Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Ternopil oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ternopil oblast
Тернопільська область
oblast
Frå Sjybalyn
Flagg
Symbol
Kallenamn: Тернопільщина (Ternopilsjtsjyna)
Land  Ukraina
By Ternopil, Tsjortkiv, Kremenets
Rajon 17
Byrajon 1
Byar 31
Landsbyar 1019
Hovudstad Ternopil
Areal 13 823 km²
Folketal 1 021 713 (1. januar 2022)[1]
ISO 3166-2 kode UA-61
Retningsnummer +380-35
Kart
Ternopil oblast
49°33′21″N 25°35′33″E / 49.555833333333°N 25.5925°E / 49.555833333333; 25.5925
Kart som viser Ternopil oblast.
Kart som viser Ternopil oblast.
Kart som viser Ternopil oblast.
Wikimedia Commons: Ternopil Oblast

Ternopil oblast (ukrainsk Тернопільська область Ternopilska oblast ) er ein provins (oblast) i det vestlege Ukraina. Oblastet ligg i det historiske landskapet Galizia. Regionen har 1 021 713 innbyggjarar og eit areal på 13 823 km².

Administrasjonssentrum i oblastet er Ternopil. Andre viktige byar er Tsjortkiv, Kremenets og Berezjany.

Området var frå gammalt av polsk, før det vart ein del av Austerrike-Ungarn i samband med delingane av Polen. I mellomkrigstida var området igjen polsk, med status som eige voivodskap, før det i samband med andre verdskrigen vart innlemma i Ukrainske SSR.

Flesteparten av innbyggjarane i regionen er katolikkar (austlege), men det er òg mange protestantiske og ortodokse minoriteter. Etnisk sett er dei fleste innbyggjarane ukrainarar, men det er òg ein stor russisk minoritet.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ternopil oblast