Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Sunzi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sunzi

Statsborgarskap Qi, Wu
Fødd 544 f.Kr.
Qi
Død

496 f.Kr., 470 f.Kr.
Gusu

Yrke skribent, filosof, militær
Far Sun Ping
Born Sun Ming
Sunzi på Commons

Sun Wu, betre kjend som Sunzi[1] 'Meister Sun' var ein kinesisk militær som levde rundt år 500 f.Kr. Sunzi blir rekna for å vere forfattaren av boka Kunsten å krige (Sunzi Bingfa), ei innverknadsrik bok om militærstrategi (men for det meste ikkje direkte om taktikk). Han er også ein av dei første realistane innan den internasjonale relasjonsteori. Det er omstridd om Sunzi faktisk er ein historisk person eller ikkje.

Sun Zi skal ha vore frå staten Qi i Nord-Kina, men levde periodar av livet i staten Wu i Sentral-Kina. Det var her han fekk moglegheita til å prøve ut teoriane sine.

  • Denne artikkelen bygger på «Wikipedia» frå Wikipedia på bokmål, den 25. juni 2008.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: Harald Bøckman (1999) Kunsten å krige, etter Sun Zi – Gyldendal Norsk Forlag ASA, Gjøvik – Bøckman, Harald (oversetter)
Fotnotar
  1. kin. 孫子, pinyin Sūn Zǐ, Wade-Giles Sun Tzu

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]