1
barn
ser på bil
frå
ei bru i ein by,
med
bensinstasjonen
som
eit stille bakteppe
bortanfor
glaset
og
eg,
eg
står bakanfor
med
eit bankande hjarte
for
ho framfor
2
b
som i bjørk og barrikadar
bringe blanke bajonettar bort,
berre
bisarre blikk av blikk
berre brubyggarar i baugen –
bilde
av ei barsk og bram bjørk,
barriereklatrar mot blå bakgrunn
med
bark og bankande barm
3
banan
bana
ban
ba
b
(og
så er eg mett)