I foreningen «Visens venner» i Oslo fann han folk som delte interessa for visekunst, og Sande vart sjølv eit av dei sentrale namna i norsk songlyrikk frå 1950-åra og utetter. Han debuterte med diktsamlinga Svarte næter i 1929 og fekk svært gode meldingar. Forfattaren vart sett på som ein frisk fornyar av nynorsk lyrikk. I løpet av dei ti første åra som forfattar vart Sande etablert med ein tydeleg litterær profil: Han var ein sosialt engasjert forfattar på den radikale sida, ein samansett og mangfaldig lyrikar, med dikt som kunne veksle frå det groteske til vare stemningar.
Etter krigen endrar dette biletet seg gjennom populære radioprogram og platesuksessar. Etter dette vart han helst oppfatta som ein enkel og humoristisk visediktar. Samtidig slo modernismen igjennom i Noreg, med rimfrie dikt og litterære eksperiment. Men Sande vart ståande i tradisjonen, og heldt fram med å skrive dikt med klangrike rim og faste rytmar. Samtidig som han opplevde ein popularitet som har vorte få andre norske forfattarar til del, vart han gradvis marginalisert i det litterære akademia. Sjølv likte han lite den rolla han etter kvart fekk, og meinte at det meste av det han hadde skrive, var alvorlege tekstar.
Litteraturen til Sande vart prega av impulsar frå bonderadikalismen i 1870-åra og radikale ideal i arbeidarrørsla, kopla saman med personleg opplevde innsikter i sosial urettferd. Resultatet vart ein livslang solidaritet med dei svake, med dei som fell utanfor i samfunnet. Det var desse som vart hovudpersonane i diktinga hans, både i dikta og i novellene.
Litterært vart Sande prega av den folkelege forteljekunsten som han opplevde både i heimen og i møte med mange store munnlege forteljarar i lokalmiljøet. Ein særs viktig impuls kom frå nokre fastbuande tatarar, i dag også kalla romani, i Dale. Røtene i folkeleg forteljekunst ser vi i både i stoffval og forteljemåtar, men også i det som vert kalla karnevalisme: ein antiautoritær, folkeleg motkultur der parodi, overdrivingar og feiring av det kroppslege står sentralt.
Sande var også i alle år oppteken av dei eksistensielle grunnvilkåra menneska lever under. Gjennom heile forfattarskapen heldt Sande fast på nokre hovudtema. Medkjensla med dei som fell utanfor og dei utstøytte er ein hovudtråd hos forfattaren. I dikt etter dikt krinsar han om kjensla av å vere utstøytt, einsam og åleine, men òg om moglege vegar ut av einsemda. Dette djupe alvoret er ofte skjult bak barsk humor, ironi og punkteringar. Sand kom òg med skarp kritikk av maktmenneske av alle slag, og han kritiserte særleg religiøse maktmenn. Stundom var det han skreiv reint revolusjonær.
Sande gav ut tre novellesamlingar, med i alt 26 noveller. Ti av novellene har barn i sentrum, og her står Sande tydeleg i tradisjonen etter Per Sivle og Rasmus Løland. Også i novellene er Sande tradisjonell i forma. Forteljingane er realistiske og stort sett kronologisk fortalde, med ein allvitande forteljar med godt oversyn over personar og handling. Språkleg er novellene prega av munnlege forteljetradisjonar og folkelege seiemåtar.
Kommentarar (2)
skreiv Rakel Cecilie Wilhelmsen Solheim
I 2020 opna Jakob Sande – nasjonalt senter for forteljekunst, eit senter under Jakob Sande – selskapet. Jakob Sande – senter for forteljekunst (Sandesenteret) har som formål å forsker i og formidle diktinga til Jakob Sande, nynorsk språk og kultur, utvikle eit fagmiljø for forteljekunst og vere ein møtestad som får fram eit mangfald av forteljingar og nye stemmer. Sande-senteret har hovudsete i barndomsheimen til Jakob Sande, men eit nasjonalt verkeområde. Senteret har eige tidsskrift, residensordning, forteljekunstakademi og tilbyr eit variert program innan munnleg og skriftleg forteljekunst gjennom heile året, og ynskjer skape eit enno breiare samarbeid mellom folk og miljø som har forteljing som kjerne i si verksemd, både nasjonalt og internasjonalt.
svarte Anne Eilertsen
Takk for kommentaren. Senteret er nevnt i innledningen til artikkelen.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.