Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Turgut Özal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Turgut Özal

Fødd13. oktober 1927
Malatya
Død17. april 1993 (65 år)
Statsborgar avTyrkia
Yrkepolitikar, ingeniør
Utdanna vedIstanbul Tekniske Universitet
EktefelleSemra Özal
BarnAhmet Özal
VervTyrkisk statsminster 19831989
FøregangarBülend Ulusu
EtterfylgjarYıldırım Akbulut
VervTyrkisk president 19891993
FøregangarKenan Evren
EtterfylgjarSüleyman Demirel
Alle verv
  • Tyrkias statsminister (1983–1987)
  • Tyrkias president (1989–1993)
  • Tyrkias visestatsminister (1980–1982)
  • medlem av Tyrkias store nasjonalforsamling
  • Tyrkias statsminister (1987–1989) Sjå dette på Wikidata

Turgut Özal (13. oktober 192717. april 1993) var ein tyrkisk liberal politisk leiar, statsminister og den åttande presidenten av Tyrkia. Då partiet hans, Moderlandspartiet (ANAP) vann parlamentsvalet i 1983 vart han den tredje demokratisk valde leiaren i tyrkisk historie etter Adnan Menderes og Süleyman Demirel. Som statsminister og frå 1989 president omforma han den tyrkiske økonomien ved å privatisere mange statlege føretak. Dette betra forholda til den vestlege verda, særleg til USA. I 1991 tok han personleg initiativ til Tyrkia sin medverknad i koalisjonen mot Irak under Golfkrigen.