Veldre kyrkje
Veldre kyrkje | |||
kyrkje | |||
Veldre kyrkje
Foto: Jan-Tore Egge | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Hamar | ||
Prosti | Ringsaker | ||
Sokn | Brumunddal/Veldre | ||
Fellesråd | Ringsaker | ||
Arkitekt | Roar Jacobsen og Ulf Zettersten | ||
Material | Limtre | ||
Innvigd | 19. mars 2000 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Altartavle | Gunnar Torvund | ||
Orgel | Ryde og Berg, 2003 | ||
Sitjeplassar | 270 | ||
Veldre kyrkje 60°55′02″N 10°53′25″E / 60.91722222°N 10.89027778°E | |||
Wikimedia Commons: Veldre kirke |
Veldre kyrkje er ei arbeidskyrkje frå 2000 i Ringsaker kommune, Innlandet. I det ytre har krykja relativt tradisjonell form, sjølv om materialbruk og rominndeling er meir moderne. Sjølve kyrkjesalen er som ei langkyrkje.
Det har vore kyrkje i Veldre sidan mellomalderen, og den førre kyrkja brann i 1996. Dermed forsvann òg den eine av berre to altertavlar laga av Anders Olsen Sæther og ein preikestol av Lars Pinnerud.
Tuftene frå gamlekyrkja er synlege på kyrkjegarden.
Tidlegare kyrkje
[endre | endre wikiteksten]Før den noverande kyrkja hadde Veldre ei lafta krosskyrkje frå 1726. Denne hadde ei altertavle skoren i 1790 av Anders Olsen Sæther (og ei skoren i 1694 av Johannes Skraastad), i tillegg til preikestol (1737), døypefont (1728) og korskilje (1728) laga av Lars Pinnerud.[1] Kyrkje og inventar brann opp den 26. september 1996.[2] Ein mistenkte at brannen kom av feil ved det elektriske anlegget.[3]
-
Den tidlegare krosskyrkja i landskapet.Foto: Postkort fra Carl Normann (1920)
-
Kyrkjerommet i krosskyrkja.
-
Altertavle (1790) skoren av Anders Olsen SætherFoto: Kristian Heramb/Domkirkeodden
-
Altertavle (1694) skoren av Johannes SkraastadFoto: Ukjent/Domkirkeodden
-
Preikestol (1737) skoren av Lars PinnerudFoto: Ukjent/Domkirkeodden
-
Korskille (1728) skoren av Lars PinnerudFoto: Ukjent/Domkirkeodden
-
Fundament etter krosskyrkja på kyrkjegarden.Foto: Jan-Tore Egge
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Sjå Enemo (1995), s. 51ff, om inventaret.
- ↑ Bilde av brannen
- ↑ Hego.no Arkivert 10. desember 2004 på Wayback Machine..
- Bibliografi
- Egil Enemo (1995). «Veldre kirke». I Egil Enemo og Trond Røhnebæk. Kirker i Ringsaker. Brøttum, Furnes, Nes, Ringsaker og Veldre historielag. s. 49-54. ISBN 82-991756-8-2. [Omhandler korskirken som brant i 1996]
- Reinert Svendsen (1926). Veldre kirke 29. september 1726–29. september 1926: En historisk oversikt.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Veldre kirke» frå Wikipedia på bokmål, den 13. desember 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Veldre kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Brumunddal/Veldre kyrkjelyd Arkivert 2013-11-04 ved Wayback Machine.
- Kirkekonsulenten om kyrkjerommet
- Veldre kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til RiksantikvarenDenne kyrkjeartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.