Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Andørja

Koordinatar: 68°53′N 17°20′E / 68.883°N 17.333°E / 68.883; 17.333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andørja
Lokalt namn Áttir
Flyfoto av Andørja Foto: Erlend Bjørtvedt (2013)
Flyfoto av Andørja

Foto: Erlend Bjørtvedt (2013)

Geografi
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 68°53′N 17°20′E / 68.883°N 17.333°E / 68.883; 17.333

Areal 136 km²

Høgaste punkt Langlitinden (1277 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke:
Kommune:
Troms
Ibestad

Andørja (nordsamisk Áttir) er ei øy med flatevidde på ca 136 kvadratkilometer i Ibestad kommune i Troms. Øya er Nord-Europas fjellrikaste øy.[1] Øya er også karakteristisk på grunn av ein 8 km lang fjord, Straumbotn, som omtrent deler ho i to. Det høgaste fjellet er Langlitinden, 1277 moh. Andørja var tidlegare ein eigen kommune.

Samferdsle

[endre | endre wikiteksten]

Øya har fastlandssamband til Salangen kommune over Mjøsundet via Mjøsundbrua, Ibestadtunnelen går mellom Andørja og Rolla.

Kommunesoge

[endre | endre wikiteksten]

Andørja var frå 1837 ein del av Ibestad formannskapsdistrikt. I 1926 vart Andørja, Astafjord og Gratangen utskilde frå Ibestad som eigne kommunar. Andørja hadde då 1 420 innbyggjarar.[2]

1. januar 1964 vart Andørja og Rolløya i Skånland slegne saman til Ibestad kommune. Andørja kommune hadde på det tidspunktet eit folketal på 1 330.[2] I dag bur det om lag 650 menneske på øya.

Folketalsutvikling

[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Andørja kommune frå 1930 til 1964:

1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1964[2]
1420 1465 1393 1330 1330

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Fotnotar