Enkelttre skal vera planta i Noreg rundt 1870, medan dei første plantningane vart etablerte på 1890-talet. I skogreisinga langs kysten frå 1950 til 1990 var sitkagran det desidert viktigaste framande treslaget med eit tilplanta areal på cirka 500 000 dekar. Størst har utplantinga vore i Nordland (rundt 130 000 dekar), deretter følgjer Hordaland (rundt 65 000 dekar), Møre og Romsdal (rundt 60 000 dekar) og Rogaland (rundt 55 000 dekar). Plantefelta finst langs heile kysten nord til Troms.
Etter at styresmaktene vart merksame på risikoane ved å innføre artar til nye område, har det vorte innført restriksjonar på bruk av framande treslag i skogbruksnæringa. I 2012 vart det vedteke ei forskrift om utsetjing av framande treslag til skogbruksføremål. Av denne følgjer det at ein treng løyve for å plante ut sitkagran i Noreg.
I framandartslista til Artsdatabanken står sitkagran (inkludert lutzgran) i risikokategori SE — Svært høg risiko. Det blir grunngitt med at arten har stort invasjonspotensial og høg økologisk effekt (mellom anna gjengroing av dei raudlista naturtypane kystlynghei og kysthøgmyr).
Sitkagran, Picea sitchensis, og lutzgran, Picea x lutzii (hybriden mellom sitkagran og kvitgran Picea glauca), kan vera vanskeleg å skilja frå kvarandre, og det er ofte uklart kva som er planta. I risikovurderinga til Artsdatabanken er difor sitkagran og lutzgran behandla samla, og i arealstatistikken er tala for dei to artane særs usikre.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.