Paleó Fáliro
Paleó Fáliro Lokalt namn Παλαιό Φάληρο | |
---|---|
Museumsskipet Jeórjos Avérof i Paleó Fáliro | |
Geografi | |
Stad | Aten |
Koordinatar | 37°56′N 23°42′E / 37.933°N 23.700°E |
Areal | 4,574 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Attikí Sør-Aten |
Hovudsete | Paleó Fáliro (64 863 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 64 863 (2021[1]) |
Folketettleik | 14 180 /km² |
Paleó Fáliro (gresk Παλαιό Φάληρο, tyder Gamle Fáliro) eller Palaio Faliro, eldre former Palaion Faliron eller Paleon Faliron, er ein kommune i dei sørlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer frå 2011 administrativt til periferieininga Sør-Aten i periferien Attikí.[2] Området ligg søraust for Aten og Pireus og er kjend for å ha dei strendene som ligg nærast Aten.
Området bestod tidlegare av jordbruksområde, men mellom 1920- og 1930-åra vart det kraftig urbanisert og i dag er det stort sett berre bustadområde igjen. Området er åslendt og har nokre åstoppar som går austover til fjellet Ymittós.
Paleó Fáliro har strender langs Saroniabukta. Lystbåthamna (Marína Alímou) ligg i søraust, medan Trokaderóhamna ligg i nordvest.
Referansar
endre- ↑ Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
Bakgrunnsstoff
endreKjelde
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Palaio Faliro frå Engelsk Wikipedia .