Vaniljeslekta
Vaniljeslekta | |
Vanilla imperialis | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av vaniljeslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
Familie: | Orkidéfamilien Orchidaceae |
Underfamilie: | Vanilloideae |
Stamme: | Vanilleae |
Slekt: | Vaniljeslekta Vanilla Mill. |
Vaniljeslekta (Vanilla) er ei slekt i orkidéfamilien. Ho omfattar rundt 110 artar. Vaniljeslekta er særleg kjend for vaniljeplanten Vanilla planifolia, den viktigaste planten som blir brukt til å produsera vanilje.
Slekta blei taksonomisk fastsett av Plumier i 1754 etter arbeid av J. Miller. Namnet Vanilla er avleidd frå det spanske diminutivet for vaina ('belg, skjede'), som dermed tyder 'liten belg'. Vanilje blir utvunne frå belgane til vaniljeplantar.
Plantane i slekta veks i tropiske og subtropiske område i Amerika, Asia, Ny-Guinea og i Vest-Afrika.[1] Det er funne fem artar i USA, alle i sørlege Florida.[2]
Vaniljeplantane er klatreplantar som typisk slynger seg rundt tynne trestammar. Dei klatrar med enkeltstenglar som kan bli over 35 cm lange. Bladstillinga er alternerande. Blada er korte og elliptiske med mørkegrøn farge. Dei er tjukke og lêraktige, og kan vera kjøtfulle hjå nokre artar. Andre har reduserte blad; nokre kan vera heilt bladlause og driva fotosyntese gjennom stengelen.
Kortliva blomestandar veks i klasar som kan ha opptil 100 blomar kvar. Blomane er ofte velduftande. Dei opnar seg når dei er utvaksne. Blomane opnar seg om morgonen og lukker seg for alltid seint om ettermiddagen same dag. Blomane er sjølvpollinerande, men treng pollinatorar for at dette skal finna stad. Ein reknar med at ulike bier (som Mellipona) og visse kolibriar utfører pollineringa, men dyrka vaniljeplantar blir gjerne pollinerte for hand.[3] Blomar som ikkje er blitt pollinerte fell av planten. Frukta minner om belgen til belgfrukter, sjølv om vaniljeplantane ikkje er nært i slekt med desse. Hjå vaniljeplanten mognar ho gradvis i løpet av 8-9 månader, blir svart på farge og sender ut ei sterk duft. Kvar belg inneheld tusentals frø. Både frø og belg blir brukt til å gje vaniljesmak.
Artar
[endre | endre wikiteksten]Taksonomien til vaniljeslekta er kompleks.[4] Under er nokre kjende artar lista opp:
- Vanilla albida frå Taiwan og Indokina
- Vanilla andamanica frå Andamanøyane
- Vanilla aphylla Blume – engelsk Leafless Vanilla, frå Assam til Java
- Vanilla atropogon frå Vietnam
- Vanilla bahiana frå Bahia i Brasil
- Vanilla barbellata – engelsk Small Bearded Vanilla, Wormvine Orchid, Snake orchid, Leafless vanilla, frå Sør-Florida og Karibia
- Vanilla chamissonis Klotzsch – engelsk Chamisso's Vanilla, frå Fransk Guiana til Nordaust-Argentina
- Vanilla claviculata – engelsk Green Withe, frå Karibia
- Vanilla dilloniana – engelsk Dillon's Vanilla, Leafless vanilla, frå Sør-Florida og Karibia
- Vanilla edwallii – engelsk Edwall's Vanilla, frå Brasil til Argentina
- Vanilla humblotii frå Komorane
- Vanilla imperialis frå tropisk Vest-Afrika til Tanzania og Angola
- Vanilla mexicana Mill. – engelsk Mexican Vanilla, frå Sør-Florida, Mexico til tropisk Sør-Amerika
- Vanilla odorata C.Presl – engelsk Inflated Vanilla, frå Sør-Mexico til tropisk Sør-Amerika
- Vanilla phaeantha – engelsk Leafy Vanilla, frå Sør-Florida, Mexico til Sentral-Amerika
- Vanilla pilifera Holttum, frå Assam til Borneo
- Vanilla planifolia Andrews – vaniljeplanteø engelsk Flat-leaved Vanilla, Tahitian Vanilla, West Indian vanilla, frå Sør-Florida til Karibia, Mexico til Paraguay, dyrka mange stader)
- Vanilla poitaei – engelsk Poiteau's Vanillam frå Karibia
- Vanilla pompona Schiede – engelsk Pompona Vanilla, Guadeloupe Vanilla, West Indian vanilla, frå Karibia
- Vanilla raabii frå Filippinane
- Vanilla roscheri frå Ethiopia til KwaZulu-Natal
- Vanilla siamensis – engelsk Thai Vanilla[5] frå Yunnan til Thailand
- Vanilla vellozii, frå Brasil
- Vanilla walkeriae frå Sør-India og Sri Lanka
- Vanilla wariensis frå Ny-Guinea
Blomedøme
[endre | endre wikiteksten]-
Vanilla chamissonis
-
Vanilla planifolia
-
Vanilla pompona
-
Vanilla raabii
-
Vanilla walkeriae
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «World Checklist of Selected Plant Families: Royal Botanic Gardens, Kew». kew.org.
- ↑ «Vanilla in Flora of North America @ efloras.org». efloras.org.
- ↑ Mauseth, James (2016). Botany: An Introduction To Plant Biology, 6th edition. Jones & Bartlett Learning. s. 656. ISBN 1284123588.
- ↑ Bory, Séverine; Michel Grisoni; Marie-France Duval; Pascale Besse (July 21, 2007). «Biodiversity and preservation of vanilla: present state of knowledge». Genetic Resources and Crop Evolution (Springer Netherlands) 55 (4): 551–571. ISSN 1573-5109. doi:10.1007/s10722-007-9260-3.[daud lenkje]
- ↑ «GRIN Species Records of Vanilla». Germplasm Resources Information Network. United States Department of Agriculture. Henta 2. mars 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Vanilla (genus)» frå Wikipedia på engelsk, den 9. april 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Vaniljeslekten» frå Wikipedia på bokmål, den 9. april 2017.