Furufamilien er den største familien av bartre med omlag 230 artar, mellom anna vanleg gran og furu. Nesten alle artane i furufamilien er eviggrøne tre, i nokre tilfelle buskar.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Pinaceae
Furufamilien er den største familien av bartre med omlag 230 artar, mellom anna vanleg gran og furu. Nesten alle artane i furufamilien er eviggrøne tre, i nokre tilfelle buskar.
Furufamilien er delt i to underfamiliar og elleve slekter. Den eine underfamilien har berre éi slekt, furuslekta, medan den andre underfamilien har ti slekter.
Pollen- og frøkonglene er på same tre (sambu).
Pollenkonglene (populært kalla «hannblomar») er små sideskot med ei samling av overlappande sporofyll. Kvart sporofyll ber to mikrosporangium (pollensekker). Pollenkonglene sit enkeltvis eller samla i klyngjer. Etter å ha sleppt pollenet visnar dei og fell av.
Frøkonglene (populært kalla «hoblomar» før pollinering) består av ein akse med mange spiralstilte dekkskjel, som på oversida har eit kongleskjel med to nakne frøemne (nakenfrøa plantar). I løpet av frømodninga blir kongleskjela treaktige. Dekkskjela er oftast små og skjulte av dei større, tettsitjande kongleskjela. Frømodninga blir hos dei fleste fullført i det første året, men hos furuartane tek det to–tre år.
Dei fleste artane har frø med éin vengje og blir spreidde med vinden (vindspreiing). Nokre få manglar vengje og har gjerne større, nøtteliknande frø som blir spreidde av fuglar eller andre dyr (dyrespreiing).
Nivå | Vitenskapelig navn | Norsk navn |
---|---|---|
Rike | Plantae | planteriket |
Rekke | Pinophyta | nakenfrøete planter, nakenfrøingar |
Klasse | Pinopsida | bartrær |
Orden | Pinales | furuordenen |
Familie | Pinaceae | furufamilien |
Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.