Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Tema:Europa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

TEMASIDA OM EUROPA

endre   Om Europa


{{{2}}}

Europa er ein av sju tradisjonelle verdsdelarjorda. Fysisk og geologisk er Europa den vestlegaste halvøya av Eurasia, vest for Asia. Europa grenser i nord til Nordishavet, i vest til Atlanterhavet, i sør til Middelhavet, i søraust til Kaukasus og Svartehavet og vassvegane som går mellom Svartehavet og Middelhavet. I aust er Europa generelt skild frå Asia ved vasskiljet i Uralfjella, Uralelva og Kaspiahavet. Omgrepet verdsdel eller kontinent kan vise til ei kulturell og politisk inndeling eller ei fysiskgeografisk, og dette kan gje forskjellige syn på dei nøyaktige grensene til Europa, areal og folketal.

Europa er den nest minste verdsdelen i verda ut frå areal og dekkjer om lag 10 180 000 km² eller 2,0% av jordoverflata. Berre Australia er mindre. Europa er den tredje folkerikaste verdsdelen etter Asia og Afrika med om lag 710 millionar innbyggjarar eller 11% av folkesetnaden på jorda. Av Europa sine 48 land er Russland det største ut frå areal og folketal, medan Vatikanstaten er det minst. Europa er fødestad for Den europeiske unionen, eit politisk, økonomisk og sosialt samarbeid som har arbeida for å fremja europeisk integrasjon sidan 1950-åra.




endre   Utvald artikkel


{{{2}}}

Klimaet i Europa er roleg samanlikna med andre landmassar på same breiddegrader. Området vert sjeldan råka av alvorlege uvêr eller ekstreme vêrsituasjonar. I Nord-Amerika har ein tornadoar, orkanar og snøstormar, medan land som Kina kan få både ekstrem varme og brutal kulde. I Europa kan eit temperaturfall på 10 grader frå ein dag til den neste vere ein signifikant vêrendring, medan dette ikkje er uvanleg i USA.




endre   Kategoriar



endre   Gode artiklar om Europa



endre   Visste du at...


  • ...det er ikkje alle som reknar Europa som eit kontinent, av di det ikkje er omgjeve av hav og av di grensene er meir kulturelt enn geografisk definert?
  • ...geologien i Europa er så komplisert at den gjev opphav til svært varierte landskap?
  • ...Elbrus, med sine 5 642 meter, blir rekna som det høgaste fjellet i Europa?



endre   Utvald bilete...


Vindmølle i Sønderho i Fanø, Danmark. Bygd i nederlandsk stil året 1895.



endre   Land i Europa


Albania • Andorra • Armenia2 • Austerrike • Aserbajdsjan1 • Belarus • Belgia • Bosnia og Herzegovina • Bulgaria • Kroatia • Kypros2 • Tsjekkia • Danmark3 • Estland • Finland • Frankrike1 • Georgia1 • Tyskland • Hellas  • Ungarn • Island • Irland • Italia1 • Kasakhstan1 • Kosovo5 • Latvia • Liechtenstein • Litauen • Luxemburg • Makedonia4 • Malta • Moldova • Monaco • Montenegro • Nederland3 • Noreg3 • Polen • Portugal3 • Romania • Russland1 • San Marino • Serbia • Slovakia • Slovenia • Spania1 • Sverige • Sveits • Tyrkia1 • Ukraina • Storbritannia3 • Vatikanstaten

1 Delar av området ligg utanfor Europa. 

2 Ligg i Vest-Asia, men vert rekna inn under Europa på grunn av kulturelle, politiske og historiske årsaker.  3 Har biland eller liknande territorium utanfor Europa. 4 Namnekrangel med Hellas.

5 Erklærte sjølvstende frå Serbia 17. februar 2008 og er anerkjend av 44 land, inkludert Taiwan.




endre   På Wikimedia


Europa på  Wikinytt  Europa på  Wikifrasar  Europa på  Wikibøker  Europa på  Wikisource  Europa på  Wiktionary  Europa på  Wikiversity  Europa på Wikimedia Commons
Frie nyhende Frie sitat Frie bøker og manualar Frie kjeldetekstar Ordbok og synonymordbok Frie læremiddel Felles medialager



endre   Hovudtema på Nynorsk Wikipedia