Greatest Hits av James Taylor
Greatest Hits Samlealbum av James Taylor | ||
Utgjeve | November 1976 | |
Innspelt | Desember 1969 til oktober 1976 | |
Sjanger | ||
Lengd | 43:42 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | ||
James Taylor-kronologi | ||
---|---|---|
In the Pocket (1976) |
Greatest Hits | JT (1977)
|
Greatest Hits er den første samleplata til den USA-amerikanske songar-låtskrivaren James Taylor. Ho kom ut i november 1976. Så langt er dette det bestseljande albumet i karrieren hans.
Albumet vart til i samband med at platekontrakten til Taylor med Warner Records gjekk ut. Det inneheld nyinnspelte versjonar av «Carolina in my Mind» og «Something in the Way She Moves», som begge hadde vore på Taylor sitt sjølvtitulerte debutalbum i 1968. Plata inneheld òg ein tidlegare utilgjengeleg liveversjon av «Steamroller».[1]
Albumet nådde ikkje høgare enn 23. plassen på Billboard-albumlista då det først kom ut. Likevel selde det jamt gjennom åra og Greatest Hits har selt over 11 millionar eksemplar, som tyder at det har selt til 11x platinaplate og eit diamantalbum (for 10 millionar eksemplar).
I august 2012 gjekk albumet på nytt inn på Billboard 200-lista, på 15. plassen, noko som var ny rekord for albumet.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Christgau's Record Guide | C[2] |
MusicHound Rock | 3.5/5[3] |
The Rolling Stone Album Guide | [4] |
Musikkritikaren William Ruhlmann gav albumet ei positiv melding, og skreiv for AllMusic at det utgjer ei «rimeleg samling for ein artist som ikkje var spesielt godt definert av singlane sine». Samtidig som han åtvara om at utgivinga ikkje heilt viste «utviklinga» av låtskrivinga til Taylor, uttalte han at det framleis er «eit godt utval» av det tidlege arbeidet til artisten.[1]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songane er skrivne av James Taylor, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Something in the Way She Moves» (1976-versjonen) | 3:14 | |
2. | «Carolina in My Mind» (1976-versjonen) | 4:00 | |
3. | «Fire and Rain» | 3:26 | |
4. | «Sweet Baby James» | 2:55 | |
5. | «Country Road» | 3:26 | |
6. | «You've Got a Friend» | Carole King | 4:33 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Don't Let Me Be Lonely Tonight» | 2:39 | |
8. | «Walking Man» | 3:36 | |
9. | «How Sweet It Is (To Be Loved by You)» | Holland-Dozier-Holland | 3:39 |
10. | «Mexico» | 3:01 | |
11. | «Shower the People» | 4:01 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- James Taylor – akustisk gitar, vokal
- Kenny Ascher – elektrisk piano (spor 8)
- Byron Berline – fele (spor 2)
- Michael Brecker – tenorsaksofon (spor 7)
- David Crosby – harmonivokal (spor 10)
- Nick DeCaro – orgel (spor 11)
- Craig Doerge – piano (spor 7)
- Dan Dugmore – pedalsteelgitar (spor 1, 2)
- Victor Feldman – klokkespel, vibrafon (spor 11)
- Andrew Gold – harmonium, korvokal (spor 2)
- Milt Holland – perkusjon (spor 10)
- Jim Keltner – trommer (spor 9)
- Carole King – piano, korvokal (spor 3–5)
- Danny Kortchmar – elektrisk gitar (spor 7, 9–10, 12); oppført som Danny Kootch - akustisk gitar, conga (spor 6)
- Russ Kunkel – trommer (spor 2–7, 10–12); congas (spor 6–7); cabasa (spor 6); tamburin (spor 9); shaker (spor 10)
- Gayle Levant – harp (spor 10)
- John London – bassgitar (spor 4)
- Rick Marotta – trommer (spor 8)
- Ralph MacDonald – perkusjon (spor 8)
- Clarence McDonald – piano (spor 2, 9, 12); Fender Rhodes piano (spor 9, 11); orgel (spor 11)
- Randy Meisner – bassgitar (spor 5)
- Joni Mitchell – korvokal (spor 6)
- Andy Muson – bassgitar (spor 8)
- Graham Nash – harmonivokal (spor 10)
- Gene Orloff – strykarar (konsertmeister) (spor 8)
- Herb Pedersen – korvokal (spor 1)
- Red Rhodes – pedalsteelgitar (spor 4)
- David Sanborn – saksofon (spor 9)
- Carly Simon – harmonivokal (spor 9, 11)
- Leland Sklar (oppført som «Lee» Sklar) – bassgitar (spor 1–2, 6–7, 9–12)
- David Spinozza – elektrisk gitar; akustisk gitar (spor 8)
- Bobby West (oppført Bobby «Wild Wild» West) – kontrabass (spor 3)
Salslister
[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Australia (ARIA)[9] | 3× Platina | 210 000^ |
Spania(PROMUSICAE)[10] | Gull | 50 000^ |
Storbritannia (BPI)[11] | Platina | 300 000^ |
USA (RIAA)[12] | 11× Platina | 11 000 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Greatest Hits (James Taylor album)» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.allmusic.com/album/r19702
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: T». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 3. april 2023 – via robertchristgau.com.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel, red. (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 1124. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ «James Taylor: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 5. januar 2013. Henta 7. april 2023.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 305. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ "James Taylor Album & Song Chart History" Billboard 200 for James Taylor. Prometheus Global Media.
- ↑ "James Taylor Album & Song Chart History" Billboard Top Rock Albums for James Taylor. Prometheus Global Media.
- ↑ «Top Rock Albums – Year-End 2020». Billboard. Henta 7. april 2023.
- ↑ «ARIA Charts – Accreditations – 1996 Albums». Australian Recording Industry Association.
- ↑ Fernando Salaverri (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. s. 953. ISBN 84-8048-639-2.
- ↑ «British album salstrofé – James Taylor – Greatest Hits». British Phonographic Industry. Enter Greatest Hits in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
- ↑ «American album salstrofé – James Taylor – Greatest Hits». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH