Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Pandemi
Spanskesjuka var ein influensaepidemi som i perioden 1918–1920 ramma store delar av verda, og som derfor blir kalla ein pandemi. Pasientar med spanskesjuka ved eit mellombels sjukehus ved Camp Funston i Kansas i USA i 1918.
Av /Otis Historical Archives Nat'l Museum of Health & Medicine.
Lisens: CC BY 2.0
Koronavirus
Koronavirus-pandemien i 2020. Oppslag ved inngangen til Oslo universitetssjukehus, Rikshospitalet opplyser om besøksforbod for å unngå smitte. 15. mars. 2020.
Koronavirus
Av /NTB scanpix.

Pandemi er eit omgrep som blir nytta om ein sjukdom som rammar særs mange menneske og breier seg over eit svært stort geografisk område, til dømes fleire verdsdelar. Ein pandemi er såleis ein vidfemnande epidemi som omfattar store delar av verda.

Faktaboks

Uttale
pandemˈi
Etymologi
av pan- ‘altomfattande’ og gresk demos, ‘folk’

Omgrepet er ikkje eintydig definert, men Verdas helseorganisasjon (WHO) nyttar det om ei verdsomspennande spreiing av ein ny sjukdom. Center for Disease Control and prevention (CDC) kategoriserar pandemiar i fem kategoriar etter kor dødeleg sjukdomen er. Den seinaste pandemien i verda, koronapandemien vert kategorisert mellom 2 og 3.

CDC Pandemikategoriar
Kategori Dødelegheitsrate Eksempel
1 under 0,1 % sesonginfluensa, svineinfluensa
2 0,1–0,5% asiasyken, Hong Kong-influensa
3 0,5–1 %
4 1-2 %
5 over 2 % spanskesjuka

Eksempel

Ikkje minst infeksjonar med influensavirus kan opptre som pandemiar. Omgrepet pandemi er meint for infeksjonssjukdommar med betydeleg, vedvarande smitte frå menneske til menneske i store delar av verda samtidig. Det klassiske dømet er spanskesjuka, som herja frå 1918 til 1920. I nyare tid utvikla svineinfluensa seg til ein pandemi i 2009.

Verdas helseorganisasjon fastslo 11. mars 2020 at utbrotet av sjukdom på grunn av infeksjon med koronavirus skulle bli sett på som ein pandemi.

Beredskap for vern av befolkninga ved pandemiar er eit høgt prioritert arbeidsområde for helsestyresmaktene, og det er utarbeidd detaljerte beredskapsplanar for pandemiar i Noreg og internasjonalt. Det er særleg influensavirus ein har i tankane når det blir retta merksemd mot moglege framtidige pandemiar.

Annan bruk av ordet

Omgrepet pandemi blir òg brukt om ei omfattande utbreiing av ikkje-smittsame sjukdommar (også kalla livsstilssjukdommar), som for eksempel auke i fedme og kronisk obstruktiv lungesjukdom (kols). Ein slik bruk av omgrepet er ikkje i samsvar med måten det vanlegvis blir brukt på av nasjonale og internasjonale helsestyresmakter.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg