Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Zara Larsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zara Larsson

Fødd16. desember 1997 (26 år)
FødestadSolna kommun
FødenamnZara Maria Larsson
OpphavSverige
Aktiv2008–
Sjangerdanse-pop, pop, elektropop
Instrumentpiano, vokal
Stemmetypesopran
PlateselskapEpic Records, Sony Music, TEN Music Group
Verka somsongar, låtskrivar, skodespelar, dansar
PrisarMTV Europe Music Award for Best New Act, MTV Europes musikkpris for beste verdensomspennende nummer, MTV Europe Music Award for Best Swedish Act, MTV Europe Music Award for Best Nordic Act, Exportpriset

Zara Larsson (fødd 16. desember 1997) er ein svensk songar og låtskrivar frå Solna utanfor Stockholm.

Larsson har lært å synga og dansa ved hjelp av læraren Johan Jämtberg og studiar ved Adolf Fredriks Musikklasser og Kungliga Svenska Balettskolan i Stockholm.

Ho har opptredd som Marta von Trapp i musikalen Sound of Music. Ho har opptredd som medlem av gruppene Helges All Stars, Next Generation og vore gjesteartist på Popkorn 2008-turnéen.

Zara Larsson slo gjennom i talentkonkurransen Talang 2008 på svensk TV4 (tilsvarer Norske Talenter) i 2008 der ho vann finalen med songen «My Heart Will Go On». Ho hadde tidlegare vore med i ein tilsvarande konkurranse, Star Shots i 2007, der ho blei ein av finalistane. Ho blei sidan med i dokumentarserien Jag ska bli en stjärna (2009/2010) på TV4 om barn som drøymer om å bli berømte. I 2013 slo ho gjennom med songen «Uncover». Ho gav ut sitt første internasjonale album, So Good, i 2017. Albumet og fleire singlar frå det nådde topplistene i Noreg[1] Storbritannia[2] og fleire andre land.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum

[endre | endre wikiteksten]
  • 1 (2014)
  • So Good (2017)
  1. «Zara Larsson - So Good (Album)». Swedish Charts. Henta 18 May 2017. 
  2. «So Good». Official Charts Company. Henta 18 May 2017. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]