Nemanja Vidić
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 21. oktober 1981 | ||
Fødestad | Titovo Užice | ||
Høgd | 189 cm | ||
Posisjon | Midtstoppar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Manchester United | ||
Nummer | 15 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1989-93 1994-96 1996-2000 |
Jedinstvo Užice Sloboda Užice Raude Stjerne | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2000-04 2000-01 2004-06 2006- |
Raude Stjerne Subotica (lån) Spartak Moskva Manchester United |
67 (12) 27 (6) 39 (4) 167 (14) | |
Landslag | |||
2002-06 2006- |
Serbia og Montenegro Serbia |
Til saman 51 (2) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. september 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 7. september 2010 |
Nemanja Vidić (fødd 21. oktober 1981 i Titovo Užice i Serbia) er ein serbisk fotballspelar som har spela for Manchester United i engelsk Premier League, og for det serbiske landslaget.
Vidić vart seriemeister i Serbia og Montenegro i 2004 med Raude Stjerne og i England med Manchester United i 2007, 2008, 2009 og 2011. Han var òg med på å vinna Den europeiske meisterligaen i 2008. Han vart kåra til årets serbiske fotballspelar i 2005 og 2008.
Vidić debuterte for A-landslaget til Serbia og Montenegro 12. oktober 2002, i ein EM-kvalifiseringskamp mot Italia. Han var med i Serbia og Montenegro sin tropp til fotball-VM i 2006, men vart skada rett før turneringa og fekk ikkje spelt nokon av kampane. 15. november 2006 skåra han mål for Serbia mot Noreg i ein privatlandskamp i Beograd. I fotball-VM i 2010 spelte han alle Serbia sine tre kampar.