Straumbotn
Utsjånad
68°52′51.031″N 17°13′43.039″E / 68.88084194°N 17.22862194°E
- Sjå òg Straumsbotn på Senja.
Straumbotn er ein fjordarm av Vågsfjorden på Andørja i Ibestad kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 8 km søraustover til garden med same namn i botn av fjorden.
Fjorden har innløp gjennom det smale sundet Straumen i nord. Sundet ligg mellom grendene Straumen i aust og Åndervåg i vest. Det ligg fleire gardsbruk innover i fjorden, hovudsakleg på austsida. Fjorden er omgjeve av høge fjell. Vasskartinden ligg på austsida og stig til 1140 meter over havet. På vestsida ligg Åtinden på 1108 meter over havet.
Fv132 kryssar sundet ved innløpet til fjorden i nord.