Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Stille

Frå Wikiquote



Stille gate i Perugia.

Stille er eit totalt eller relativt fråver av lyd eller rørsle.


Opphavleg tekst:


«古池
蛙飛び込む
水の音»


Transliterasjon: furuike ya
kawazu tobikomu
mizu no oto

Informasjon
Opphav: Matsuo Basho

Kjelde:«Den gamle dammen» (dikt)
År: 1686
Periode: Edotida
Kontekst: Denne haikuen blei dikta tidleg i 1686, og blei snart vidkjend.

Omsetjinga er gjort av Ranveig Thattai og følger haikustavingane (5-7-5 på dei tre linjene), men er svært lik den gjort av Paal-Helge Haugen [1]. Ho tek også utgangspunkt i ulike engelske omsetjingar av diktet

Stikkord
dammar
stille
vatn
froskar
haiku

Den gamle dammen
ein frosk som hoppar oppi
lyden av vatnet

Basho måla av Kinkoku rundt 1820, omgjeve av diktet om frosken.


Den gamle dammen
ein frosk som hoppar oppi
lyden av vatnet

  Matsuo Basho



Teke frå nb.no

Informasjon
Opphav: Solveig Sindre

Kjelde:«Fjellstilla» (dikt)
Levande røter (diktsamling)
Opphavleg mål: Nynorsk
År: 1995

Stikkord
stille
fjell
sus
fuglesong
sauar
bjøller

Stilla her oppe er av eit særskild slag.
Her er ikkje telefon,
og det tek henne om lag tre år å gå ned til bilveg.
Trafikklydar når ikkje opp hit.
Bekkesus og fuglesong er på sett og vis del av stilla.
Sauebjøller glid så fint inn.


Stilla her oppe er av eit særskild slag.
Her er ikkje telefon,
og det tek henne om lag tre år å gå ned til bilveg.
Trafikklydar når ikkje opp hit.
Bekkesus og fuglesong er på sett og vis del av stilla.
Sauebjøller glid så fint inn.

  Solveig Sindre



Teke frå staverloekk.no

Informasjon
Opphav: Peter Hognestad

«Fager kveldsol smiler» (salme)
Kontekst: Omsetjing av ein tekst av A.H.H. von Fallersleben.

Stikkord
kveld
lyd
stille
sus
kontrastar

Høyr kor sterkt det susar
i den stille kveld.

Der Abend, måleri av Caspar David Friedrich.


Høyr kor sterkt det susar
i den stille kveld.

  Peter Hognestad



Teke frå Wikisource
Opphavleg tekst:

«A heaven so clear, an earth so calm,
So sweet, so soft, so hushed an air;
And, deepening still the dream-like charm,
Wild moor-sheep feeding everywhere.»


Informasjon
Opphav: Emily Brontë

Kjelde:«A Little While, a Little While» (dikt)
Opphavleg mål: Engelsk
År: 1846

Stikkord
himmel
jorda
stille
luft
heiar
sauer

Ein himmel så klar, ei jord så still,
  så søt, så mjuk, så tyst ei luft
og vidare fører det draumlike spelet
  ville heiesauar som grasar overalt.


Ein himmel så klar, ei jord så still,
  så søt, så mjuk, så tyst ei luft
og vidare fører det draumlike spelet
  ville heiesauar som grasar overalt.

  Emily Brontë



Teke frå «Føstretiden», En Jægers Erindringer 1850, side 17 (attgjeve i Nynorsk Wikpedia)

Informasjon
Opphav: Bernhard Herre

Kjelde:Føstretiden (kapittel)
En Jægers Erindringer (bok)
Opphavleg mål: Dansk
År: 1850

Stikkord
norsk natur
myrar
tre
stille
søvn
«Henne paa Myren, der hvor den taber sig i Skoven, spiller Luften mellem de vanskabte Træer, og over den rolige, blanke Søe ligger der langs Sivene hede, qvælende Dampe. Ingen Lyd svæver mellem Træerne, intet Liv sees her; Alt er Taushed og Øde; en tung, unaturlig Søvn har lagt sine Arme om Planter og Dyr.»


«Henne paa Myren, der hvor den taber sig i Skoven, spiller Luften mellem de vanskabte Træer, og over den rolige, blanke Søe ligger der langs Sivene hede, qvælende Dampe. Ingen Lyd svæver mellem Træerne, intet Liv sees her; Alt er Taushed og Øde; en tung, unaturlig Søvn har lagt sine Arme om Planter og Dyr.»   Bernhard Herre



Teke frå Wikikjelden

Informasjon
Opphav: Arne Garborg

Kjelde:«Gumlemaal» (dikt)
Haugtussa (diktsamling)
Opphavleg mål: Landsmål

Stikkord
øyde
urtid
kjemper
søvn
stille
Noreg
forhistorie

Ingin Vokster
i vide Dalar;
ingin Os
av Aare-Eld.
Dag sov
Daude-Svevnen.
Rim kvitna
um Rise-Heimar.
Land laag i Logn,
Rike i Ro.
Tidi stod.
Alt tagde.


Ingin Vokster
i vide Dalar;
ingin Os
av Aare-Eld.
Dag sov
Daude-Svevnen.
Rim kvitna
um Rise-Heimar.
Land laag i Logn,
Rike i Ro.
Tidi stod.
Alt tagde.

  Arne Garborg