Eugène-Louis-Napoléon Bonaparte
Eugène-Louis-Napoléon Bonaparte | |||
| |||
Fødd | 16. mars 1856 Paris | ||
---|---|---|---|
Død | 1. juni 1879 Ulundi | ||
Hus eller slekt | Huset Bonaparte | ||
Gravstad | Tomb of Napoleon Prince Imperial | ||
Land | Frankrike | ||
Mor | Eugénie de Montijo | ||
Far | Napoleon III av Frankrike |
Eugène-Louis-Napoléon Bonaparte, eller Louis-Napoléon Bonaparte, nokre gonger omtalt som Napoleon IV (16. mars 1856–1. juni 1879), var sonen til Napoleon III og Eugénie av Frankrike. Han var kronprins då far hans var keisar av Frankrike.
Napoléon Eugène Louis Jean Joseph Bonaparte var fødd i Paris i 1856. Etter av far hans blei avsett i 1870, reiste han med familien sin til England. Bonaparte var elev ved krigsskulen i Woolwich, men han verker ikkje å ha utmerka seg innan krigføring.
Etter at faren døydde i januar 1873 blei han utropt til Napoleon IV, fransk keisar, av bonapartistane, men blei aldri meir enn tronpretendent.
Seinare i livet utførte han fleire reiser til Sveits, Italia, Danmark, Sverige og Noreg. I februar 1879 reiste han til Sør-Afrika og kjempa på britisk side under zulukrigen. Han blei drepen under eit rekognoseringsoppdrag nær Ulundi. Louis-Napoléon Bonaparte er gravlagd i Farnborough.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Louis Napoléon Bonaparte» frå Wikipedia på bokmål, den 16. oktober 2019.