Aten prefektur
Aten prefektur Νομός Αθηνών | |
---|---|
| |
Periferiar | Attikí |
Hovudstad | Aten |
Folketal | 2 664 776 (2001) Rangering 1. |
Areal | 89 km² Rangering 54. |
Folketettleik | 29 941/km² |
Demer | 45 |
Kommunar | 3 |
Postnummer | 1xx xx |
Retningsnummer | 210 |
Heimeside | www.nomarxia.gr |
Aten prefektur (gresk Νομός Αθηνών, Nomós Athinón) var eit prefektur i Hellas. Det var ein del av periferien Attikí og var òg ein del av storprefekturet Aten-Pireus. Hovudstaden i prefekturet var byen Aten, som òg er hovudstad i Hellas. Området er lite og tett folkesett og dekkjer sentrale område av storbyområdet til Aten.
Administrativ inndeling
endreFrå 2011 er det tidlegare prefekturet delt i dei fire periferieiningane Sentral-Aten, Nord-Aten, Vest-Aten og Sør-Aten.[1]
Referansar
endre- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023