Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

MS «Queen Elizabeth 2»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
MS «Queen Elizabeth 2»
Type: linjeskip, passasjerskip
Eigar: Cunard Line (1969 - 1998),
Carnival Corporation & plc (1998 - 2008)
Verft: John Brown & Company
Byggjenummer: 736
Sett i teneste: 1969
Identifisering: IMO-nummer: 6725418
Dekkbreidde: 32,06 meter}
Djupgang: 9,87 meter
Passasjerar: 1 900

MS «Queen Elizabeth 2» var eit cruiseskip som tilhøyrde Cunard Line og var i virke frå 1969 til 2008.[1]

Skipet var kalla opp etter det transatlantiske passasjerskipet RMS «Queen Elizabeth». MS «Queen Elizabeth 2» var flaggskip for reiarlaget fram til fartøyet vart erstatta av RMS «Queen Mary 2» i 2004. Det vart bygd i Clydebank, ved elva Clyde i Skottland.

Gjennom 40 år i fart sigla skipet over det meste av verda, og vart i den siste perioden sett inn i cruisefart frå Southampton. Skipet vart teke ut av teneste mot slutten av 2008 og vart sidan nytta som flytande hotell i Palm Jumeirah i Dubai.

  1. Queen Elizabeth 2 i Store norske leksikon

  • Denne artikkelen bygger på Queen Elizabeth 2 frå Wikipedia på bokmål, versjonen frå 8. juli 2018