Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhold

Æventyri paa vandring

Fra Wikikilden

ÆVENTYRI PAA VANDRING

EIT FYREDRAG

AV

MOLTKE MOE

Sertrykk or tidsskriftet Syn og segn

KRISTIANIA

TRYKT HJAA WALLE & Co

1895

Ein dag eg var til gjest i et hus, hjaa folk som hadde baade sans og kunskaper til aa føra ein samtale um meir aalmenne emne, er det ein som gjer meg det spursmaal: »Kvar er det æventyri kjem fraa? Det ser ut som dei skyt upp alle stader, rundt ikring, nett som sopp um hausten.« — »Ja, kva meiner de med æventyr?« sa eg; — »kva er eit æventyr?« … Den vesle sonen der i huset var inne. Straks det vart tale um æventyr, tok han aat aa bruka øyro. Men daa han høyrde mit spursmaal, brast det ut av honom: »Tenk, han veit ikkje kva eit æventyr er!« Det var klart, at han tok meg for aa vera ein faaviting.

Guten hadde i grunnen rett, paa sin maate. Han visste kva det var. Han kjende det med seg sjølv. Og det gjer me alle. Naar me les elder høyrer eit æventyr, so hev me jamnast, utan aa tenkja etter det, ei kjensla av at det er eit æventyr, — og um me les ei onnor forteljing elder soga, at dette ikkje er eit æventyr. Ei slik kjensla hev me, endaa um me ikkje veit aa greia ut, kva eit æventyr er. Og eg tenkjer, at um eg vende meg til baade den eine og andre her i landet og bad dei um aa gjeva meg ei utgreiinig av ordet, kva det er som sermerker eit æventyr fraa andre forteljingar, so vart visst nokon kvar svaret skuldig, like eins som der i huset eg nettupp hev nemnt. Og det skal ein ikkje undrast paa; det er noko nær umogelegt aa gjeva ei fullnøgjeleg utgreiing av det spursmaalet, kva eit æventyr er, slik at det maatar til æventyr av alle slag, fraa alle tider og fraa alle land. Æventyr fraa det eine folket og den eine tidi skil seg ofte mykje fraa dei som skriv seg fraa andre folk og fraa andre tider. Tenk paa, at me hev æventyr allvisst fraa 1500 aar fyre Kristus (fraa Ægypten) — at eskimoarne og negrarne hev æventyr, likso væl dei som India-folket og Europa-folki. I det heile er det altfor mange serslag av æventyr, til at det skulde lata seg gjera aa samla deira ulike, ofte motstridande kjennemerke i eit umgrip, under ein hatt. Soleis — for aa halda os til vaar norske æventyrskatt — so hev me: trollæventyr, som »Oskeladden som kapp-aat med trollet«, — hekseæventyr, som »Lurvehetta «, — ljugaræventyr, som »Oskeladden som fekk kongsdotteri til aa løgsta seg«, — skalkeæventyr, som »Meistartjuven«; me hev æventyr um Vaarherre og Sankt Peter, elder um fanden, æventyr um dyr elder um livlause ting, som »Pannekaka« og »Bjønnen og reven«, — um sløgd elder faavit, som »Galnemattis« og »Kongsdotteri som ingen kunde maalbinda«, — um mann og kjering, som »Mannen som skulde stella heime« og »Kjeringi mot straumen« … og mange andre, i det endelause. Det er med dette som med trei i ein skog: Der er mange slags tre; det er gran og furu, det er bjørk og osp og ask, og av kvart slag er det igjen mange ulike: smaa og store, unge og gamle, fraa den eldgamle rotvelta, som held paa aa morkna, til den unge aalrenningen, som nettupp brydder upp or skogbotnen med si fyrste friske grønska. Kvart eit av desse treslag er noko for seg sjølv, og kvart tre for seg hev si soga. Like eins er kvart serslag av æventyr noko for seg sjølv, og kvart æventyr for seg hev sit upphav, si soga, til skilnad fraa alle dei andre.

Derfor kunde eg ikkje svara, soleis under eit, paa det spursmaalet: »Kvar kjem æventyri fraa?« … Og det kan eg ikkje gjera her helder. Men eg hev tenkt meg, at det kunde vera forvitnelegt for ein og annan aa sjaa noko av det me veit um ymse av desse æventyri og deira soga, berre med eit par av dei, og berre i store, lause drag. Noko um deira vandringar og umskifte.

For æventyri hev vandra, — stundom i skrift, fraa det eine lands bokheim til det andre, men, oftaste i fraasegn, fraa munn til munn. Det er ikkje so faa æventyr som ein ser det paa straks, at dei er framande, endaa um dei hev vore ei tid her i landet. Dei liksom brigdar paa maalet, som svenskar og tyskarar, endaa um dei hev butt her ei stund. Men det er ogso æventyr som ingen kan sjaa det paa, at dei er av utlendsk ætt. Me tykkjer det kan ikkje vera noko meir norsk en nettupp dei. Og likevel kan dei vera komne utanlands fraa, dei med.

Me veit, at her i nordlandi er det funne ymse framande mynter i jordi fraa gamle dagar, ikkje berre engelske, tyske og franske, men ogso græske og romerske, og jamvel arabiske og fønikiske. Korleis er no desse mynterne komne til os? Visst ikkje ofte paa den maaten, at det hev vore folk so langt sunnanfraa her nord i dei tider, elder folk herifraa der nede. Nei, det maa nok mest hava gjenge fyre seg paa den visen, at mynterne hev vandra sjølve, gjenge fraa hand til hand gjenom det eine land etter det andre. — Like eins med dei ymse dyreslag. Dei med hev vandra. Katten kom til Sudeuropa paa lag ved Kristi tider, og fyrst lang tid etter, ei 1000 aar seinare, kom han til Nordeuropa. Rotta kom i millomalderen, og den vanlege brune rotta naadde ikkje her upp til Norge fyrr i fyrsten av dette hundradaaret. Paa Ringerike og uppe i Vinger og Odalen veit folk endaa aa fortelja um det, korleis rottorne kom symjande som ein lemend-hær yver Bægna-elvi og Glomma.

Soleis vandrar æventyri med, — mange av dei daa, fraa munn til munn, gjenom land etter land. Det undrar os aa høyra, at mesteparten av dei er innflytjarfolk, — me tykkjer alle at dei høyrer heime her, nett som me no tykkjer det same med katten og rotta.

Men no hev me, millom andre, norske æventyr um rotta ogso, — er daa dei yngre en 1800? kunde ein spyrja. »Nei det treng dei ikkje um aa vera; dei kan godt vera eldre her i landet en sjølve rotta. Men det hev fraa fyrst av ikkje vore rottor med, — det hev vore andre dyr som æventyret hev fortalt um; men dei hev vorte undatrengde av rotta, daa det dyret vart kjent her. Ser de, det er med dette like eins som med æventyret um »Meistartjuven« t. d. Han narra baade prest og amtmann og sjølve kongen, og vart truga med tugthus. Men dei eldste uppskrifter, av dette æventyret — Herodots fraa 500 aar fyre Kr., og ei ægyptisk, som er heile 1000 aar eldre en den att — dei kjenner sjølvsagt ikkje noko korkje til presten elder amtmannen elder tugthuset … Æventyri lempar og lagar seg, maa vita, etter det land dei er komne til, og etter den tidi dei lever i; dei skifter ham gong paa gong, for aa tilmaata seg etter nye vilkor elder eit nytt kulturstig, — for aa fylgja med tidi. Dei lever unge og friske paa barnemunnar, med sin heimlege svip, — og so kan dei vera 2—3000 aar gamle. Det er med dei som med »toresteinarne«[1], som barnet leikar seg med, og som den lærde tek upp og les tusundaars soga i.

Til prøva hev eg her valt tvo æventyr, som ser so heimenorske ut, so vel ingen skulde falla paa aa tru anna, en at dei hev skote upp or vaart lands jord, at dei all sin dag hev havt si rot og sin vokster her. Det er norsk natur, norsk folkeliv og folkelynde, det dei skildrar.

Det fyrste av dei er æventyret

Han far sjøl i stua[2].

Det var ein gong ein mann som budde burti ein skog; han hadde so mange sauer og gjeiter, men aldri kunde han hava dei i fred for graabeinen. »Eg skal vel lura den graatassen,« sa han til slutt, og gav seg til aa grava ei vargstova. Daa han hadde grave djupt nok, sette han ein stolpe midt ned i vargstova, og paa den stolpen slo han ei skiva, og paa den skiva sette han ein liten hund, og utyver grefti la han kvister og bar og anna rusk, og ovanpaa det straadde han snø, so tassen skulde ikkje sjaa det var ei greft under. Daa det leid fram paa natti, vart den vesle hunden lei av aa standa der, »Vov, vov, vov!« sa han, og gjøydde mot maanen. So kom det ein rev lakkande og lakkande, og tenkte han rett skulde gjera marknad, og so gjorde han eit hopp — lukt ned i vargstova. Daa det leid noko lenger ut paa natti, so vart den vesle hunden so lei og svolten, og so tok han paa aa gjøy og gneldra. »Vov, vov, vov!« sa han. Rett som det var, kom det ein graabein taslande og taslande; han tenkte nok han skulde nappa seg ei feit steik, og so gjorde han eit byks — beint ned i vargstova. Daa det leid fram til graalysingi um morgoen, kom nordansnoen, og det vart so kaldt, so den vesle hunden stod og fraus og skalv, og so var han so trøytt og svolten. »Vov, vov, vov, vov!« sa han, og gjøydde og gjøydde. So kom det ein bjønn labbande og labbande burtetter og hufsa paa seg, og tenkte han skulde nok faa seg ein godbite paa morgokvisten; dermed hufsa han seg ut paa kvisterne — bums ned i vargstova.

Daa det leid noko lenger ut paa morgoen, kom der raklande ei gamall fantekjering, som slang garde-millom med ein pose paa ryggen. Daa ho vart var den vesle hunden, som stod der og gjøydde, laut ho burtaat og sjaa, um det var kome dyr i vargstova um natti. Ja, ho la seg paa kne og kika nedi.

»Er du komen i fella no, Mikkel?« sa ho til reven, for honom saag ho fyrst; »alt eit aat deg, din hønsetjuv! Du og, graatass?« sa ho til graabeinen; »hev du rive gjeit og sau, so fær du no bank, til du er dau. Eia meg daa, bamse, sit du med der i stova, din merraflaaar? Ja deg skal me rispa, og deg skal me flaa, og skallen din skal me paa buveggen slaa!« skreik kjeringi so det gnall, og hytta til bjønnen. Men med det same rulla posen fram yver hovudet paa henne, og kjeringi rauk — stufs ned i vargstova. So sat dei der og glodde paa kvarandre alle fire, kvar i sin krok: reven i den eine, graabeinen i den andre, bjønnen i den tridje, og kjeringi i den fjorde kraai.

Men daa det vart aalljost, tok Mikkel aat aa rista paa seg, og svifta ikring, for han tenkte vel hans skulde freista aa koma ut. Men daa, sa kjeringi: »Kan du ikkje sitja roleg du daa, di sviverova, og ikkje fara soleis og svinsa og svansa? Sjaa berre der han far sjøl i stua, han sit so stø som ein prest,« — for no tenkte ho, lat ho skulde prøva aa gjera seg godvener med bjønnen. Men so kom mannen som aatte vargstova. Fyrst drog han upp kjeringi, og so slo han ihel alle dyri, og han sparde korkje han far sjøl i stua elder tassen elder Mikkel sviverova. Den natti tykte han han hadde gjort eit godt kast.

Fyrste gongen eg høyrde dette æventyret ute paa landsbygdi, so tenkte eg: »Dette er daa norsk, — egte norsk; likso norsk som det malmrike bygdemaalet her uppe. Det er utenkjande, at dette kan hava runne upp andre stader en her heime.« — Og den gamle ottiaars kona som fortalde meg æventyret, mumrande med munnen og ruggande med hovudet, men likevel so klaart og so levande, som ho nett no var med sjølv i det ho fortalde, — den armodslege stova hennar, der det ikkje var so mykje som eit bord til aa skriva paa, berre ein einaste krakk, som eg sat paa og skreiv paa knei (sjølv sat ho paa peishella), i den bratte lii med bakande solsteik nedanfor, — sumardagen dirrande yver dalen, og dei blaanande fjelli lengst ute i himmelsynet … alt samla seg, alt styrkte meg i den trui: er noko norsk, so er det dette.

Og so ei tid seinare finn eg det att i ei buddistisk bok fraa India, ei bok som me kjenner grunnlaget til fraa paa lag 1500 aar attende i tidi, — det same æventyret, berre her like so indisk som vaart er norsk.

»Han far sjøl i stua« var altso komen fraa India, fraa det rike æventyrlandet, som hev sendt so mange straumar av æventyr utyver verdi. Men korleis, og kor var vegarne det hadde fylgt?

I oldtidi og det fyrste av millomalderen var det livleg ferdsel og samkvæme millom India og Vestasia paa den eine sida og Sudeuropa paa den andre. Og det var ikkje berre samband i handel, men ogso i bokvegen. Fraa det tidskiftet av som byrjar med Aleksander den store, var ikkje so lite av den gamle græske bokskatt, baade diktverk og vitskapsverk, kjent og umtykt i India. Og seinare vart mykje av dei indiske bokverk umsett paa andre maal, soleis til kinesisk og tibetansk, og like eins til persisk, so fraa persisk til arabisk elder syrisk, derifraa til græsk elder latin og andre europæiske tungemaal. Eg skal berre minna um den gamall-norske boki, Barlaám og Josafats saga, som den katolske kyrkja hev tekje upp millom sine heilagsogor (paa latin), men som fraa fyrst av likevel ikkje er anna en ei indisk livsskildring av Budda. Dette samkvæme i bokvegen millom øysterlandi og vesterlandi, som er eit hovudled i den samanliknande boksoga og kultursoga, var det altso fyrst ein laut etterfara, um ein vilde fylgja vaart norske æventyr paa vandringi fraa India.

Eg gav meg derfor til aa leita etter, fyrst i den asiatiske bokheimen, den tibetanske, persiske, arabiske og syriske, og deretter i europæiske bøker fraa millomalderen. Naar æventyret var kome heilt hit upp til Norge, so var det meir en trulegt, at det paa vegen hadde slege rot i andre land med. Og det hadde det daa ogso gjort. Det er aa finna rundt ikring i Asia, og like eins paa mange stader i Europa. Til aa byrja med skal me daa her taka æventyret fraa den indiske boki, um dei takksame dyr og den utakksame mann:

Ein bramán, med namn Jadsnjadatta, levde i stor fatigdom, og kona hans sa til honom dag etter dag: »Aa du modlause og hardhjarta braman! Kan du vera so like syten, naar du ser at borni dine held paa aa svelta ihel? Kom deg daa ut paa ei reis, og sjaa til aa faa os noko aa leva av, og kom so heim att, det snaraste du kan.« Bramanen vart daa til slutt lei av snakket hennar, og tok seg fyre aa draga paa langreis. Um nokre dagar kom han inn i ein stor skog. Han var tyrst og tok aat aa leita etter vatn. So fær han sjaa ei stor greft med lauv yver. Daa han ser etter, fær han auga paa ein tiger, ein ape, ein orm og ein mann der nede. Med det same tigeren fekk sjaa honom, sa han: »Du mandomsmann! Hugs paa, at det er ei stor verdskyld aa frelsa levande skapningar, og hjelp meg aa koma upp, so eg kan koma heim att aat kona mi og ungarne mine!« Bramanen sa: »Alt levande fær ein støkk i seg, berre ved aa høyra dit namn. Skulde daa ikkje eg med ottast fyre deg?« Men tigeren svara: »Eg sver med ein trifeld eid, at av meg hev du ingen faare aa ottast.« Bramanen tenkte daa i sit hjarta: »Endaa um ein skulde døy for det, so gjer det salig aa berga eit anna liv,« — og han drog tigeren upp or grefti.

Og apen sa til honom: »Aa, snille du! hjelp upp meg med!« Og bramanen hjelpte honom upp.

Ormen sa: »Du tviborne[3]! aa hjelp meg ogso aa koma upp!« Men bramanen sa: »Alle grysjar berre ved aa høyra dykk nemna, ikkje aa tala um aa røra ved dykk.« Daa svara ormen: »Det er ikkje med vaar vilje; me bit ikkje, utan me vert tirra. Med ein trifeld eid sver eg, at for meg treng du ikkje aa ræddast« Etter dette tok bramanen og drog ormen upp ogso.

Og ormen sa til honom: »All vondskaps sæte er menneskja. Hugs paa det, so du korkje hjelper upp den mannen der nede elder gjev honom tiltru.«

Tigeren tala ogso til honom att og sa: »Paa nordsida av fjellet med dei mange tindarne du ser der burte, der i eit gil hev eg hiet mit. Dit maa du endeleg koma, so eg kan faa gjera deg vederlag og sleppa aa vera skuldaren din i eit anna liv.«

Deretter sa apen: »Ved ein foss, ikkje langt fraa det same gilet, hev eg med bustaden min. Dit maa du koma til meg.«

Og ormen sa: »Naar du kjem i ein livsfaare, so hugs paa meg.«

Dermed gjekk dei alle tri kvar til sit.

No tok mannen i grefti ogso til aa ropa um hjelp, og bramanen gløymde det ormen hadde sagt, og drog upp honom med. Og mannen sa: »Eg er ein gullsmed. Skulde du hava noko aa lata meg arbeida for deg, so kom med det til meg.« Og dermed gjekk han ogso til sin heimstad.

Men bramanen vanka ikring i skogen, utan aa finna det minste aa leva av. So kom han til aa tenkja paa apen, og gjekk til honom. Og apen gav honom frukt, søt som ambrosia. Bramanen sa: »Du hev gjort heile din skyldnad; vis meg no til tigeren.« Og apen fylgde honom til tigeren. Straks tigeren kjende bramanen att, sa han: »Her er eit halsband og annan gullstas, som eg hev gjøymt til deg. Eg tok det av ein mann som kom ridande paa ein hest og kom til aa falla i mine klør.« Bramanen tok imot det, og gjekk med det til gullsmeden og bad um han vilde selja det for honom. Daa gullsmeden hadde set paa gullet, tenkte han med seg sjølv: »Alt dette hev eg ein gong arbeidt for kongens son.« Og so tok han gullet og gjekk med det til kongsgarden og synte kongen det. Straks kongen fekk sjaa kva det var, spurde han: »Kvar hev du dette ifraa?« Gullsmeden svara: »Eg fekk det av ein braman, som kom til mit hus med det.« Kongen tenkte daa straks: »Dette maa vera ein illgjerningsmann, som hev drepe min son.« Og so sende han vaktmenn med paalegg um aa binda bramanen og kasta honom i fangeholet. Med det same han var fengsla, kom bramanen til aa hugsa paa ormen, og straks han tenkte paa honom, var han der. »Fri meg ut fraa dette fengslet!« bad bramanen. »Ja,« sa ormen,« eg skal gaa og bita dronningi, soleis at ingen annan kan gjera henne god att enn du.«

Daa ormen hadde bite dronningi, vart det eit stort skrik i kongsgarden. Alle lækjarar og runemeistarar og trollmenn vart henta, men alle deira lækjeraader og kunster var til unyttes. Daa bramanen høyrde detta, so sa han: »Eg skal fri henne for eitret.« So vart han henta ut av fengslet, og straks han rørde ved dronningi, so vart ho fri eitret. No spurde kongen honom, korleis han hadde fenge fat paa gullet, og bramanen fortalde honom alt saman fraa fyrst av. Daa kongen hadde høyrt heile sammanhenget, let han kasta gullsmeden i fangeholet, men bramanen tok han til kongsraad. Og bramanen henta kona og borni sine til seg, og levde sidan eit liv rikt paa gode gagnverk til aa fylgja honom inn i hans næste tilvere.

Legg no jamsides med dette indiske æventyret eit europæisk, eit tysk, som er uppskrive i midten av dette hundradaaret, so er det ei lett sak aa sjaa sammanhenget:

Det var ein gong ein kjøpmann som kvart halvaar maatte reisa gjenom ein stor skog for sine handelsærender. Ein gong paa ei slik ferd saag han ein hirdmann falla ned i ei djup greft. Han tok eit tog og hengde det ned i grefti. Men i staden for mannen kom det upp ei løva. »Takk skal du hava,« sa løva, »og her hev du pengar attpaa. Men agt deg for aa draga upp mannen, — han er ikkje verd det.« Kjøpmannen slepte toget ned paa nytt lag, og upp kom det ein bjønn. Han sa det same som løva, og gav honom like eins pengar. Det same gjorde ein orm, som daa næst kom upp. Likevel drog kjøpmannen upp hirdmannen ogso.

Daa hirdmannen saag alle pengarne, klaga han kjøpmannen for retten, og sa at han hadde myrdt og røva den eine etter den andre som var komne burt. Men det var hirdmannen sjølv som hadde drepe dei. Retten dømde daa, at dei skulde flaa kjøpmannen, og deretter binda honom fast til eit tre, til han svalt ihel. Men daa kom løva og bjønnen og gnog av reipi, og tok honom med til hiet sit og røkta honom; og daa han var frisk att, gav dei honom baade pengar og klæe. — Men daa retten saag, at han hadde sloppe fraa det med livet, sette dei honom fast paa nytt og kasta honom i eit taarn. Der kom ormen til honom og sa: »Eg skal hjelpa deg. Eg hev nettupp bite kongsdotteri i panna, og ingen er god for aa gjera henne frisk att. Men her hev du eit gras. Naar du berre stryk henne yver panna med det, so vert ho god att um tri timar.«

So bad kjøpmannen fangevaktaren aa segja til kongen, at han visste ei paaliteleg raad mot ormebit. Daa vart han straks henta til kongsdotteri, og tri timar etter var ho like frisk att. Kongen vart so glad, so han drog ringen av fingren sin og gav kjøpmannen. »Eg er gamall no,« sa kongen, »og kan gjerne takka av. Eg er mykje meir glad i dotter mi, som du hev frelst, en i heile kongeriket.« — So vart kjøpmannen konge.

Denne forteljingi gjeng den dag i dag som tysk folkeæventyr.

Men me hev dette æventyret i mange fleire avbrigde endaa. Soleis eit par fraa millomalderen paa latin. Det eine er fortalt av ingen ringare en kong Rikard løvehjarte i 1195. Det stend aa lesa hjaa den engelske sogeskrivaren Matthæus Parisiensis, og lyder slik:

Det var ein gong ein rik, men girug venesianar som heitte Vitalis. Han skulde gifta burt dotter si, og derfor drog han i veideskog for aa faa seg dyrsteik til bryllaupsbordet. Skogen var tjukk og tett og audsleg, jagtmodet tok honom, og fyrr han visste ordet av det, gjekk han paa hovudet ned i ei dyregrav. Der var det ei løva og ein orm, som helder ikkje kunde koma seg upp att, — grefti var altfor djup. Vitalis gjorde krossteiknet fyre seg, og dyri gjorde honom helder ikkje noko; men han lut vera der i grefti heile natti og dagen etter, alt det han ropte og skreik um hjelp. Men so hende det, at ein fatig vedhoggar fekk høyra skriki, og kom burt til grefti og spurde kva det var. »Eg heiter Vitalis,« sa venesianaren;« eg kjende ikkje til denne dyregravi, og no er eg rædd eg vert uppeten av desse udyri, dersom ikkje svulten gjer ende paa meg. Drag meg upp; du skal ikkje angra paa det. Eg gjev deg helvti av alt det eg eig.« Og det svor han paa og kalla gud til vitne paa det. Medan dei talast ved, veifta løva med halen og hoppa og dansa, og ormen kvisja og snara seg og bugta seg, nett som dei og vilde beda um hjelp, liksom Vitalis. — Vedhoggaren sprang daa heim etter stige og reip, som han fira ned i grefti. Stigen hadde ikkje før væl naar botnen, fyrr løva og ormen kleiv upp, og daa dei var komne fri, gjekk dei rundt ikring vedhoggaren, liksom dei vilde takka honom og syna honom kor glad dei var. Deretter hjelpte han Vitalis med aa koma upp, og daa Vitalis kom so høgt, at han fekk tak i handi aat fatigmannen, kysste han henne og ynskte henne alt godt til takk. Fyrr dei skildest, spurde vedhoggaren: »Naar vil du gjeva meg det du lovde meg?« — »Um fire dagar,« sa Vitalis; »kom til meg i Venedig; alle kjenner mit hus, det er ikkje vondt aa finna.«

Vedhoggaren gjekk heim. Medan han sat og fekk seg mat, kom løva berande med ein hjortekalv og gav honom. Ho dansa kring honom og sleikte føterne hans, for aa faa honom med, so han skulde sjaa kvar ho hadde hiet sit. Daa fatigmannen var komen heim att, kom ormen med ein dyr glimstein i munnen. Den la han paa borddisken aat honom. Og so gjekk det like eins: ormen gjorde seg ogso fyre for honom, og vedhoggaren fylgde med og saag kvar han hadde bølet sit.

Fjorde dagen etter tok vedhoggaren glimsteinen med seg og gjekk til Venedig. Der fann han Vitalis, som nettupp heldt eit gjestebod, i gleda yver at han var komen frelst heim att. Vedhoggaren boda honom ut, og spurde um han vilde gjera av det han hadde lovt. »Kva er du for ein?« sa Vitalis; »kva vil du?« — »Du lovde meg helvti av alt dit eige, hugsar du vel,« sa vedhoggaren, — »og svor paa det.« — »Nei høyr paa honom! Tenkjer du aa verta rik so lettvint? Eg hev slite og slæpa i lange tider, eg,« sa Vitalis. Og so ropte han paa folki sine, at dei skulde taka denne fyllefanten og setja honom i fangeholet. Vedhoggaren skyna daa, kva folk han var komen til, og rymde det svintaste han kunde. Gjekk so beint til rettens menn og fortalde alt, korleis det hadde bore til. Dette høyrdest utrulegt; men han synte fram glimsteinen som han hadde fenge av ormen, og fekk folk med seg til løvehiet og ormebolet. Og daa dei saag, korleis dyri bar seg aat og gjorde seg fyre for honom, skyna dei, at han sa sant. Og so vart Vitalis dømd til aa betala det han hadde lovt, og meir til.

— »Dette fortalde kong Rikard ofte, til ein spegjel for dei utakksame,« legg den engelske sogeskrivaren til.

Truleg hev ikkje kong Rikard høyrt denne forteljingi i øysterlandi. Heile skildringi peikar paa Sudeuropa som den heimstad han hev det ifraa. Derimot sidestykket til dette, det andre latinske æventyret, stend nærare dei øysterlendske kjeldor. Um det ikkje hev nokon slik namnkjend sogemann som Rikard løvehjarte, so er det so mykje merkelegare i seg sjølv. I vissa er det framifraa godt fortalt i ei umskrift paa gamall-engelsk, som er bygd paa den latinske. Her skal me taka det inn etter ei umskrift av Asbjørnsen, som ikkje hev vore trykt fyrr.

Det var ein gong ein keisar i Rom. Ein dag han vilde til ein annan by, so møtte han ein mann, og spurde honom kven han var. »Eg er ein fatig mann,« svara han; »mit namn er Utakk.« — »Visste eg du vilde vera trugen,« sa keisaren, »so skulde eg taka deg i mi tenesta.« Daa vart fatigmannen glad, kan du vita; han lovde aa vera trugen, og keisaren tok honom med til hirdi.

Her stelte han seg godt og væl i alle ting, og keisaren kom til aa gjera so mykje av honom, at han sette honom til hovmeistar. Men daa han kjende seg fast i salen, vart han storlaaten og lei mot smaafolk.

Eit stykke fraa keisarborgi var ein skog, der det var fullt med ville dyr. Her let hovmeistaren gjera ulvegraver og bjønnegraver, som dei breidde yver med kvister og lauv, so dyri sturta nedi, naar dei kom utpaa. So ein dag reid hovmeistaren gjenom skogen, og tenkte ikkje paa anna, en at han var den fyrste i landet og næst etter keisaren. Men best som det var, stupte baade hesten og han ned i ei av dyregraverne hans.

Ei stund etter kom det ei løva same vegen; ho og stupte nedi … so kom det ein apekatt, og etter den ein stor orm, som var fæl aa sjaa; dei med stupte ned i grefti til honom. Der laag daa hovmeistaren i grefti millom alle dyri, og visste seg ingi raad.

No var det ein fatigmann som levde av aa hogga og fragta ved fraa skogen. Han kom den dagen ogso, og daa hovmeistaren høyrde øksehogg, tok han paa aa skrika um hjelp. Daa vedhoggaren høyrde detta, gjekk han burtaat og spurde, kva han var for ein. »Eg er hovmeistar hjaa keisaren,« sa han, »og berre du hjelper meg upp av denne grefti, so skal du faa baade rikdom og æra; for her ligg eg i lag med ei løva, ein apekatt og ein orm, og det er ikkje godt aa vita, kven som fyrst kan finna paa aa eta meg.« — »Ja, eg er ein fatig mann,« sa den andre, »eg hev ikkje anna til levemaate for kona og borni en veden som eg høgg her. Skulde eg no kasta ein dag burt, so gjeng det paa skade, og kanskje du snyter meg attpaa.«

Men hovmeistaren lovde og svor baade ved gud og keisaren, at han skulde gjera alt han hadde sagt, og meir til. So skunda daa vedhoggaren seg til byen etter eit langt tog, som han fira ned i dyregravi. Straks løva saag det, tok ho tak i det, og vedhoggaren, som kjende noko tungt i toget, drog til, i den tanke at det var hovmeistaren. Men daa løva kom upp, gjorde ho mange blidlæte aat vedhoggaren, liksom ho vilde takka honom, og strauk so inn i skogen, for aa faa seg noko til aa eta. — Vedhoggaren slepte daa toget ned att, og daa han kjende det tok tak, drog han til, og trudde det var hovmeistaren; men so var det apekatten som kom upp. So drog han ormen upp, og hovmeistaren sat endaa der nede i dyregravi. Men daa kamratarne var komne upp, batt han toget um livet, og no hala vedhoggaren upp honom med, og deretter gav dei seg baae til aa draga hesten upp or grefti. Daa det væl var gjort, so sette hovmeistaren seg i salen og reid sin kos. Dermed rusla vedhoggaren ogso heim att. Men daa kjeringi hans saag, at han ikkje hadde ein vedpinne, spurde ho honom, kva det skulde, verta til levemaate for dei, naar dei ikkje hadde ved aa selja. Vedhoggaren fortalde henne daa alt som var hendt, og at hovmeistaren hadde lovt honom baade rikdom og anna. Daa vart ho med glad og sa: »No skal me gledja os til i morgo, so gjeng du og fær di løn.«

Um morgoen gjekk vedhoggaren til keisarborgi og banka paa. Dørvaktaren kom ut, og spurde honom kva han vilde. »Berre gakk til hovmeistaren og seg honom, at den mannen han var i lag med i skogen igaar stend ute og vil tala med honom,« sa vedhoggaren.

Ja, dørvaktaren gjekk inn og sa det; men hovmeistaren vart vond, og sa at han hadde ikkje set nokon i skogen. Han skulde berre gaa sin veg; for han visste ikkje kva han var for ein.

Daa dørvaktaren kom med det svaret, vart vedhoggaren ille ved, og gjekk heim til kjeringi si og klaga seg saart, for det hovmeistaren hadde snytt honom so skammeleg. Men kjeringi sa: »Berre ikkje laast i vera. Rike folk er korte for hovudet, naar dei hev det annvint. Han hev vel havt mykje aa staa i i dag; derfor hev han skjussa deg fraa seg so braatt.« Dette trudde daa mannen med og gav seg til ro.

Den andre morgoen stod han tidleg upp og gjekk til keisarborgi att. Men hovmeistaren brukte harde ord, og let honom vita det, at han gjorde best i ikkje aa koma att oftare, for elles skulde han faa slik medferd, at han ikkje skulde verta huga paa aa koma dit meir.

Daa vedhoggaren kom heim til kjeringi og fortalde henne dette, trøsta ho honom, det beste ho visste, og sa: »Prøv det tridje gongen. Kanskje Vaarherre kan gjera honom meir godlyndt, og vil han ikkje høyra etter deg daa helder, so tenk ikkje meir paa det, men slaa deg til tols.«

Ja, han lydde henne i detta ogso, stod upp tidleg um morgoen, og bad dørvaktaren tala til hovmeistaren endaa ein gong. Det var ikkje meir so han let seg yvertala til det. Men daa hovmeistaren fekk høyra, at han var komen att, flaug han upp og fór ut, og let vedhoggaren faa slik juling, at han vart liggjande der meir daud en levande. Daa kjeringi fekk vita detta, gjekk ho dit med eselet deira, la honom upp paa ryggen av det og fragta honom soleis heim. Der vart han liggjande sjuk ei lang tid, til dei hadde ete upp den vesle smulen dei aatte.

Daa han var komen seg so vidt fyre, gjekk han til skogs att, som han var van med, for aa hogga ved. Der møtte han løva som han hadde drege upp av dyregravi. Ho dreiv fyre seg eit esel, som bar kistor og pakkar med mange kostelege ting. Og daa dei kom til vedhoggaren, stansa baade ho og eselet, og løva strekte seg og nikka til honom, som ho vilde takka honom for hjelpi. Dermed gjekk ho sin veg, og let eselet vera att. Mannen tok det daa heim med seg, og glad vart han, daa han saag kva det var i kistorne og pakkarne. Han var no ein rik mann med det same. Dagen etter gjekk han like eins til skogs, og daa kom apekatten og hjelpte honom aa kvista og leggja upp veden; han kunde skyna det var meiningi, at han ogso vilde gjera det han kunde til takk for vælgjort. Daa han var ferdig med arbeidet og dreiv eselet heim med ei vedklyv, møtte han ormen som han hadde drege upp or grefti. Han bar ein stein i munnen, og den steinen var baade kvit og svart og raud. Daa ormen var komen nær honom, slepte han steinen og rende inn i skogen att.

Vedhoggaren tok steinen og gjekk med honom til ein steinkjennar; og spurde kva gagn det var i honom, Mannen baud honom straks fem hundrad dalar for steinen; men vedhoggaren sa, at han vilde ikkje selja honom, berre høyra kva han dugde til. — Jau det var til tri ting, sa steinkjennaren: »til aa veita fullt upp av alting, utan nokon skort elder brest, til aa gjeva gleda utan sorg, og ljos utan myrker. Og den som ikkje gjev deg det for steinen som han er verd, han kjem ikkje til aa hava honom lengje i sit eige, — daa kjem steinen tilbake til deg att.« Vedhoggaren vart glad for detta, kan du vita, og takka mannen for vælgjort. So skunda han seg heim til kjeringi og fortalde henne, korleis lukka hadde vendt seg. Dei fekk snart merka og, kva steinen dugde til; for no kom dei seg for kvar dag. Vedhoggaren kjøpte seg ein herregard, baade med gardmenn og husmenn under; og det var ikkje lengje fyrr han var ein av dei fyrste i heile grannelaget.

Daa keisaren fekk høyra, at det hadde vorte slik mann av vedhoggaren, so sende han bod etter honom, og spurde korleis det hekk i hop med detta. Jau, vedhoggaren sa, at det var steinen han hadde aa takka baade for rikdomen og alt. So sa keisaren, at han vilde kjøpa steinen av honom; men vedhoggaren sa nei, — han hadde bruk for steinen sjølv. So sa keisaren, at han fekk gjera som han vilde; men vilde han ikkje selja steinen til honom, so skulde han jaga honom ut av land og rike. »Ja, naar du endeleg vil hava steinen,« sa vedhoggaren daa, »so er det vel ikkje onnor raad en at eg fær selja honom. Men det segjer eg ifraa fyreaat, at gjev du meg ikkje so mykje for steinen som han er verd, so vert han ikkje verande hjaa deg, men kjem attende til meg.« »Eg skal gjeva deg, so du skal vera nøgd. Du skal faa det steinen er verd,« sa keisaren. Og so gav han tolv tusund dalar for steinen.

Men morgoen etter laag steinen i kista til vedhoggaren igjen. Daa kjeringi høyrde det, sa ho: »Tak steinen og spring til keisaren, so han ikkje skal segja du hev stole fraa honom.« Mannen so gjorde, og daa han kom til keisarborgi og spurde keisaren, kvar han hadde steinen, sa han, at han hadde honom nedlæst i kista si. Men so synte vedhoggaren honom, at han hadde steinen, og daa keisaren saag det, tok han aat aa spyrja etter, korleis han fraa fyrst av hadde fenge tak i honom. Daa fortalde vedhoggaren um, korleis han hadde hjelpt hovmeistaren og dei ville dyri upp or dyregravi, at dyri hadde gjeve honom takk og gode gaavor for hjelpi; men hovmeistaren lovde væl og heldt ille, og gav honom vondt for vælgjort. Daa keisaren høyrde slikt um hovmeistaren, sende han bod paa honom, og spurde korleis det hadde seg med dette. Hovmeistaren kunde ikkje negta, at det var sant, og daa vart keisaren vond og sa: »Din skarv du er! Du heiter ikkje Utakk for ingenting. Dei ville dyr i skogen gjer skam paa deg; for du løner vælgjort med fantestykke. Men det skal du faa lida for. Alt det du eig av laust og fast, det gjev eg aat vedhoggaren; han skal vera hovmeistar i din stad, og du skal verta hengd den dag i dag.«

Og soleis gjekk det. Keisaren fekk lov og pris, for det han skifte som rett var millom dei, og vedhoggaren greidde sit so visleg og væl, at han fekk riket etter keisaren, og styrde væl alle sine dagar.

Det syner seg straks med den fyrste gjennomsyni, at desse utlendske æventyri stend nær saman og skil seg ut fraa det norske, og det i sjølve hovudstykket, kan ein segja. Det som i det norske æventyret er hovudsaki, elder det heile aa kalla: forteljingi um grefti og alle dei som stuper nedi, det er i dei andre berre ei innleiing. Sjølve hovudtanken er her aa syna, korleis dyri kan vera takksame, medan menneskja er utakksam. Og dette er nettupp ein egte indisk tanke, som ein ser framsett og brigda paa hundrad ulike maatar i buddistiske skrifter. Det er ein tanke som heng nær i hop med indisk trudom i det heile, og serleg med læra um sjælevandringi, som i eit og alt set dyr og menneskjor paa meir like fot med kvarandre.

Naar denne grunntanken hev halde seg i dei andre asiatiske sidestykki, like eins som i dei latinske og tyske, so lærer dette os, at dette æventyret hev ikkje vandra inn i Europa ved aa gaa fraa munn til munn: fraa ein indiamann til ein persar, fraa ein persar til ein arabar, og fraa arabaren til ein europæar. Hadde æventyret spreitt seg utyver paa den visen, so hadde dette med dei takksame dyri og den utakksame menneskja snart vorte umbrigda elder heilt utskilt, — som i vaart norske æventyr, og i so mange av dei andre æventyri, som er førde over til Europa paa den vanlege vegen, fraa munn til munn; — dei ogso veit nok aa segja av dyr som er takksame, men dei brukar ikkje deira takksemd som motstykke til den utakksame menneskja, soleis som dei indiske æventyri. Dei ymse asiatiske utgaavor av dette æventyret, um dei takksame dyr og den utakksame mann, like eins som dei latinsk-tyske, dei kan derfor ikkje vera anna en umskrifter med pennen, fraa bokverk til bokverk. Og me kan daa ogso peika ut so godt som alle millomledi fraa det eine umskiftet til det andre.

Men dermed er det ogso med det same sagt, at vaart æventyr, »Han far sjøl i stua«, det maa paa det siste stykket av vegen her upp til Norge hava vandra paa den andre maaten. Anten det no er kome gjenom forteljingi hans Rikard løvehjarte, elder fraa andre kjeldor (tyske elder franske) — til os maa æventyret hava naatt ved aa gaa fraa munn til munn. Det viser seg nettupp av det, at det er umattgjort, at emnet er tilskipa til aa høva med livet og stellet her heime, med vaart folks syn og tenkjemaate, — med eit ord: det at vaart folk hev umskapt æventyret i sit bilæte. Det er med dette som med blomsterfræet, som vinden fører ikring fraa eit leite til det andre: Vokster-slaget held seg det same — eit liljefræ kan ikkje verta til ei rosa, — men serdraget, det tek sin svip etter jordbotnen og verlaget paa dei ymse stader. Lauvtrei hjaa os ser ikkje like eins ut som dei same lauvtrei i sudlandi.

Paa den maaten vert det likevel rettkome og sant, dette heimlege inntrykket som me alle hev av æventyret »Han far sjøl i stua«. Emnet, tilfanget er framand; og hev paa lange vegar naatt hit upp fraa India av. Men tilfanget er berre det same som raaemnet er i arbeidslivet. Det det gjeld um, er tilverknaden, makstren, nyskapingi, — den, og einaste den, er det som gjer diktarverket. Og kan ein tenkja seg noko meir norsk en skildringi av den gnistrande kalde vinternatti, den ylande hunden, dei luskande dyri, elder det turre skjemt i skildringi av den stakars fantekjeringi, med ein godmodig snert til menneskjeleg stakarsdom.

— Elder sjaa no her »Han far sjøl i stua« i afrikansk bunad. Hev han ikkje lært aa tenkja og tala som neger millom negrarne?

Æventyret mit handlar um ei kona. Ho datt i ei stor grav, ho og alle dyri. Ein veidar kom og saag dei. Dei sa han skulde koma og draga dei upp, og han sette ein stige ned i grefti. Leoparden spring til og er uppe; han segjer: »No eg er berga, skal me løna deg godt.« Ein til kjem upp; han segjer, at kvinna er stor mannskade. Rotta kjem upp; ho segjer, at ho skal løna honom godt. Kvinna kjem upp; henne tek mannen heim til seg.

Leoparden gjer væl; han gjeng og fangar dyr og ber dei heim til garden. Mannen vaknar; han segjer: »Dette hev leoparden gjort.« Rotta med gjorde væl; ho grov gang i jordi millom mannens hus og kongens hus, og stal fraa kongen. Mannen vart rik han.

Kona gjekk og tala ved kongen. »Det er kome burt noko for kongen,« segjer ho; »det er i henderne paa den mannen der.«

Kongen kjem og tek honom. Dei legg jarn paa mannen. »Kven hev gjeve deg det som du hev stole?« segjer dei. Han svarar, at det hev rotta gjort.

Ormen gjeng og finn seg lækjedropar. Han løyser jarni av mannen og segjer: »Gaa, blaas dette i augo paa kongens son, so er du fri.« Og mannen gjeng. Dei bed honom gjera raad for kongens son, so han kan vakna. Dei lovar honom tvo hundrad trælar, tvo hundrad klædnader, alt han vil hava. Og mannen fekk barnet til aa vakna. Han fekk alt dei hadde lovt honom, og han vart rik paa nytt lag.

Lær av dette, at du ikkje maa taka noko i kongens hus.

Men dette er ikkje det verste »Han far sjøl i stua« — som so mange æventyr — hev havt aa gaa igjenom. Det hender ibland, at æventyri maa skifta baade sinn og skinn, for aa faa lov til aa leva. Det finst folk, maa vita, i vissa til sine tider, som er so kloke, so dei kan ikkje tola nettupp det æventyrlege i æventyri, — alt dette som dei ikkje kan faa til aa rima med sin turrklokskap, for di det ikkje kan hava gjenge fyre seg paa den vis i den verdi som dei kjenner, i det daglege liv. Turre som dei er, slike tider, hev dei vondt for aa skapa noko sjølve; men dei gjer sit beste med aa svida ut av andre tiders diktverk alt det som ikkje kan staa seg for deira kvardagslege livssyn. Um so heile diktverket paa den maaten misser sit salt og si kraft, vert meiningslaust og avkjennelegt, det tek dei seg ikkje nær av. Naar guten i æventyret held seg i kappa til nordanvinden og paa den maaten naar fram til Soria Moria slott, so tek den kloke aandløysa og set honom paa ein fuglerygg, elder endaa betre: paa ein hest elder eit skip, — ja det skulde ikkje undra meg, um me i si tid fær høyra um jarnvegsreiser elder ballonferder til slottet austanfor sol og vestanfor maane. Dei gjev seg ikkje, folk av det slaget, fyrr dei fær utbrent alt det som minner um æventyret. Sjaa berre kor væl »Han far sjøl i stua« hev vorte renska for alt æventyrlegt i denne ulvegravs-soga fraa Jylland:

I Mammen var ulvarne vortne so djerve og gjorde so mykje ugagn. Gardeigarane tok seg daa fyre aa gjera ei ulvegrav til aa fanga dei i. Til aa leggja paa vippefjøli skulde kvar av dei etter umgang gjeva eit lamb. So var det ei girug kjering der, som ogso laut ut med eit lamb; men det gjekk henne fælt nær, og daa natti kom, stod ho upp og gjekk ut for aa taka att lambet. Men med det same ho skulde til aa taka etter lambet, vilde ulukka, at ho kom til aa stupa ned i grefti. Der fekk ho selskap, — med ein ulv, som var komen der fyre henne. Hadde han ikkje vore ille ved fyrr, so vart han det no, og trykte seg inn i ei kraa, og like eins kjeringi i den andre enden av grefti. Slik sat dei og glodde paa kvarandre, til det kom folk um morgoen for aa sjaa kva fangst dei hadde gjort.


»Han far sjøl i stua« er altso av dei æventyr som helst hev fylgt bokvegen paa sine vandringar. Lat os no sjaa paa eit av det store fylgjet som hev flakka meir fritt garde-millom og lande-millom, fraa mann til mann elder fraa munn til munn.

— Diktaren Mistral[4] sat ein kveld i hagen sin og høyrde paa ein bondemann og ei bondekona som gjekk ute paa vegen og kjekla med kvarandre. Mange av granne-folki sanka seg ikring, og hadde moro av kjeklet. »Ja, kva skal eg gjera?« sa mannen; »ho er nett som kjeringi aat den lusutte mannen!« — »Kva vil det segja?« spurde diktaren, og so var det ein gamall mann som fortalde honom heile soga:

Det var ein gong ein gjætar; han hadde ei kjering som var so stridsam av seg. So ein gong dei dreiv og trætte, vart kjeringi illsint og skreik: »Tig still, din luseslamp!« — »Eg lusutt?« sa mannen; »segjer du det ein gong til, so bankar eg deg!« — Men det hjelpte ikkje; alt han slo og banka henne, so ropte og skreik kjeringi: »lusutt! lusutt!« So tok mannen og bar henne burt til brunnen, batt kring henne eit tog og hissa henne nedi til beltestaden. »Naa — kva segjer du no?« spurde han. »Lusutt! lusutt!« skreik ho. So djupare nedi, til armarne, til halsen, til munnen, — men det nytta ingenting; ho berre heldt ved med sit. »Godt,« tenkte mannen, »du kan koma lenger nedi,« og hissa henne ned til yver hovudet. — Men meiner du ikkje det, at ho stakk henderne upp or vatnet, daa ho ikkje kunde faa ord for seg lenger, og sette nagl mot nagl, plent som ho skulde knekkja lus! Daa visste mannen ingi raad lenger; han gav seg og drog henne upp att.

Baade Mistral og den gamle sogemannen hans hadde visst vorte reint forbina, um ein hadde sagt dei, at denne soga var ikkje ætta fraa landsbyen der nede i Provence, — at ho er utbreidd yver heile Frankrike, yver Tyskland, yver Italia, dei slaviske landi og alle nordlandi, heilt til Finland og Island, at dei hev funne frendar av henne hjaa turkar og persarar og langt inni Asia. Ja, kva vilde dei segja — ikkje berre Mistral og hans franskmenn, men nokon kvar her i landet med — um dei fekk høyra, at i ei bygd paa Vestfold her paa austlandet veit folk aa fortelja um ei kona i vaare dagar som hev vore freista med den same aatgjerdi for munnen sin, og med same utfall: For aa faa henne til aa tegja ein gong, tok mannen og batt henne til brunnstongi og hissa henne ned i brunnen. Men han var glad til han drog henne upp att, og kjeringi vart verre og ikkje betre.

Men ikkje nok med dette. Gjeng me attende i tidi, so viser det seg, at denne soga hev vore brukt i eit angel-saksisk dikt som er eldre en den fyrste krossferdi, at baade Tyskland og Frankrike hev gamle dikt um det same emnet, at ho er aa finna i latinske sogesamlingar fraa det 12te hundradaaret, ja at heilt fraa 1230 av vart ho fleire gonger nytta i preikor — berre med noko skiftande bunad, til aa aatvara mot kjekl og trættesykja. Me kan nemna med namn den prestemann som fyrst brukte forteljingi paa preikestolen. Det var ein av millomalderens stortalarar, den franske bisp Jakob av Vitry. Han maa hava høyrt henne baade i Syria, der han fyrst var bisp, og i Frankrike. Han sjølv, og ein av hans læresveinar etter honom, nyttar tri ulike utgaavor av soga. Den eine svarar i eit og alt til den provençalske, som Mistral hev fortalt. Den andre lyder slik:

Eg hev ein gong høyrt um ei trættekjær kona, som gjekk paa aakren med mannen sin og saag etter um konnet paa stauren var turt. »Han er pent skoren, denne aakren,« sa mannen. »Du ser vel han er klipt, veit eg!« svara kjeringi. »Er han ikkje skoren daa, — med sigd?« sa mannen. »Aa langt ifraa! klipt er han, med ei sauesoks,« sa kjeringi. Sistpaa vart mannen so sint, at han tok og skar tunga av paa kona. Men ho gav seg ikkje, — rette henderne upp, og til aa klippa og klippa med fingrarne i lufti.

Den tridje er noko annarleis:

Ein mann hadde ei kona som var so vrang og tverr, so ho altid gjorde beint imot det han bad henne um, og altid var sur og sint, naar ho skulde taka imot gjester som kom til mannen. Ein dag det var framandfolk der, hadde dei duka bordet nede i hagen, tett ved elvi. Kjeringi sette seg med ryggen til elvi, eit stykke ifraa bordet, sur og lei som vanleg. »Ver daa noko hyggjeleg med gjesterne vaare, og set deg nærare inn aat bordet,« sa mannen. Men ho gjorde beint imot, drog seg berre lenger fraa. Mannen tok uppatt det han hadde sagt. Daa tok ho i og skuva stolen hardt attende, so ho gjekk paa ryggen ut i elvi og vart burte. Mannen fekk seg ein baat, og tok til aa leita etter henne upetter elvi. Daa so folk spurde honom, korleis han kunde falla paa aa leita etter kona ovanfor der ho hadde falle uti, i staden for nedanfor, so svara han: »Men veit de ikkje det daa, at ho altid gjorde beint imot det ho skulde? De maa daa vita, at ho no helder ikkje kan hava tekje vegen nedetter elvi, som andre, men uppetter.«

Um ein no skulde taka og samla desse tri sogorne til eit, so ser ein snart, kvar det ber av. Det vert det vælkjende norske æventyret

Kjeringi mot straumen[5].

Det var ein gong ein mann som hadde ei kjering, og ho var so tverr og vrang, at det var ikkje godt aa vera i lag med henne. Mannen han visste no ingi raad med henne; det han vilde, det vilde ho altid tvert imot. So var det ein sundag utpaa sumaren, at mannen og kona gjekk ut og skulde sjaa etter korleis aakren stod.

Daa dei kom til ein aaker paa den andre sida av elvi, sa mannen: »Ja no er den aakren skjær; i morgo fær me til aa skjera honom.« — »Ja, den kan me taka aat aa klippa i morgo,« sa kjeringi, »Kva for noko, — skal me klippa? Skal me ikkje faa lov til aa skjera helder no?« sa mannen. Nei, klippa aakren skulde dei, meinte kjeringi. »Det er aldri verre en lite aa vita,« sa mannen; »men du maa vel hava gjenge fraa det vesle vitet du hev havt og no. Hev du set, at nokon hev klipt aakren du?« sa han. »Lite veit eg, og lite vil eg vita,« sa kjeringi, »men det veit eg visst, at aakren skal me klippa og ikkje skjera,« sa ho. Det var ikkje til aa røa um det, klippa honom skulde dei.

So gjekk dei burtetter og kjeika og trætte, til dei kom til brui yver elvi, ovanum ein djup høl. »Dei segjer for eit gamalt ord,« sa mannen, »at god ambo gjer godt arbeid; men det trur eg visst skal verta ein rar skur som dei klipper med sauesoks,« sa han. »Skal me slett ikkje faa lov til aa skjera aakren no daa?« — »Nei, nei, klippa, klippa, klippa!« ropte kjeringi, hoppa upp og klipte med fingrarne etter nasa paa mannen. I illska tenkte ho ikkje paa aa agta seg, fyrr ho snaava i ein stokkende paa brui og stupte ut i elvi.

»Gamall vane er vond aa venda,« tenkte mannen, »men det skulde vera snodigt, um eg ikkje fekk rett ein gong eg og.« Han ut i hølen og fekk tak i haarluggen paa henne, so vidt at ho fekk hovudet yver vatnet. »Skal me so skjera aakren?« sa han. »Klippa, klippa, klippa!« skreik kjeringi. »Jau, eg skal læra deg aa klippa eg,« tenkte mannen, og dukka henne under; men det hjelpte ikkje, — dei skulde klippa, sa ho, daa han tok henne upp att. »Eg kan ikkje anna tru, en at kjeringi er fraa vitet,« sa mannen med seg sjølv. »Mang ein er galen, og veit det ikkje, mang ein hev vit, og naar det ikkje; men eg fær no freista ein gong til likevel,« sa han, og slepte henne nedi att. Men fyrst ho var komi under vasstraamen, so sette ho handi upp yver vatnet, og til aa klippa med fingrarne som med ei soks. Daa vart mannen storsint, og dukka henne baade væl og lengje. Men rett som det var, seig handi ned under vatnet, og kjeringi vart med eit so tung, at han laut sleppa taket. »Vil du draga meg ned i hølen til deg og no, so kan du liggja der, dit troll!« sa mannen, Og so bleiv kjeringi.

Men daa ei tid var gjengi, tykte han det var ille, at ho skulde liggja der og ikkje koma i kristen jord, og so gjekk han ned langsmed aai og leita og sokna etter henne. Men alt det han leita, og alt det han sokna, so fann han henne ikkje. Han fekk med seg gardsfolket og andre folk fraa grannelaget, og dei gav seg til aa grava og sokna nedetter heile aai alle i hop; men alt dei leita, so fann dei ingi kjering.

»Nei,« sa mannen, »det kan nok ikkje nytta dette. Denne kjeringi var no ei kjering for seg sjølv ho,« sa han. »So lengje ho levde, var ho beint paa tvert, og ho kan vel ikkje vera annarleis no helder,« sa han; »me fær til aa leita uppetter og prøva ovanum fossen, — kanskje hev ho fløytt seg uppetter.«

Aa ja, dei gjekk uppetter og leita og sokna ovanfor fossen. Der laag kjeringi, det var rektigt nok. Det var kjeringi mot straumen det.

Soleis ser altso den norske støypingi ut. Ho er gjord med det for auga, som rett er, at dei tri sogorne høyrde i hop, at dei var berre avbrigde av ei og den same. I dei tri bispesogorne var dei tri taattarne til det norske æventyret gjevne. Det med aa klippa aakren hadde me i bispesoga nr. 2; aatgjerdi med aa dukka kjeringi, for aa faa skikk paa henne, raakte me paa i den provençalske, elder i den fyrste Jakobs soga; og endeleg det snaale visbendet av mannen, aa sokna uppetter elvi, saag me kom fram i den siste av bisp Jakobs sogor. Det vil segja: emni hadde me der, men aandi ikkje, — ikkje den norske klangen. Den er komen til med den norske umstøypingi, like eins som kvar klokka fær sin klang etter si støyping, endaa um malmemni kan vera dei same i den eine som i den andre.

Det same — at det ikkje er so mykje emnet, elder sjølve teksti, som gjer utslaget — ser me ogso, men paa ein annan maate, berre me gjeng til vaare næraste grannar, i Sverike og Finland. Der med hev dei æventyret um »Kjeringi mot straumen«, og i mangt og mykje annarleis bygt; men likevel lyder dei meir kjenneleg hell noko av dei latinske elder franske som me hev gjeve provor av her fyreaat.

Fyrst det finske:

Ein bonde hadde tekje seg ei kona; men ho tedde seg so vrangsnudd, og gjorde alt beint imot det han bad henne. So var det ein gong det leid til jol, at mannen gjekk og grunda paa, korleis han skulde faa kjeringi si til aa gjera seg noko meir fyre med matstellet, so dei kunde hava det lite grand flust i høgtidi. Jau sistpaa meinte han han hadde funne paa raad, og so sa han til kona si: »Ja no lid det til jol; veit du; men tak deg no ikkje til aa baka kveitekakor til høgtidi. So smaatt som det er med os, so veit du me hev ikkje raad til slikt.«

Men daa kjeringi høyrde det, so var ho ikkje sein med aa svara: »Jau me skal baka kveitekakor, og det i morgo den dag, no veit du det!«

Mannen lest som han vart arg, og sa: »No ja, um du bakar kveitekakor, so tenkjer du vel ikkje paa aa laga fiskeklubb?« — »Jau, det gjer eg radt og, trass i deg,« meinte kjeringi.

»Ja ja, lat gaa med fiskeklubben daa,« sa mannen; »men øl skal me no vel ikkje bryggja?« — »Jau me skal bryggja øl, og det som duger,« meinte kjeringi paa.

Mannen gav seg ikkje med dette, men sa: »Ja, naar du likevel skal bryggja øl, so er det daa ikkje verdt aa kjøpa kaffi lell.« — »Jau um eg aldri hev kjøpt kaffi fyrr, so skal eg kjøpa no!« var det svaret han fekk.

»No ja, um du kjøper lite grand kaffi,« sa mannen, »so er det vel ikkje meiningi me skal hava gjester i joli?« — »Jau det er nettupp meiningi, so mykje du veit det!« svara kjeringi.

»Men det bed eg deg daa um,« sa mannen, »at um det kjem jolegjester, so fær du i minsto ikkje lata meg sitja i høgsætet.« — »Jau du skal pent faa sitja der!« skreik kjeringi, og slo i bordet.

Dermed laut daa mannen gjeva seg. Men den joli vart det noko til levemaate, maa du tru. Det var baade kveitekakor og fiskeklubb og øl og kaffi, so lengje joli varde, og gjester var det til kvar dag. Men kor lengje var Adam i paradis? — Daa det var slutt med joli, so vart kjeringi argare hell nokosinne fyrr. Det var ikkje fred aa faa for mannen til nokor tid. »Nei,« sa han til slutt, »den kjeringi maa eg sjaa til aa verta av med paa ein elder annan maate.« 

So var det ein dag i sumars-vinna, at mannen gjekk ute paa engi langs med elvi, der det laag ei klopp yver. Den tok han daa og saga halvt av med ei sag, berre so vidt ho endaa kunde bera ei menneskja med lempeleg medferd. So gjekk mannen heim att, og etter middagen vart kona med honom ut for aa høya. Daa dei kom til elvi, gjekk mannen fyrst yver kloppi, og gjekk varleg han, kan du vita. So kom kjeringi og skulde yver ho med, og mannen aatvara henne og sa: »No maa du gaa pent og varleg, kona mi, — ikkje trampa og byksa! Eg tykte rett det var som ein av stokkarne gav seg noko.« — »Jau eg skal hoppa, um eg aldri hev hoppa fyrr!« ropte kjeringi, og ho til aa trappa og byksa upp og ned midt paa kloppi. Men best som det var, rauk stokken tvert av, og kjeringi sturta lukt i elvi, og burte var ho.

Nokre av grannefolki, som hadde set det, kom springande for aa hjelpa, og daa gjekk mannen og leita og kika ned i elvi ovanfor kloppi. »Kva er det du leitar etter der?« spurde dei honom. »Aa det er etter den stakars kona mi, som stupte i elvi med den stygge kloppi der,« sa han. »Er du galen du daa, som leitar der uppe,« sa dei andre; »kona di maa daa hava fylgt med straumen nedetter elvi, kan du vita.« — »Skulde tru det, ja,« meinte mannen; »men kjeringi mi var no støtt so vrangsnudd, den tid ho levde, so det skulde ikkje undra meg, um ho no med hev tekje leii mot straumen.« Daa dei andre høyrde det, sa dei ikkje meir, men tenkte med seg sjølve: »Daa var det vel best for deg, um du ikkje fann kona di att.«

Det er snart aa sjaa paa dette finske æventyret, at her med er det tvo sogor som er støypte saman til ei. I Sverike derimot hev dei endaa dei tri taattarne, som me saag det var i det norske æventyret, gangande kvar for seg som tri serskilde æventyr. Um nokon vil sjaa, korleis den provençalske taatten er spunnen paa svensk, so er den slik:

Det var ein gong ein mann som hadde slik ei lei og stridig kjering. So ein sundagsmorgo mannen stod og kjembde seg, kom det eit dyr paa kamben. Det drap han daa. Men daa fekk kjeringi noko aa egla med. »Luseknekkjar!« sa ho, og det vart ikkje anna en »knekk, knekk« for kvart ordet ho hadde aa segja honom.

Daa vart gubben arg, kan du vita, og so raut han i til henne: »Tegjer du ikkje med den knekkingi, so duppar eg deg i brunnen!« — »Nei, luseknekkjar er du lell,« meinte kjeringi. Daa tok mannen kjeringi i fletta og duppa henne ned i brunnen heilt til hoka. »No tenkjer eg du tagnar med gnaalet dit,« sa han. »Nei, du er luseknekkjar endaa!« skreik ho. So duppa mannen heile hovudet under paa kjeringi. »Seg no luseknekkjar, um du kan,« meinte han. Men kjeringi gav seg ikkje endaa; ho stakk baae henderne upp yver vasstraamen, og knekte med tumars-neglerne.

Der stod gubben. Det var ikkje anna fyre en aa draga kjeringi upp att og hava henne slik ho var.

Men »luseknekkjar« fekk han høyra all sin dag.

Endaa kan det vera verdt aa peika paa eit segndrag fraa Finland, Det hev og noko aa læra os. I den gamle finske gudetru heiter guden Ukko, og kona hans Emma. Desse gamle gudarne er no for lengje sidan avtekne der med, som me veit. Men endaa skal det vera gjengeleg i Finland aa kalla den vanlege straumen i elvedragi, den som gjeng nedetter, for ukko-straum; men den som paa sine stader gjeng uppetter, i sjø elder elv, kallar dei emma-straum. Lat os no tenkja os, at alle dei æventyri me hev um »Kjeringi mot straumen« vart avøydde, — berre i desse segnordi vilde det vera emne nok til aa laga ei heil ny rekkja av same slaget. For roti er der.

— Det er som slike ting ikkje kan døy, so seigliva som dei viser seg aa vera. Dei kan vidka seg ut til ruvne sogor, auka og breia seg til ein heil skog, og dei kan kverva inn til aa kunna gjøyma seg i eit ord, eit namn, berre som eit lite ihopturka fræ, — men lever gjer dei. Og det er forvitnelegt aa sjaa, korleis dei liksom kan blaasa utyver verdi, kan festa seg og slaa rot rundt ikring. Naar me finn att »Han far sjøl i stua« hjaa negrarne midt inne i Afrika, umbrigda etter deira tankegang, som ei avspegling av deira folkelynde og livet der, elder »Kjeringi mot straumen« gjøymd av i eit lite namn fraa den gamle gudetrui i Finland, — skulde me ikkje daa hava rett til aa segja, at ogso med æventyri, ogso i deira luftrike, er det slik, at emni, sjølve toet, det gjeng ikkje til grunns; det berre skifter bragd og stend uppatt i nye og nye skapnader. Ogso der raar det same umsynlege stellet som i det store heimshushaldet, det same som naturvitskapen hev lagt i dagen paa sit umkverve, i naturlivet, og som dei no hev tekje aat aa røkja etter meir og meir i soga ogso, i mannalivet ned igjenom tiderne. Helder ikkje i æventyrriket er det, for so vidt, »noko nytt under soli,« so mykje sersynt og uhøyrt som det elles hev aa bjoda paa.

  1. Toresteinar elder torelo hev folk kalla ymse rare steinar, anten steinleivor etter dyr, elder reiskaper fraa steinalderen, elder stundom »himmelsteinar« (meteorsteinar).
  2. Etter Asbjørnsen og Moe: »Norske folke-eventyr«.
  3. Bramanarne kallar seg tviborne (tvo gonger fødde), daa dei reknar prestevigsla si for den andre fødselen.
  4. Mistrál, fødd 1830 i Provence i Sudfrankrike, er ein vælkjend diktar og folkelivsskildrar, og er ein av dei provençalske maalstrævarar, som vil reisa det sudfranske maalføre til bokmaal att, som det var ei tid i gamle dagar, i riddartidi.
  5. Etter Asbjørnsen: »Norske folke-eventyr, ny samling«.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.