Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

United Airlines

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
United Airlines

BransjeLufttransport
Skipa6. april 1926
Forgjengar(ar)Varney Air Lines
HovudkontorWillis Tower, Chicago
LandUSA
TenesterUnited Airlines fleet, Boeing 737-700, Boeing 737-800, Boeing 737-900, Boeing 737-900ER, Boeing 767-300ER, Boeing 767-400ER
Adm.dir.Edward Carlson (1971)
Marknadsverdi22 900 000 000 USA-dollar (24. januar 2019)[1]
Nettstadhttps://www.united.com
United Airlines Boeing 777

United Airlines er eit amerikansk flyselskap med IATA-koden UA og ICAO-koden UAL. Det er verdas største om ein tel talet på destinasjonar.[2] Hovudkontoret er i Willis Tower (tidlegare Sears Tower) i Chicago i Illinois.[3] Selskapet har rundt 88 500 tilsette og opererer over 715 fly. United Airlines var ein av grunnleggjarane av Star Alliance, den første og største flyselskapalliansen i verda.

Hovudflyplassane selskapet bruker er O'Hare, Washington Dulles, Denver, San Francisco og Los Angeles internasjonale lufthamn. Hovudkonkurrentane til selskapet er American Airlines, Delta Air Lines og Southwest Airlines.

To fly frå United Airlines vart kapra og brukt under terroråtaka 11. september 2001. UA var tidlegare eit dotterselskap av Boeing.

  1. https://finance.yahoo.com/quote/UAL/; vitjingsdato: 24. januar 2019.
  2. «Star Alliance Facts and Figures» (PDF). Star Alliance. 31. mars 2014. Henta 4. april 2014. 
  3. «The Willis Tower: 233 South Wacker Drive, Chicago, Illinois, 60606». Chicago Architecture Info. Arkivert frå originalen 4. juli 2014. Henta 3. april 2015. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: United Airlines
Spire Denne transportartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.