Tumen
Tumen | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | grensa mellom Kina og Nord-Korea, grensa mellom Nord-Korea og Russland | ||
Nedslagsfelt | 41 200 km² | ||
Lengd | 521 km | ||
Kjelde | Baekdu | ||
Munning | Japanhavet | ||
Tumen 41°58′10″N 128°10′56″E / 41.969444444444°N 128.18222222222°E | |||
Plasseringa til Tumen
| |||
Wikimedia Commons: Tumen River |
Tumen eller Tuman (russisk Туманная, Tumannaja) er ei 521 km lang elv som renn langs delar av grensa mellom Kina, Nord-Korea og Russland. Ho spring ut frå fjellet Baekdu og munnar ut i Japanhavet
Elvar ligg nordaust i Asia. Den øvre delen av elva renn langs grensa mellom Kina og Nord-Korea, medan den 17 km av ho renn mellom Nord-Korea og Russland dei siste 17 kilometrane før ho munnar ut i Japanhavet. Elva dannar mykje av den sørlege grensa av provinsen Jilin i Mandsjuria og den nordlege grensa av provinsane Nord-Hamgyong og Yanggang i Nord-Korea. Baekdu på grensa mellom Kina og Nord-Korea er kjelda til elva[1], i tillegg til elva Yalu.
Namnet på elva kjem frå det mongolske ordet tümen, som tyder «ti tusen». Elva er kraftig forureina av nærliggande fabrikkar i Nord-Korea og Kina, men er likevel ein stor turistattraksjon i området. I Tumen i Jilin ligg det restaurantar langs elva med utsyn til Nord-Korea på andre sida.[1] Det russiske namnet på elva er Tumannaja som tyder «tåkete».
Viktige byar langs elvar er Hoeryong, Namyang og Onsong i Nord-Korea, Tumen og Nanping i Kina.
Flyktningar
[endre | endre wikiteksten]Tumen har i mange år vorte nytta av flyktningar frå Nord-Korea til Kina. Dei fleste flyktningane under sveltekatastrofen på 1990-talet i Nord-Korea kryssa Tumen.
Sjølv om Tumen er tungt overvaka av armerte patruljar vert ho føretrekt føre Yalu, som er djupare og mykje breiare.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tumen River» frå Wikipedia på engelsk, den 31. oktober 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: