Tortolì
Tortolì | |||
by | |||
Arbatax i Tortolì
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Sardinia | ||
Provins | Nuoro | ||
Areal | 40,29 km² | ||
Folketal | 10 953 (1. januar 2023) | ||
Postnummer | 8048 | ||
Retningsnummer | 0782 | ||
Tortolì 39°56′00″N 9°39′00″E / 39.933333333333°N 9.65°E | |||
Wikimedia Commons: Tortolì |
Tortolì (sardisk Tortuelie, latin Portus Ilii) er ein by i Italia som ligg i provinsen Nuoro på Sardinia. Han har om lag 10 000 innbyggjarar.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Tortolì ligg på austkysten av Sardinia. Hamna og den største tettstaden i kommunen er Arbatax, som òg har flysamband til det italienske fastlandet og resten av Europa. I nord ligg Girasole og Lotzorai, i vest Villagrande Strisaili og Ilbono, og i sør Barisardo. Aust for byen ligg Middelhavet.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Tortolì vart erobra av kartagarane, romarane, vandalane, omajadane og spanjolane. Han var ein del av giudicato av Cagliari på 1100-talet.
Byen var hovudby i grevskapet Quirra.
I 1807 vart Tortolì sete i ein provins med 27 landsbyar, men i 1921 mista han denne statusen til Lanusei. I 1859 vart han innlemma i provinsen Cagliari og i 1926 vart han ein del av provinsen Nuoro. Tortolì var provinshovudstad i Ogliastra, i lag med Lanusei, fram til provinsen vart avskaffa i 2016.
I 1943, under den andre verdskrigen, vart hamna i Arbatax bombardert og 13 menneske mista livet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tortolì» frå Wikipedia på engelsk, den 5. januar 2008.