Claes Gill var ein norsk forfattar, skodespelar og teaterinstruktør som hadde ein leiande posisjon i norsk kunst- og kulturliv på midten av 1900-tallet.
Claes Gill
Faktaboks
- Fødd
- 13. oktober 1910, Odda
- Død
- 11. juni 1973, Oslo
- Verke
- Forfatter, skuespiller og instruktør
- Familie
-
Foreldre: Ingeniør Daniel Jordahl (f. 1891) og Clara Christensen (1884–1925; hun gift 1914 med ingeniør Leif Gill, f. 1891).
Gift 1943 med sosialsekretær Signe Jenssen Hirsch (23.2.1910–4.1.1998), datter av ingeniør Worm Hirsch (1872–1933) og Signe Jenssen (1875–1969).
Bakgrunn
Claes Gill voks opp i Bergen og seinare i Eydehavn i Arendal kommune, men flytta i 1925 til Oslo. Han byrja då på Ris skole, der han tok examen artium i 1928. I åra etter levde Gill eit omflakkande liv. Han reiste mellom anna til Sverige, Danmark, Sør-Amerika og Nord-Amerika.
Då han kom heim, arbeidde han eit år som huslærar på Modum (1937) og var ein periode korrekturlesar i Dagbladet (1938–1939). I 1945–1946 var Gill teatersjef ved Studioteateret i Casino i Oslo. Seinare var han sjef for Rogaland Teater (1952–1956), og i åra etter arbeidde han som skodespelar og teaterinstruktør og var i tillegg ein mykje brukt poesi-opplesar.
Som forfattar debuterte han i 1939, med den vesle diktsamlinga Fragment av et magisk liv. Oppfølgjaren Ord i jærn, som kom i 1942, blei òg den siste boka hans. Med desse to små diktsamlingane er ikkje Gills lyriske produksjon stor reint kvantitativt, men kvaliteten på samlingane er det liten strid om.
Gill både spela i og sette opp fleire teaterstykke. Han var òg filmskodespelar, mellom anna hadde han hovudrolla som biskop Sigurd Helmer i Herren og hans tjenere (1959), han spela Tim Ruud i Det brenner i natt! (1955) og rikskanslar Bjelke i An-Magritt (1969), alle av same regissør, Arne Skouen.
Forfattarskap
Claes Gill skreiv berre to diktsamlingar, Fragment av et magisk liv (1939) og Ord i jærn (1942), som til gjengjeld er blitt ein viktig del av den norske litterære kanon.
Poesien til Claes Gill må seiast å vere uvanleg, sjølv om han utvilsamt kviler tungt på tradisjonen. Uvande norske ord og reine framandord, uvand ortografi og overraskande utropsteikn og skiljeteikn – alt dette er komponentar i diktinga hans. Likevel taler, eller snarare syng, dikta hans tydeleg til den som les, og gir lesaren høve til å kaste nye blikk, ikkje berre på den ytre verda, men òg på den indre. I denne tydinga er Gills poesi visjonær, og synssansen spelar ei viktig rolle i dikta hans, reint tematisk, og som ein reiskap til å fange livsverda så vel som tankeverda.
Gill er blitt lesen som klassisist, men òg som ein tidleg modernist, og dei ulike lesingane er blitt utfordra frå fleire kantar. Det er i det heile mange litteraturhistoriske retningar ein kan knyte til Gill – modernisme, klassisisme, symbolisme og romantikk. Kanskje er det best å la dikta tale for seg sjølv, og ikkje streve for hardt etter å setje dei i bås. For trass i at Gills poesi – for ikkje å seie livet hans, med heimløyse, foreldreløyse og eksilerfaring – utan tvil har noko modernistisk ved seg, verkar han snarare som ein visjonær og melankolsk grublar enn ein desillusjonert og framandgjord modernist.
Franske symbolistar som Jules Laforgue og Arthur Rimbaud, i tillegg til Friedrich Hölderlin – som Gill òg omsette dikt av – og William Butler Yeats, kan nemnast som inspirasjonskjelder for Gill. I den norske lyrikkhistoria er Gill sjølv blitt ei inspirasjonskjelde, mellom mange andre for ein ung Kjartan Fløgstad og for den norske poesinestoren Jan Erik Vold.
Teater
Gill tok under andre verdskrig initiativet til eit nytt teater, inspirert av tankane til den russiske skodespelaren og teaterleiaren Konstantin Stanislavskijs, og i 1945–1946 var han den sjølvskrivne leiaren for Studioteatret. Her debuterte han i 1946 som skodespelar i Byen vår og som instruktør same året med Invasjon.
For Rogaland Teater dramatiserte han Skipper Worse av Alexander Kielland, og han var sjef for teateret frå 1952 til 1956. Sidan opptredde han som frilans ved norske teater, i radio, fjernsyn og film, og han gjesta scener i Sverige og Danmark både som skodespelar og instruktør. Han var fast knytt til Odense Teater frå 1962 til 1964.
Blant rollene hans var byfogd Stockmann i En folkefiende, Relling og grosserar Werle i Vildanden, doktor Wangel i Fruen fra havet (i britisk fjernsyn), tittelrollene i Onkel Vanja, Den tapre soldat Sveijk, Henrik 4 av Pirandello (som han fekk Kritikarprisen for) og Job i John Ditlev-Simonsens dramatisering av Jobs bok. Han meistra så forskjellige oppgåver som Falstaff i Henrik 4 av Shakespeare og erkebiskop Thomas Beckett i Mord i katedralen av T. S. Eliot. I norsk fjernsyn gjorde han djupt inntrykk som Sir Henry i Eliots Cocktailparty. Gill hadde ei stor breidde i rollene sine, anten det var Holbergs primitive Jeppe på Bjerget eller ei moderne problemrolle som biskop Helmer i Arne Skouens film Herren og hans tjenere.
Som instruktør hadde Gill framfor alt ein kompromisslaus vilje til individualisering av den enkelte rolla. Mellom dei uforgløymelege oppsetjingane hans høyrer Dagen vender av Paul Claudel på Oslo Nye Teater, men også Bodskapet til Maria av same forfattar på Det Norske Teatret, i tillegg til Sorgen kler Elektra av Eugene O'Neill og fleire av Ibsens skodespel.
Med eit allsidig talent og offensiv natur hadde Gill ei leiande stilling i norsk kunst- og kulturliv. I 1950-åra gjorde han seg sterkt gjeldande som motstandar av samnorsk språkpolitikk.
Biografiar og antologiar
I 1988 gav Kjartan Fløgstad ut biografien Portrett av eit magisk liv. Poeten Claes Gill. Boka var eit oppgjer med ei kulturkonservativ forståing av Gills liv og dikt – mellom anna slik det kjem til uttrykk i Asbjørn Aarnes’ I store linjers riss. Claes Gill (1973) og antologien Claes Gill – i skiftende perspektiv (1992), redigert av Lars Roar Langslet og Geir Flikke. Claes Gills ettermæle er blitt eit døme på korleis den norske kulturhistoria kan tolkast på ulike måtar.
Eksterne lenker
Litteratur
- Aarnes, Asbjørn med fleire, redaktør (1973): I store linjers riss : Claes Gill. isbn 82-05-05998-5
- Bliksrud, Liv med fleire, redaktør (1988): «'... som taarens liv i rav'. Lidelse og visjon i Claes Gills lyrikk» : I klartekst : festskrift til Bernt Fossestøl [...], 77-89, isbn 82-7099-136-8
- Fløgstad, Kjartan (1994): Portrett av eit magisk liv : poeten Claes Gill, ny utgave. isbn 82-03-26001-2
- Gjessing, Ketil (1966): «Claes Gill, diktet og den store Jæger» i Edda 66, 336-48
- Hagerup, Henning (1998): Vinternotater, 245-55 («Flyktende ungdom. Claes Gills lyrikk»), isbn 82-10-04231-9
- Langslet, Lars Roar & Geir Flikke, redaktørar (1992): Claes Gill : – i skiftende perspektiv. isbn 82-02-13343-2
- Terland, Ingrid (2002): Sørlandsforfattere [...], 244-45 (bibliografi), isbn 82-419-0277-8
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.