Turnaround). ISBN 1-932958-61-4. OCLC 70672814. 
  2. Larkin, Colin (2000). All Time Top 1000 Albums (3. utg.). Virgin Books. s. 107. ISBN 0-7535-0493-6. 
  3. 3,0 3,1 Browne, David (2011). Fire and Rain: The Beatles, Simon & Garfunkel, James Taylor, CSNY and the Lost Story of 1970. Boston: Da Capo Press. s. 64. 
  4. «Suite For 20G by James Taylor». Songfacts.com. 
  5. «James Taylor charts». Billboard.com. 
  6. 6,0 6,1 Ruhlmann, William. Sweet Baby JamesAllmusic. Henta 29. mars 2023.
  7. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: T». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 29. mars 2023 – via robertchristgau.com. 
  8. Graff, Gary; Durchholz, Daniel, red. (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 1124–25. ISBN 1-57859-061-2. 
  9. Coleman, Mark; Edmonds, Ben (2004). «James Taylor». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide. London: Fireside. s. 804–805. ISBN 0-7432-0169-8.  Portions posted at «James Taylor > Album Guide». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 5. januar 2013. Henta 6. november 2011. 
  10. 10,0 10,1 Christgau, Robert (23. april 1970). «Consumer Guide (9)». The Village Voice. Henta 29. mars 2023 – via robertchristgau. com. 
  11. Larkin, Colin (2007). Encyclopedia of Popular Music (4. utg.). Oxford University Press. ISBN 978-0195313734. 
  12. von Tersch, Gary (30. april 1970). «James Taylor Sweet Baby James > Albumomtale». Rolling Stone (57). Arkivert frå originalen 3. november 2007. Henta 15. juni 2006. 
  13. «Rock On The Net: VH1: 100 Greatest Albums». www.rockonthenet.com. Henta 21. november 2016. 
  14. «500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. 2012. Henta 29. mars 2023. 
  15. Rolling Stone (22. september 2020). «De 500 beste albumene gjennom tidene». Rolling Stone (på engelsk). Henta 12. september 2021. 
  16. «Chris Darrow interview on Outsight Radio Hours». Archive.org. Henta 25. august 2013. 
  17. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 305. ISBN 0-646-11917-6. 
  18. «Top Albums/CDs – Volume 14, nr. 16» (PHP). RPM. 5. desember 1970. Henta 29. mars 2023. 
  19. «James Taylor | full Official Chart History». UK Albums Chart. Henta 29. mars 2023. 
  20. «James Taylor Chart History: Billboard 200». Billboard. Henta 29. mars 2023. 
  21. «Billboard.BIZ Top Pop Albums of 1970». billboard.biz. Arkivert frå originalen 15. desember 2012. Henta 27. mars 2014. 
  22. «Billboard.BIZ Top Pop Albums of 1971». billboard.biz. Arkivert frå originalen 31. desember 2012. Henta 23. mai 2022. 
  23. «American album salstrofé – James Taylor – Sweet Baby JAmes». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]