Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Cetirizin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strukturformel for cetirizin (racemisk blanding)

Cetirizin er eit lekjarmiddel som vert brukt mot allergiar. Det er eit andregenerasjons antihistamin mot allergisk rinitt («høysnue») og urtikaria (rennande nase). Cetrizin vert òg seld under nemningane Acura og Zyrtex.[1] Cetirizin er ein effektiv antagonist mot histamin ved perifere H1-reseptorar og minskar dermed effektivt symptoma på histaminfrisetting ved allergi.

Cetirizin er òg hovudmetabolitt av preparatet hydroksin,[2] og skil seg frå dette berre gjennom ei hydroksylgruppe erstatta av ei karboksylgruppe. Dette gjer at cetirizin ved normal pH-verdi i kroppen verkar som zvitterjon. Molekyla er så polare at cetirizin ikkje går gjennom blod-hjerne-barrieren i merkbar utstrekning. Difor vert ein ikkje søvnigare av dette enn av hydroksin.

  1. Cetirizin i FASS
  2. Chen, C: Physicochemical, pharmacological and pharmacokinetic properties of the zwitterionic antihistamines cetirizine and levocetirizine. Curr Med Chem. 2008;15(21):2173-91.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]