Sarajevo
Sarajevo • Сарајево | |||
by | |||
|
|||
Kallenamn: Den olympiske byen | |||
Land | Bosnia-Hercegovina | ||
---|---|---|---|
Region | Føderasjonen Bosnia-Hercegovina Republika Srpska | ||
Kommune | Sarajevo kommune | ||
Høgd | 500 m | ||
Areal | 141,5 km² | ||
Folketal | 275 524 (2013)[1] | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Sarajevo 43°51′23″N 18°24′47″E / 43.856388888889°N 18.413055555556°E | |||
Kart over Bosnia-Hercegovina
| |||
Wikimedia Commons: Sarajevo |
Sarajevo er hovudstaden og den største byen i Bosnia-Hercegovina med eit innbyggjartal på rundt 275 500 i 2013. Byen er òg hovudstad i Føderasjonen Bosnia-Herzegovina og Republika Srpska, i tillegg til sentrum i Sarajevo kommune. Sarajevo ligg i Sarajevodalen i Bosnia omgjeve av Dei dinariske Alpane ved elva Miljacka. Byen er kjend for å ha eit religiøst mangfald der tilhengjarar av islam, katolisisme, den ortodokse kyrkja og jødedomen har levd side om side i fleire hundrår. Sarajevo vert rekna for å vere ein av dei mest kulturelt viktige byane på Balkan.
Sjølv om det har vore busetnadar her sidan antikken vart den moderne byen til som eit ottomansk tilfluktsstad på 1400-talet.[3] Sarajevo fekk mykje internasjonal merksemd på 1900-talet. I 1914 var byen åstad for drapet på Franz Ferdinand, som utløyste Den første verdskrigen. I 1984 vart Vinter-OL halde her, medan byen på 1990-talet gjennomgjekk den lengste omleiringa i moderne militærhistorie under Bosnia-krigen. I dag er ein i ferd med å byggje opp att byen som sentrum for den kulturelle og økonomiske utviklinga i Bosnia-Hercegovina.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Population» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 24. desember 2017. Henta 20. november 2016.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Store sovjetiske leksikon (1969-1978); side(r): 587; band: 22.
- ↑ Valerijan, Žujo; Imamović, Mustafa; Ćurovac, Muhamed (1997). Sarajevo. Svjetlost.
- ↑ Kelley, Steve. Rising Sarajevo finds hope again. The Seattle Times.