Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Val di Susa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Val di Susa

Val di Susa (fransk Val de Suse) er ein dal i regionen Piemonte i Italia mellom Dei graiiske Alpane i nord og Dei cottiske Alpane i sør. Han strekkjer seg om lag 50 km frå grensa til Frankrike og austover til utkanten av Torino. Dalen er kalla opp etter byen Susa, som ligg her. Elva Dora Riparia, ei sideelv til Po, renn gjennom dalen.

Motorvegen frå Torino førrer til Chambéry gjennom dalen og over Col du Mont Cenis eller via Fréjustunnellen og til Briançon over Col du Mont-Genèvre.