Den mellom- og sør-europeiske arten, Abies alba, blir kalla vanleg edelgran eller europaedelgran. Andre artar i Sør-Europa er gresk edelgran, Abies cephalonica, og spaniaedelgran, Abies pinsapo. Den siste finst også i Nord-Afrika.
Frå Nord-Amerika stammar:
- purpuredelgran, Abies amabilis
-
balsamedelgran, Abies balsamea
-
kjempeedelgran, Abies grandis
- koloradoedelgran, Abies concolor
- nobeledelgran, Abies procera
-
fjelledelgran, Abies lasiocarpa
- praktedelgran, Abies magnifica
Frå Kaukasus stammar nordmannsedelgran, Abies nordmanniana.
Frå Sibir stammar sibiredelgran, Abies sibirica.
Frå Japan stammar:
- veitchedelgran, Abies veitchii
- nikkoedelgran, Abies homolepis
Frå Korea stammar koreaedelgran, Abies koreana.
Dei artane som blir mest brukte til pyntegrønt, er Abies amabilis, Abies cephalonica, Abies homolepis, Abies koreana, Abies nordmanniana, Abies procera og Abies veitchii.
I framandartslista til Artsdatabanken er dei fleste edelgranartane som er planta i Noreg, vurderte til å representere låg risiko (LO) eller ingen kjend risiko (NK). Unntaket er koloradoedelgran med potensielt høg risiko (PH). Vanleg edelgran er ikkje vurdert, då arten kom til Noreg før år 1800, men han kan representere eit problem fleire stader i Sør-Noreg. Han invaderer mellom anna naturreservat med edellauvskog.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.