Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Leningrad oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 24. august 2010 kl. 10:54 av Luckas-bot (diskusjon | bidrag) (robot la til: vi:Leningrad (tỉnh))

Leningradskaja oblast
   

Leningrad oblast sitt flagg Leningrad oblast sitt våpen
Leningrad oblast på kartet over Russland
Hovudstad St. Petersburg
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 39.

85 300 km²
12,8 %

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering:27.

ca. 1 634 600 (2007)
ca. 19,2/km²

Føderalt distrikt Severo-zapadnyj (Nordvestlege)
Økonomisk region Severo-zapadnyj (Nordvestlege)
Regionsnummer 47
Offisielt språk Russisk
Guvernør Valerij Pavlovitsj Serdjukov
Nasjonalsong  
Tidssone UTC +0300

Leningrad oblast (Russisk språk: Ленингра́дская о́бласть; Leningradskaja oblast) er eit oblast vest i Russland. Leningrad oblast er ei føderal eining i den russiske føderasjonen. Oblastet omfattar omlandet til byen St. Petersburg, som tidlegare heitte Leningrad, men byen sjølv er ikkje del av oblastet. Namnet Leningrad kjem av Vladimir Lenin. Sjølv om byen skifta navn frå Leningrad til St. Petersburg etter kommunismens fall vart det i ei folkerøysting i Leningrad oblast fleirtal for å behalda navnet Leningrad. Provinsen grensar til Finland og Estland, og har kyst til Austersjøen.

Delar av Leningrad oblast, på Det karelske neset, var del av Finland fram til Vinterkrigen i 1940. Eit lite grenseområde var del av Estland fram til den andre verdskrigen.

Sidan 1987 har Leningrad oblast hatt eit omfattande samarbeid med Nordland fylkeskommune. Sju kommunar i Nordland har inngått samarbeidsavtalar med kommunar i Leningrad oblast. Dette er: Bodø og Vyborg, Narvik og Kingisepp, Vefsn og Volkhov, Steigen og Podporozje, Gildeskål og Lodejnoje Pole, Tysfjord og Kirisji, Ballangen og Tosno.

Folkesetnad

Dei største byane i Leningrad oblast er Gattsjina (89 100 ibuarar), Vyborg (77 900) og Sosnovyj Bor (66 700).

Størsteparten av folket er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2002 var den etniske samansetjinga:

Eit stort antal finnar vart fordrivne frå områda som vart overtatt frå Finland etter Vinterkrigen, og finsk-ugriske folkeslag utgjer no berre små minoritetar:

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Leningrad oblast
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.