Kvikksølv dannar sambindingar og kompleks både i oksidasjonstrinn +I og +II.
Døme på Hg(II)-sambindingar er kvikksølv(II)oksid og kvikksølv(II)sulfid. Sambindingar av Hg(I) inneheld det toatomige ionet \(\ce{Hg2^{2+}}\). Eit døme er kvikksølv(I)klorid, også kalla kalomel.
Både Hg(I) og Hg(II) er stabile i vatn, men \(\ce{Hg2^{2+}}\)-kationet har lett for å disproporsjonere til Hg(II) og Hg. Generelt er \(\ce{Hg2^{2+}}\)-sambindinga lite lauslege og dannar få kompleks. Hg(II) derimot dannar mange kompleksambindingar. Eit svært stabilt kompleksion er tetracyanokvikksølv(II).
Sambindingar med Hg32+ og Hg42+ polykationer er òg kjent, til dømes Hg3(AlCl42)2.
Løyselege kvikksølvsambindingar og organiske kvikksølvsambindingar er svært giftige, medan andre kvikksølvsambindingar, som for eksempel kvikksølvetyl, kan vere heilt ufarlege.
Dei viktigaste kvikksølv(II)-sambindingane er kloridet, og kvikksølvoksid som feller ut som eit gult (seinare raudt) botnfall når ein tilset natronlut til kvikksølv(II)-saltløysingar. Når ein varmar opp oksidet HgO til ca. 300 °C, vert det spalta i kvikksølv og oksygen. Dette er same reaksjon som Joseph Priestley brukte i sine klassiske eksperiment for å framstille reint oksygen. Når ein leier hydrogensulfid ned i ei løysing av eit kvikksølvsalt, fell det ut eit metastabilt, svart botnfall som med tida går over i den raude, stabile forma. Eit strukturelt trekk ved mange Hg(II)-sambindingar er lineær koordinasjon for kationet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.